– Fjern det urimelege karakterkravet i matematikk!

Aasa Fredriksen Grønvold, styremedlem i Sogn og Fjordane AUF
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I dag er kravet om karakteren 4 i matematikk eit krav for å utdanne seg som lærar. Den norske skulen treng fleire lærarar, men dette kravet gjer at mange fell utanfor. Kvifor skal ein karakter, i eitt fag, øydelegge for så mange potensielle lærarar?

Vi har ikkje råd til å miste dei potensielle lærarane våre, og difor burde vi ikkje gjere det vanskelegare for studentar å få bli det dei vil

Tal frå Samordna opptak viser ein nedgang i søkjartal til grunnskulelærarutdanninga, både

Aasa Fredriksen Grønvold er leiar i Høyanger AUF og styremedlem i Sogn og Fjordane AUF. Foto: Privat

på 1-7. trinn og 5-10. trinn. Vi veit allereie i dag at vi kjem til å mangle lærarar i framtida, så kvifor gjer vi krava for å utdanne seg vanskelegare?

LES OGSÅ: Bruker millionar for å få fleire til å ta lærarutdanning

Karakterkravet i matematikk er noko som vi i AUF og Sogn og Fjordane Arbeidarparti er usamd i, og som vi ser på som lite treffsikkert. Vi er bekymra for at potensielt dyktige lærarstudentar no vil la vere å søkje på lærarutdanninga. Då svekkjast rekrutteringa på sikt.

Det er mange som kan bli gode lærarar, sjølv om dei ikkje har karakteren i 4 i matte

Vi vil stille klare krav til både fagleg og relasjonell kompetanse for dei som skal søkje på ei lærarutdanning. Vårt framlegg er å greie ut meir treffsikre modellar for opptak til lærarutdanningane. For eksempel eit høgare krav til snittkarakter eller innføring av karakterkrav i dei faga lærarstudentane vel å fordjupe seg i.

Vi meiner at ein samfunnsfaglærar ikkje skal bli definert ut frå karakteren i matematikk. Det er mange som kan bli gode lærarar, sjølv om dei ikkje har karakteren i 4 i matte. Vi har ikkje råd til å miste dei potensielle lærarane våre, og difor burde vi ikkje gjere det vanskelegare for studentar å få bli det dei vil.

Nokon som har lyst å bli norsklærar, burde ikkje måtte oppfylle eit krav i eit anna fag for å få oppfylt draumen sin. I tillegg vil ikkje karakteren i dette faget ha noko påverknad på kor god lærar ein kan bli i andre fag. Det er mange aspekt ein kan jobbe med i kampen for å tilretteleggje for å rekruttere lærar til framtida, men det fyrste steget er å kvitte seg med det urimelege kravet i matematikk!