Ny folkehøgskule vil vere eit tilbod for «dropouts»

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dropoutproblematikken er veldig ulik, men felles for mange er at dei på eitt eller anna vis har blitt lei, eller møtt litt veggen, seier Aslak J. Brekke.

Han er nytilsett rektor for Evje folkehøgskule, som er ein av to nye folkehøgskular som opnar dørene hausten 2019.

Den andre folkehøgskulen som har fått konsesjon er Svalbard folkehøgskole som vert verdas nordlegaste folkehøgskule.

60 søkjarar til 100 plassar

I desse dagar er det full aktivitet for å ferdigstilla bygga til skulestart i august. I tillegg lyser skulen ut ei rekkje administrative stillingar.

Den nye folkehøgskulen tek imot elevar heilt ned i 16-årsalderen og tek mellom anna sikte på å vera eit tilbod for ungdommar som har droppa ut frå vidaregåande skule.

Dagen før årets folkehøgskuleinntak startar 1. februar har skulen motteke 60 søknadar til sine 100 plassar, noko rektor er godt nøgd med. Han forventar ikkje at alle søkjarane takkar ja til plassen, men at fleire kjem til undervegs.

I dag er interessa størst for linjetilbodet Dyreomsorg, etterfølgt av Friluftsliv Light og Mission Possible!

Rektor ved Evje folkehøgskole, Aslak J. Brekke, er snart klar for å ta imot det andre pilotkullet med elevar før det brakar laus til hausten. Foto: Evje folkehøgskole

Fråværsgrensa

– Det å gå lei av skule eller ha slitt med noko slik at du ikkje har klart å halde deg under 10-prosentregelen gjer deg ikkje til noko dårlegare menneske eller svakare individ. Då har ein gjerne behov for å restarte litt, seier Brekke.

Han peikar på at ein framleis ikkje har noko eintydig svar frå forskarane om effekten av fråværsgrensa, men er ikkje overtydd om at regelendringa løyser problemet med fråfall i skulen.

– Det me høyrer frå vidaregåande skular me har kontakt med er at dei som droppar ut forsvinn frå skulen, medan dei før gjerne greidde å karre seg gjennom med 20 prosent. Foreldre fortel om ungdommar som vert sitjande på rommet sitt og utviklar sosial angst. Det er mogleg nokre statistikkar vert betre med regelen, men problemet er der framleis, understrekar Brekke.

Rektoren fortel at dei ser på moglegheitene for at elevane kan ta opp enkeltfag på ein vidaregåande skule i nærleiken dersom dei treng det.

Les også: Jobben deira vil bli å ta jobben frå andre

Den nye folkehøgskulen satsar på folkehelse gjennom livsmeistring, aktivitet og ein sunn livsstil. Foto: Evje folkehøgskole

Slankeklinikk bak initiativet

– Utgangspunkt vårt er folkehelse. Skulen skal vera for alle og det skal vera låg terskel inn. Det skal ikkje handla om dei største toppane eller lengste reisene. Fokuset er på allmenndanning, læring, livsmeistring og utfordringar på det nivået som du er på, forklarar rektor Brekke.

Bak den nye folkehøgskulen står Evjeklinikken, som er eit senter for livsstilsendring og sjukeleg overvekt.

– Når Evjeklinikken har hatt sommarkurs har me sett at dei som har livsstilsutfordringar òg har andre sosiale utfordringar og gjerne har droppa ut av skule, arbeid og samfunnet. I løpet av tre veker kjem dei litt på veg, men me har i ein litt lenger periode lyst til å bidra over ein lengre periode til å lære unge å delta, vere aktive og engasjere seg, forklarar rektor.

Les også: På denne skulen «gamer» elevane i timen

Ingen «slankefarm»

Då det vart klart at forprosjektet vart tildelt 700.000 kroner på statsbudsjettet for 2018 forklarte idéhavar og leiar for Evjeklinikken, Alf Tore Moen, til folkehøgskolebloggen at skulen verken skulle vere ein «slankefarm» eller «klinikk for unge».

– Unge menneskjer med overvekt eller psykisk slitasje må anten ha legetilvising eller ty til det private marknaden. Dessutan tenkjer me så sektordelt om folk som på ein eller annan måte slit med livsmeistring. Folkehøgskolen Helse skal vere ei motvekt til dette. Me skal jobbe med helse, arbeid og utdanning parallelt. Me skal sjå det heile mennesket, forklarte han den gong.

Sidan den gong har folkehøgskuleprosjektet skifta namn til Evje folkehøgskule, som no er i ferd med å klargjerast for sitt første heilårskull.

Hittil har det vore størst interesse for linja Dyreomsorg, der elevane mellom anna skal læra om husdyrhald i samarbeid med besøksgardar. Foto: Evje folkehøgskole

Oppgjer med prestasjonspresset

Rektor Brekke understrekar at sjølv om skulen i stor grad legg vekt på å fremja aktivitet, livsmeistring og ein sunn livsstil er det ikkje eit behandlingstilbod.

Han kallar skulen ein liten protest mot «prestasjonskulturen» som møter mange unge.

– Det er ikkje lett å vera ung. Det er relativt mykje press og stress. Me treng slitesterke menneske som ser at dei kan bidra og delta både inn i akademia og andre jobbar. Me vil ta individet på alvor og fremja læring og meistring, utan at dei vert målt med karakter.

Les også reportasjen om Nellie (24) som er så begeistra for mose at det sikra ho jobb i BBC.