Alle ungdomsskular skal tilby enten tysk, fransk eller spansk, men dei fleste tilbyr fleire framandspråk. Elevar har også moglegheit til å velja fordjuping i norsk, samisk eller engelsk og dessutan arbeidslivsfag i staden for eit tredje språk.
Det er 132.900 elevar som har enten tysk, fransk, spansk eller eit anna framandspråk i tillegg til engelsk.
Les også: Hindrar digitale læremiddel læring i framandspråk?
Spansk og tysk aukar
Sidan 2011 har mengda elevar som har spansk som framandspråk auka med 2,4 prosentpoeng, tysk har auka med 2,3 prosentpoeng medan den delen som har fransk har minka med 4,6 prosentpoeng i same periode.
Ser ein landet under eitt er spansk det mest populære framandspråket, men ikkje i alle fylka. I fleire fylke er det tysk som er det mest populære framandspråket. Det fylka med størst del av elevane som tek tysk er Sogn og Fjordane, der nær 64 prosent av elevane tek dette språket. Fylket med lågast del elevar som har tysk er Oslo (27,2 prosent). I Oslo er det omtrent like mange som har tysk og fransk.
Fleire med russisk enn fransk
Finnmark er det fylket som skil seg mest frå landsnormalen. Tysk er også i Finnmark det mest populære språket, men Finnmark skil seg frå dei andre i at dei har den største delen elevar som tek eit anna språk (17,8 prosent). Fleire elevar tek russisk (11,7 prosent) i Finnmark enn fransk (9,2 prosent).
Også i Europa er engelsk, tysk, fransk og spansk dei vanlegaste framandspråka. Men i motsetnad til i Noreg, er spansk det minst populære av dei tre språka utanfor Norden. Berre 13 prosent av ungdomsskuleelevar i Europa har spansk. Fransk er det meste populære språket som vert lært av 34 prosent av alle elevar.
Les også: I denne appen kan du læra deg klingon og høgvalyrisk