1.200 lærarårsverk manglar ved skulestart

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når elevane i grunnskulen i desse dagar tar fatt på eit nytt år med læring, trer også den nye lærarnorma i kraft. Den seier det ikkje skal vere meir enn 16 elevar per lærar i første til fjerde klasse og ikkje meir enn 21 elevar per lærar på dei neste seks klassetrinna.

Men det er framleis eit stykke igjen til det målet er nådd, viser tal VG har fått frå Utdanningsdirektoratet. På landsbasis manglar det rundt 1.200 lærarar for å klare kravet.

Kommunane får 700 millionar kroner over statsbudsjettet denne hausten for å dekkje inn lærarmangelen. Fram til 2020 får det ingen konsekvensar for skular som ikkje oppfyller norma, så lenge stillingane blir lyst ut kvart år og det ikkje er kvalifiserte søkjarar.

Totalt må 130 av dei 426 kommunane i landet rekruttere fleire lærarar. Bergen og Drammen er blant kommunane som har oppfylt norma, ifølgje Utdanningsforbundet. Men stikkprøver frå sommaren viste at byar som Tromsø, Trondheim, Stavanger, Ålesund og Sarpsborg låg «ganske bakpå» med tanke på rekruttering, fortel pressesjef Nina Hulthin.

Neste år blir krava skjerpa. Då er det 15 elevar per lærar som er grensa for dei lågaste klassetrinna og 20 elevar per lærar frå femte klasse og ut grunnskulen.