SV foreslår «ein tredje veg» i betent karakterstrid for lærarar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

SV har saman med Sp og Ap lenge kjempa mot mattekravet på lærarutdanningane, som regjeringa innførte hausten 2016. No foreslår partiet ei mellomløysing:

Mona Lill Fagerås, Sosialistisk Venstrepart. Foto: Stortinget.

Å halde på kravet til regjeringa om minst 4 i karakter i matematikk, men i tillegg la søkarar med eit karaktersnitt på minst 4 komme inn, sjølv om dei berre skulle ha karakteren 3 i matte. I dag må søkarane ha 4 i matte og eit snitt på minst 3,5.

– Med dette forslaget har vi flytta oss politisk, og vi hadde håpt på at regjeringspartia skulle vere interesserte i å komme oss i møte, seier SVs utdanningspolitiske talsperson Mona Fagerås til NTB.

Tysdag vart likevel forslaget stemt ned av regjeringspartia i utdanningskomiteen på Stortinget.

– Det er veldig skuffande, særleg sidan forslaget er basert på faglege råd, seier Fagerås.

Les også meiningsinnlegget: – Fjern det urimelege karakterkravet i matematikk!

Kunne gitt 600 fleire lærarstudentar

Forslaget vart først lansert av Universitets- og høgskulerådet under ei høyring på Stortinget før jul.

– Vi er bekymra for lærarmangelen og har vore opptekne av å finne ulike tilnærmingar som kan gi større opptak til lærarutdanningane, men utan å redusere kvaliteten på søkarane, seier Svenning Bjørke, leiar for Universitets- og høgskulerådet for lærarutdanning til NTB.

Bjørke seier forslaget kunne ha gitt nærare 600 fleire kvalifiserte søkarar i fjor.

Utdanningspolitisk talsperson for Høgre på Stortinget Turid Kristensen, seier regjeringspartia stemde ned forslaget fordi dei meiner det vil innebere å gå tilbake på eit viktig kvalitetshevande tiltak for norske lærarar og skulen.

– SV er stort sett mot all kvalitetsheving i skulen, meiner Kristensen.

Les også: Lærarutdanninga kaprar éin av ti søkjarar

Forsking: Mattekarakteren ikkje det viktigaste

Turid Kristensen (H) meiner det er viktig å behalde 4-kravet i matematikk. Foto: Stortinget

Kristensen seier det er viktig å behalde 4-kravet i matematikk, fordi lærarutdanningane lenge har hatt ei utfordring med at mange studentar stryk i matematikk og ikkje gjennomfører studiet.

Ein studie frå Norges handelshøyskole (NHH) frå i fjor viser likevel at mattekarakteren ikkje har noko spesielt å seie for korleis ein gjer det på lærarstudiet samanlikna med karakterbakgrunnen i andre fag.

– Eg hadde forventa at Høgre ville vere villig til å lytte til faglege råd og føre ein ansvarleg og kunnskapsbasert politikk, seier Fagerås.

Turid Kristensen seier ho ikkje kjenner til den spesifikke studien, men seier at Høgre er svært oppteke av å hente inn mykje kunnskap når partiet formar skulepolitikken sin.

Les også meiningsinnlegget frå Rikke Næs: «Eg, som mange andre, reiv meg i håret av rein frustrasjon over at éin karakter stengde vegen.»

Lærarmangel

Karakterforslaget var ein del av ein pakke på 13 forslag frå SV for å få til ei nasjonal satsing for å få fleire lærarar i skulen. Fleirtalet i komiteen stemde ned alle forslaga tysdag. Fagerås seier ho er svært bekymra for lærarmangelen i den norske skulen.

– Delen som underviser i grunnskulen utan godkjent lærarutdanning, har auka med 40 prosent sidan den borgarlege regjeringa overtok i 2013. Elevane blir taparane når regjeringa turar fram med feilslått symbolpolitikk, meiner Fagerås.

Prognosar frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at Noreg kjem til å mangle nærare 3.500 lærarårsverk i 2020.

Kristensen seier at regjeringa også er bekymra for lærarmangelen, men seier han har sett inn ei rekke tiltak for å auke rekrutteringa.

– Men svaret er ikkje å senke kvaliteten, slik SV alltid tek til orde for. Innføringa av ein femårig master og auka karakterkrav er nettopp tiltak som gjer at lærarutdanninga tiltrekker seg fleire viktige søkarar, seier ho.

Les også: 1.200 lærarårsverk manglar ved skulestart

Kva synest du om karakterkravet i matte?

Kva synest du om karakterkravet i matte?

For strengt. 14
Dagens ordning er god.3
Ikkje strengt nok. 4
Vi treng ei ny ordning.15
Veit ikkje. 5
4'ar ≠ god lærar.12
Svar totalt: 53