I denne klassa er det 20 forskjellige nasjonalitetar

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kuben vidaregåande skule er Oslo-skulane sin største skule med over 1500 elevar. Skulen har hovudsakleg yrkesfag, men tilbyr òg studiespesialisering. Det er eit stort mangfald med elevar frå alle nasjonalitetar. Dei er gode på inkludering, og det kan dei bevise med at dei nyleg fekk Benjaminprisen.

– Vi er ein stor skule, så det er viktig at folk ikkje endar opp i grupper. Eg har inntrykket av at vi er samansveisa, seier Eivind Lotsberg (16).

Vi møter han saman med Ana Maria Jimenez (17) før prisutdelinga. Dei er to av ti elevar som sit i elevrådstyret. Til saman i heile eleverådet er det ein representant frå alle av dei 76 klassane.

– Skulen er ganske integrert. Du har forskjellige grupper å vere med i. På tvers av linjene òg, seier Jimenez.

Ho er sjølv i frå Spania, og i klassen hennar på studiespesialiserande har dei berre ein elev som ikkje har noko utenlandske røter.

– Det er folk frå blant anna Sri Lanka, Polen, Kina, Thailand, Pakistan, Serbia, Spania, og Sør-Amerika, seier ho.

Elevrådstyret på Kuben vidaregåande er samla før utdelinga av Benjaminprisen. Frå venstre: FV: Celine Mikkelborg, Maria Haglund, Ana Maria Jimenez, Simon Tjemsland, Isha Yassir, Nouhaila Nouiguer, Bjørn Johannes Rome Kirknes, Eivind Lotsberg. Foto: Beate Haugtrø

Les også om den nye folkehøgskulen som skal vere eit tilbod for «dropouts»

Motivasjon til å arbeide vidare

Denne veka vart Benjaminprisen for 2018 delt ut. Det er ein pris som delast ut kvart år til ein skule som arbeidar godt mot rasisme og diskriminering.

Utdelinga foregår i Kuben yrkesarena på skulen, og dei har sett opp ei scene i foajeen. På fremste rad sit blant andre ordførar av Oslo Marianne Borgen, statssekretær Rikke Høistad Sjøberg, rektor Kjell Ove Hauge, og elevrådsleiar Isha Yassir.

Det er tydeleg at det er ein yrkesskule, då ein bak store glasveggar bak scena ser snikkarverkstaden der elevar snikrar og bankar i veg medan utdelinga foregår.

Yassir er konferansier. Beskjedent går ho opp på scena med ein tale skriven på papir i handa.

Elevrådsleiar Isha Yassir får god tilbakemelding av Oslo-ordførar Marianne Borgen. Foto: Beate Haugtrø

– Det er ikkje berre ei anerkjenning å få prisen, men ein motivasjon til å jobbe vidare med alt det gode arbeidet, seier ho.

Skulen har aktive elevar som tar del i avgjerdene, og lagar til fleire aktivitetar for alle.

– Vi fekk vere med på personalmøte med dei tilsette på skulen for å seie kva vi synest. Vi har også lagt opp til at det alltid er aktivitetar vi kan vere med på, seier elevrådsleiaren.

Les også om at tusenvis av folk frå heile verda har vist si støtte til Greta Thunberg sin skulestreik

Lett å la seg forføre av ein god plan

Einar-Ove Standal sit i juryen for prisen, som representant frå Utdanningsforbundet. Han fekk lese opp juryen sin begrunning, og kommenterte:

– Det er lett å la seg forføre av ein god plan, men her veit vi at det er gjort.

Isha Yassir og rektor Kjell Ove Hauge er stolte mottakarar av Benjaminprisen 2018. Her saman med jurymedlem Einar-Ove Standal frå Utdanningsforbundet, og statssekretær Rikke Høistad Sjøberg

Ordførar Marianne Borgen kunne og utfylle i sin tale frå scena:

– Det er ikkje berre ei veke med stunt, men arbeid heile tida.

Ho presiserar at kontinuerlig arbeid er viktig. Tidlegare Sogn vidaregåande skule som blei nedlagt i 2013, og slått saman med Kuben vidaregåande skule, vann den same prisen i 2008. Det seier ho er bevis på at kontinuerlig arbeid lønnar seg.

Les også om skulen der dei «gamer» i timen

Elevmedverking og tryggleik er viktig

– Eg er så stolt av gjengen vår. Det er så store elevhjarte og blikk for den enkelte, seier rektor Hauge.

Elevane fekk for ein del år sida oppgåva med å definere tre ord: Ansvar, respekt, og omsorg.

Rektor ved Kuben vidaregåande skole, Kjell Ove Hauge. Foto: Beate Haugtrø

– Når ein definerer dei, så forpliktar det på ein anna måte. Og når dei leverte det så tenkte eg: Wow! At dei har tenkt det, seier han.

Det er skrive ned på ein plakat som heng på alle klasserom, og er verdigrunnlaget til korleis dei jobbar med sosial læring i dag.

– Det handlar hovudsakleg om at ein skal bry seg. I staden for å vere stille i timen, for å ikkje forstyrre, skal ein aktivt ta del i det som skjer. Og at ein ikkje berre skal la vere å mobbe, men gå aktivt inn for å stoppe mobbing, seier rektor.

Kan ikkje berre slå ned på rasisme

– Å vere mot rasisme er enkelt å seie. Alle er jo det. Men det tar jobb og tid å faktisk gjere noko. Elevane og lærarane må ville det kvar dag, seier statssekretær Rikke Høistad Sjøberg frå scena.

Ho fortel litt om historia til Benjamin og kvifor det er viktig å med ein slik pris.

– Vi kan ikkje berre slå ned på dei som driv med rasisme, men vi må løfte opp dei som er flinke å arbeide mot det i kvardagen, seier ho.

Ho har ei klar oppmoding til alle andre:

– Vi må bli flinkare i samfunnet til å framsnakke, ikkje berre skrike ut når det er noko galt.

Mange var samla på Kuben vidaregåande skule under utdelinga. Foto: Beate Haugtrø

Les også om at det er populært med spansk på skulen

Benjaminprisen

  • Benjaminprisen er ein pris på 250.000 kr som årleg blir delt ut til ein skule som arbeider aktivt mot rasisme og diskriminering.
  • Prisen er oppretta til minne for Benjamin Hermansen som vart drept på Holmlia i 2001.
  • Holocaustsenteret administrerer prisen i samarbeid med Utdanningsdirektoratet, med støtte frå Kunnskapsdepartementet.

Kjelde: benjaminprisen.no