Elevorganisasjonen: – Elevar bør ha streikerett
Natur og Ungdom oppmodar til skulestreik for klimaet. Elevorganisasjonen meiner det burde vere gyldig fråvær.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Problemet i dag er at elevar ikkje har streikerett. Elevar bør ha streikerett for å samle seg om saker som er viktig for dei, seier leiar i Elevorganisasjonen, Agathe Waage på telefon til Framtida.no.

Skjermdump av Facebook-sida til streiken som vert arrangert fredag 7. september klokka 12.00.
Natur og Ungdom-leiar Gaute Eiterjord er kritisk til konsekvensane fråværsgrensa kan ha for engasjerte ungdommar.
– Då eg gjekk på skulen hadde eg ganske mykje politisk fråvær. Av og til lærer du mykje meir utfor skulen enn i skulen, særleg i samband med politisk arbeid.
Politisk fråvær
Fråværsgrensa vart innført hausten 2016 og inneber at om ein elev i den vidaregåande skulen har meir enn ti prosent udokumentert fråvær i eitt fag, risikerer eleven å ikkje få karakter i faget.
Organisasjonsarbeid er gyldig fråvær fordi det er politisk arbeid. Streik vert per i dag ikkje rekna under dette.
Waage forklarar at dei generelt sett er positive til at ein oppmodar unge og elevar til å engasjere seg, men at dei ikkje har nokre meiningar om den aktuelle NU-streiken.
Elevorganisasjonen har sjølv oppmoda elevar til streik mot fråværsgrensa.
Les også: Står fast på motstanden mot fråværsgrensa
Krevjande engasjement
Leiaren i Elevorganisasjonen meiner det definitivt har vorte meir krevjande å engasjere seg som følgje av den nye fråværsgrensa.
– Dokumentasjonskrava er strengare og det er mykje som ikkje reknast som gyldig fråvær, som me meiner er gode grunnar, seier Waage og viser til mellom anna streik og demonstrasjonar.
– Kor realistisk er det at elevar får streikerett?
– Det er vanskeleg å få til i praksis, sidan elevar ikkje er tilsette. Det høyres kanskje veldig radikalt ut med streikerett, men ein burde opne for at streik er gyldig politisk fråvær. Samfunnet har alt å tene på ungdommar som er engasjerte.