Australia: Storstreik for klimaet

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

15 år gamle Greta Thunberg skapte overskrifter verda over då ho streika frå skulen i førekant av det svenske valet. Kvar fredag stod pulten i klasserommet tom, medan ho sat framfor den svenske Riksdagen med ein plakat som sa «Skulestreik for klimaet», og ei inderleg oppmoding til regjeringa i heimlandet: Høyr på meg!

Den svenske jenta streikar framleis. I eit lesarbrev i The Guardian skriv 15 åringen at ho kjem til å streike heilt til Sverige er i samsvar med Parisavtala.

Hennar engasjement har den siste månaden spreidd seg heilt til andre sida av kloden.

Les også: Natur og Ungdom oppmodar til skulestreik for klimaet

Australsk storstreik

Dei komande dagane er det planlagt ein storstreik i australske skular. Elevar frå alle dei store byane i landet, samt i 20 regionar skal delta i School Strike 4 Climate Action.

The Guardian skriv om dei tre elevane som starta rørsla, dei to 14-åringane Milou Albrect og Harriet O’Shea Carre, og 11 år gamle Callum Bridgefoot. Inspirerte av Greta Thunberg, starta dei å streike i byrjinga av månaden utanfor kontoret til lokalpolitikarane sine. Ballen byrja fort å rulle. Tre vart til 50 og plutseleg var elevar i heile Australia involvert.

– Det er vår framtid. Vi må leve med fleire skogsbrannar, flaumar og tørke, og det er som vi ikkje har noko vi skulle sagt, seier Milou Albrecht i ein informasjonsvideo om streiken.

Harriet O’Shea Carre seier at endå alle kan gjere ein forskjell, så må særleg politikarane handle. Det er det elevane no krev.

Sjå kampanjevideoen her: 

#makecoalhistory

Ein av dei utløysande faktorane for skulestreiken er den planlagde gruva til det indisk-eigde selskapet Adani Mining. Om gruva i Queensland vert etablert, så vil det verte den største kolgruva i Australia, og ei av dei største i verda.

Om kolet frå den planlagde gruva vert brent opp, så vil det produsere 120 millionar tonn CO2 årleg. Det er meir enn det årlege utsleppet frå den fossile forbrenninga til 100 land.

Det vil ikkje dei australske elevane ha noko av.

Dei stiller difor tre krav i skulestreiken sin:

  1. Stopp Adani-kolgruva
  2. Ikkje meir kol eller gass
  3. 100 prosent fornybar energi innan 2030

Førebels har statsministeren i landet, Scott Morrison, avvist krava.

– Vi er forplikta til alle desse tinga, men eg skal fortelje dykk kva vi også har forplikta oss til: at barn skal gå på skule, sa Morrison i ein spørjetime i nasjonalforsamlinga, ifølgje The Guardian.

Sjå The Guardian vurdere fakta vs. fiksjon i debatten rundt Adani-gruva. 

Kvifor førebu seg på ei framtid ein ikkje har?

Slik kritikk har den rutinerte skulestreikaren Greta Thunberg møtt før, og den svarar ho på også i lesarbrevet sitt.

«Nokre seier eg burde vere på skulen. Men kvifor skal nokon unge verte tvinga til å studere for ei framtid når ingen gjer nok til å redde den framtida? Kva er poenget med å lære fakta når dei viktigaste faktaa gjevne av dei fremste vitskapsmenn vert ignorerte av våre politikarar?»

15-åringen stiller seg bak dei australske elevane sin streik og deira krav. Thunberg skriv at for ho sjølv, som har Aspergerssyndrom, så er dei fleste tinga svart-kvitt, og ho er forundra over korleis makthavarane i verda har gjort dette så komplisert.

«Vi kan ikkje lenger redde verda ved å følgje spelereglane, for reglane må endrast.»

Les også: Elevorganisasjonen: – Elevar bør ha streikerett