Kan vi håpe på eit ungdomsopprør?

Ny kunnskap om kva som skjer med kloden er dramatisk. Forhandlarane i Katowice bør vere like redde og sinte som skuleelevane i Australia.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Energi og Klima. 

Dei siste to åra har eg og forfattar Sigbjørn Mostue besøkt 70 norske skular og snakka med nesten 15 000 elevar i regi av den kulturelle skulesekken. Vi prøver etter beste evne å formidle kva som skjer med natur og klima og kva vi kan gjere for å redde kloden.

Utgangspunktet er den beste kunnskapen vi kan hente frå dei nyaste forskingsrapportane på området. Dei siste månadane har bodskapet vårt vorte dystrare.

  • Klimapanelet sin 1,5°C-rapport seier at vi kan spare halvparten av korallreva om vi klarer å begrense oppvarminga til 1,5 grader, men at alle vil døy om vi passerer to.
  • WWF rapporterer at den sjette masseutryddinga er godt i gang og at bestanden av ville dyr er redusert med 60 prosent sidan 1970.
  • FN sitt miljøprogram seier landa må tredoble ambisjonsnivået om vi skal stogge den globale oppvarminga på to grader, men femdoble det om vi skal redde halvparten av korallreva.

Sjølv kjenner eg ingen ekspertar som oppriktig trur vi i praksis kan stogge oppvarminga på 1,5 grader. Dette er kunnskap elevane ikkje har og dei vert både redde og sinte når dei får høyre om det. Vi seier at eit ungdomsopprør nok må til skal vi unngå dei verste konsekvensane av behandlinga vi for tida utset kloden for.

Dei siste månadane har bodskapet vårt vorte dystrare

Og det var kanskje byrjinga på dette vi såg sist fredag i Australia. Tusenvis av skuleelevar streika over heile landet i aksjonen «School strike 4 Climate Action», inspirert av den 15 år gamle svenske eleven Greta Thunberg.

Her er nokre av kommentarane frå elevar omsette frå engelsk frå oppslag i The Guardian:

Jean Hinchliffe (14), Sydney: «Dette er vår første streik – vår første handling. Og det er berre byrjinga. Vi vil halde fram til noko er gjort.»

Lucie Atkin-Bolton (11), Forest Lodge: «Når barna rotar, ber vaksne oss å rydde opp, og det er rettferdig. Men når våre leiarar rotar, overlèt dei til oss å rydde opp.»

Statsministeren i Australia var på bana og ba elevane vere i klasserommet i staden for å protestere mot saker som kan behandlast utanfor skulen. Reponsen frå Manjot Kaur (17) frå Ravenswood var som følgjer: «Viss Scott Morrison vil at barn skal slutte å opptre som eit parlament, så burde kanskje parlamentet slutte å handle som barn.»

Ungdomen forstår alvoret når dei får kunnskap om kva som skjer. Forhandlarane i Katowice burde vere like redde og sinte som elevane i Australia. Dei har både meir kunnskap og meir ansvar.

Teksten er omsett til nynorsk av Framtida.no.

– Det er vår framtid. Vi må leve med fleire skogsbrannar, flaumar og tørke, og det er som vi ikkje har noko vi skulle sagt, sa australske Milou Albrecht i førekant av skulestreiken. 

Skjermdump frå kampanjevideoen til School Strike 4 Climate Action.