Lærarutdanninga kaprar éin av ti søkjarar
Nær ein av ti søkjarar til høgare utdanning vil bli lærarar, viser tal frå Samordna opptak. Statsråd Iselin Nybø (V) jublar over tala.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mange fleire vil bli lærarar
– Vi har vore enormt spente på søkinga til lærarutdanninga. Når det aukar, er det bra for elevane og framtida, seier minister for forsking og høgare utdanning Iselin Nybø til NTB.
Totalt har 142.000 personar søkt seg til høgare utdanning gjennom Samordna opptak, ein auke på 4,7 prosent frå i fjor. Talet som har barnehagelærar som førsteval, har auka med 18 prosent, mens auken for grunnskulelærarutdanninga er på 15 prosent.
Det siste er Nybø spesielt glad for.
– Snakke opp lærarar
– Det er eit stort behov for lærarar. Eg har fleire gonger vore i klasserom og oppfordra elevar til å søke lærarutdanninga, For denne regjeringa er det viktig å snakke opp lærarar, seier Nybø.
Også lektorutdanninga har ein tydeleg auke, på 14 prosent.
Totalt har 1.753 fleire søkt om plass på lærarutdanning samanlikna med i fjor, og departementet påpeikar at veksten til lærarutdanningane er større enn det totale søkjartalet skulle tilseie.
Nybø trur ein viktig årsak til auken er at hennar parti fekk gjennomslag for ordningar med nedskriving av studielån. Ho trur skjerpa karakterkrav, innføring av masterutdanning og andre av tiltaka frå regjeringa har bidratt til å gjere lærarutdanninga meir attraktiv.
For få IKT-plassar
Statsråden er også glad for at fleire søkjer seg til utdanningar som handlar om informasjonsteknologi, eitt av områda der alle er einige om at Norge treng meir kompetanse i framtida. Sjølv om talet på plassar innan IKT-har auka, aukar søkjartalet meir.
– No har denne regjeringa gitt mange fleire plassar, men her er det framleis behov, seier Nybø.
Ho viser til at det er studiestadane som bestemmer kva dei skal tilby. (©NPK)