Forskarar støttar skulestreik for klimaet

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Torsdag denne veka samla tusenvis av nederlandske elevar seg til skulestreik for klimaet, melder NL Times.

Ifølgje nederlandsk politi var det mellom fire- og fem tusen unge demonstrantar i gatene i Haag. Ifølgje Youth For Climate, som er organisasjonen bak aksjonen, kan det ha vore kring 8000 deltakarar.

Svenske Greta Thunberg, som starta å streike for klimaet før jul i fjor, delte vidare ei Twitter-melding som viser streikarar i Haag. Les meir om 15-åringen sin klimakamp her!

Ifølgje denne kjelda kan så mange som 30 000 nederlandske elevar ha skulka skulen for klimaet.

For å hindra skulking har Nederland ei ordning der eit slags «skulkepoliti» vert sendt heim til elevar som ikkje møter opp på skulen. Ifølgje avisa er det opp til skulane sjølv om dei sender «streikepoliti» heim til elevane i dette tilfellet. Sidan dei berre er pliktige til å melde frå om eleven er borte 16 timar eller meir i løpet av fire veker kan enkeltskular velje å sjå mellom fingrane på fråveret.

Leiar i Elevorganisasjonen, Agathe Waage er tydeleg på at: – Elevar bør ha streikerett for å samle seg om saker som er viktig for dei.

 Les også: Bono, Ambjørnsen og titusenvis av skuleelevar hyllar Greta Thunberg

Forskarar støttar ungdommen

Torsdag morgon fekk elevane støtte av 350 forskarar og akademikarar. I eit ope brev publisert i den nederlandske dagsavisa Trouw uttrykkjer dei støtte til aksjonen.

Forskarane viser til den siste rapporten frå FNs klimapanel IPCC, som åtvarar om at temperaturen vil stige med 1,5 grader mellom 2030 og 2052 om ikkje CO2-utsleppa går ned.

Dei nederlandske akademikarane etterlyser no i likheit med elevane politisk leiarskap.

– Me har ikkje råd til å vente lenger med å gjere dei naudsynte tiltaka. Om politisk leiarskap går hand i hand med effektive tiltak og åtferdsendring kan me løysa problemet i tide. Elles vil gruppa med unge som protesterer for deira eiga framtid denne veka bli offera, heiter det i brevet som er delvis referert i NL Times.

Belgisk minister måtte gå

I nabolandet Belgia har skuleelevar den siste månaden streika ein dag i veka, noko dei planlegg å gjera heilt fram til EU-valget i mai. Førre veke signerte over 3000 belgiske forskarar eit ope brev til støtte for streikarane.

Men ikkje alle har vore like positive til skulestreikane. Denne veka vart det kjent at den flamske ministeren Joke Schauvliege trakk seg frå stillinga si som følgje av konspiratoriske utsegner om rørsla.

Ministeren møtte kritikk for å ha uttala til ei gruppe bønder at ho «visste kven som stod bak rørsla».

– Eg kan garantera at eg ikkje ser spøkjelser på høglys dag og at klimademonstrasjonane er meir enn spontane aksjonar i solidaritet med klimaet, skal Schauvliege ha sagt.

Ho viste til informasjon frå statlege sikkerheitskjelder, som har vore ute og tilbakevist dette.

Les innlegget: Kan vi håpe på eit ungdomsopprør?

Fleire streikar framover

Skulestreik for klimaet skal no ha spreidd seg til over 270 byar i land over heile verda, mellom anna Australia, Sverige, Tyskland og USA.

Fredag 15. februar planlegg britiske elevar den første landsdekkjande YouthStrike4Climate, som dei planlegg å gjenta månaden etterpå.

Her heime varslar Natur og Ungdom storstreik forklimaet 22. mars. Les intervju med nokre av dei som planlegg å streika her!

Regina Miradatter Transeth og Gunnar Thorsen blir intervjua av NRK. Foto: Privat