Varslar storstreik for klimaet i Noreg

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Greta Thunberg har teke verda med storm ved å streika skulen for å protestera mot tiltakløysa til politikarane i klimapolitikken. Verda over har tusenvis av skuleelevar samla seg – ved å streika skulen i klimaprotest.

LES MEIR: Greta (15) under klimatoppmøtet: – Forandringa kjem, anten de likar det eller ikkje

Leiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord, vonar norske skuleelevar risikerer fråvær for å streika i solidaritet med svenske Greta Thunberg. Foto: Amanda Iversen Orlich, Natur og Ungdom

Leiar i Natur og Ungdom, Gaute Eiterjord, håpar norske skuleelevar risikerer fråvær for å streika i solidaritet med svenske Greta Thunberg. Foto: Amanda Iversen Orlich, Natur og Ungdom

No varslar Natur og Ungdom streik for klimaet fredag 22. mars. Det vil vera lokale demonstrasjonar utanfor lokale rådhus i heile landet. I Oslo vil det skje på Eidsvolls plass.

– Det er vi unge som må ta rekninga for tiltakløysa til politikarane i klimapolitikken. Men i staden for å kutta i utslepp, deler regjeringa ut nye oljefelt i Arktis, og planlegg nye flyplassar og rullebanar. Det er ikkje noko vits i å studera for ei framtid der miljøet er øydelagt, difor vil me mobilisera unge til å droppa skulen for å protestera og få politikarane til å ta ansvar, seier Gaute Eiterjord, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Både barn og ungdom

Det er eit breitt aldersspenn blant borna og ungdomen som arrangerer den landsdekkande streiken.

Even Jacobsen (13) vil streika skulen for klimaet. Foto: NU

Even Jacobsen (13) og Tina Razafimandimby Våje (15) er klare for å streika skulen.

– Eg streikar for å visa at eg bryr meg om framtida vår. Me er nøydde til å gjera noko, og vi er nøydde til å gjera det no, seier Even Jacobsen (13).

– Den norske oljepolitikken øydelegg livsgrunnlaget til framtidige generasjonar. Når skal politikarane ta framtida vår på alvor, spør Tina Razafimandimby Våja (15) i ei pressemelding frå Natur og Ungdom.

Redde for at jorda vil bli øydelagt

– Vi er den neste generasjonen og vi må gjere noko for å redde miljøet, seier Lea Regina Miradatter Transeth (12) til NRK.

Saman med veslebroren Gunnar Thorsen ønskjer ho å få med seg klassen frå Steinerskulen i Kristiansand for å streika 1. mars.

Søskenparet håpar at elevar frå andre skular også vil streika denne dagen.

– Me må passa betre på jorda vår. Viss ikkje kan ho bli heilt øydelagt, seier Gunnar.

Målet deira er at politikarane skal bestemme seg for å kutta 90 prosent av CO2-utsleppa innan år 2050.

Undervisning om klima

Lea Regina Miradatter Transeth og Gunnar Thorsen har planlagt at elevar som streikar skal få undervisning om klima og miljø på Grønt Senter i sentrum av Kristiansand.

– Det er ikkje slik at elevane får fri sjølv om dei streikar, seier mor deira. Mira Thorsen er både mor og politikar i Miljøpartiet De Grønne. Ho hjelper barna med å arrangera streiken.

NRK har snakka med oppvekstdirektør Svein Ove Ueland i Kristiansand kommune. Han meiner at barn og unge ikkje skal streika.

– Barn og unge skal vera på skulen i skuletida. Me kan ikkje akseptera at elevar blir borte frå undervisninga, same kva føremål dei vil streika for, seier han.

Planen er å arrangera skulestreik for klimaet ein fredag i månaden fram til september. Då skal det vera ein stor demonstrasjon i Oslo som har fått namnet «Klimabrølet».

Frå ein elevstreik i Berlin før jul. Foto: Leonhard Lenz, CC-lisens