Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Akademiet Vidaregåande Skule i Ålesund er ein av skulane som har innført e-sport for elevar på studiespesialiserande dette skuleåret. Rektor Ole Martin Tonheim var først skeptisk til forslaget om å tilby elevane å spele dataspel i skuletimane, men skifta meining i løpet av nokre dagar etter å ha lese seg opp på temaet.

– Eg blei sjokkert over kor stort det er i resten av verda. Og så oppdaga eg at det gir elevane moglegheit til å dyrke fram ferdigheitene vi leiter etter, å samarbeide, ta avgjersler, tverrfaglegheit, og så er det ein god måte å lære engelsk på.

LES OGSÅ: Fem dataspel som utfordrar maktstrukturar

Meiner e-sport passar til skule

Ole Martin Tonheim oppdaga òg at det var mykje ved e-sport som passar inn i korleis han vil elevane skal oppleve skulen. Han ønskjer elevane skal sjå på skulen som sin andre heim.

– Vi ønskjer at elevane skal vakne opp om morgon og ville gå på skulen, sjølv om dei er trøytte, fordi dei vil, ikkje å føle dei må for å unngå fråvær.

I dag er e-sport berre eit tilleggsfag til studiespesialiserande på skulen, det vil seie at elevane ikkje får karakter i faget, men det blir ført fråvær om dei ikkje møter opp. Hovudsakleg går undervisninga på å utvikle erfaring og eigenskapar e-sport kan gi.

For å få e-sport på lik linje med andre idrettstilbod som fotball og friidrett må det først godkjennast som toppidrett, noko Tonheim meiner kan ta tid.

Akademiet Vidaregåande Skule i Ålesund

Akademiet Vidaregåande Skule i Ålesund tilbyr e-sport på skulen. Foto: Peder Skjelten

– Vi har valt å ikkje vente, men heller starte tidleg med det som fagleg tillegg. Elevane jobbar med det som andre fag, set seg ut utviklingsmål og vel seg spel som ligg i Telenorligaen, men vi har også utvida til FIFA. Det viktigaste er at det er fleirspelar, då vi har fokus på lagspel.

– Vi vil skape seriøsitet nok til at det kan bli eit godt konkurransemiljø, og vi håper at neste år vil vi trekke til oss elevar som er villige til å velje spel for å bli del av eit lag.

For rektoren er også inkludering av e-sport på skulen eit bevisst val som skal gi elevane fordel i ein framtidig arbeidsmarknad.

– Eg ser at det i framtida blir etterspørsel etter god auge-hand koordinasjon. Dei med e-sport-erfaring blir etterspurt då det trengst folk til å kontrollere køyretøy der minimale bevegelsar på kvar finger kontrollerer. Dei med e-sport erfaring er gode på dette.

Samstundes som e-sport blir innført på norske skular, og vurdert innlemma i Idrettsforbundet, har det blitt ein stor sport internasjonalt. I år hadde verdsmeisterfinalen i League of Legends på det meste over 200 millionar sjåarar, som er rundt det dobbelte av årets Super Bowl, den mest populære sportshendinga i USA.

Frå verdsfinalen i League of Legends i Los Angeles i 2016. Foto: Patar Knight, CC BY-SA 4.0-lisens

LES OGSÅ: E-sport blir medaljeøving i Asia-leikane

Mange ønskjer å leve som e-sportutøvar

Sjølv om dei fleste barn og unge i Noreg i dag speler ein form for dataspel, og satsing på sporten aukar, er det fortsatt vanskeleg å slå gjennom.

– Det er eit trongt nålauge. Slik marknaden er no er det berre ei handfull i Noreg som kan satse. Der er også låg pensjonsalder blant e-sportutøvarar, kanskje den lågaste innan all idrett. Reaksjonen blir kraftig redusert med alderen, og rask reaksjonstida er noko av det viktigaste ein e-sportutøvar må ha, seier Jarle Sæterstøl.

Han er lærar i faget og har lang erfaring med dataspel. Sæterstøl opplever at dataspela blir meir basert på speling via nett og lagarbeid, noko som har skapt ein plattform for konkurransearrangement med store premiepottar som fristar fleire til å ville satse.

– Vi har ein som har sagt han vil satse, å kunne få det til er stort og krev mykje frå han. Tilbodet på skulen er ikkje først og fremst for å dyrke e-sportstjerner. Som i andre sportar lærer elevane mykje om lagspel, og e-sport er spesielt lærerikt innan oppgåveløysing og resurssbevisstheit.

Sæterstøl ser ikkje bort frå at e-sport kan vokse seg større, og bli ein av dei største sportane i verda, men meiner dei som vil satse i framtida må vere bevisst på at lagspel er noko av det viktigaste ved sporten.

– Det krev fullstendig sjølvkontroll og samhandling med medspelarar for å få det til. Det kan vere enkelt å gløyme at lagspel er viktig i e-sport, då ein set mykje tid for seg sjølv, men som i andre lagsportar er det slik at ein kan ikkje vere avhengig av individuelle prestasjonar, ein må fungere som lag.

LES OGSÅ: Randulle er Noregs FIFA-konge: – Eg har drøyme-jobben

Camilla Torvhol Frøystad kan godt tenke seg å satse på e-sport. Foto: Peder Skjelten

Lærerikt og morosamt avbrekk frå studiet

Blant elevane som går e-sport ved Akademiet i Ålesund er Camilla Torvhol Frøystad. Ho starta først på elektro i august, men skifta til studiespesialiserande med e-sport då ho vil bli ingeniør og må ha matten som krevst ved studiespesialisering.

– Eg har spelt dataspel i fleire år, og har det som hobby. Å få gjere det på skulen gjer det meir motiverande å kome hit og gjere ein god jobb, så får ein eit godt avbrekk frå studiet, seier Frøystad.

Ho er ei av tre jenter på studiet, med 12 elevar, og har League of Legends som sitt hovudspel.

– Vi lærer mykje om å leie, samarbeide og å analysere motstandarar. I tillegg lærer vi om kosthald og helse, førre veke var Olympiatoppen på besøk, og så har vi det veldig gøy.

– Eg kunne godt tenkt meg å satse, men då må eg bli betre først. Dei fleste har ein draum om å leve av hobbyen sin, og eg veit det er vanskeleg.

LES OGSÅ: Serious games: Dataspel som reddar liv

Fakta: E-sport på vidaregåande og folkehøgskule

  • Det er i dag fleire vidaregåande skular som tilbyr e-sport. Tiller videregående, Gausdal videregående, Samisk videregående, Akademiet i Ålesund tilbyr i dag e-sport, og det er rekna med at fleire vil gjera det framover.
  • Det er 11 folkehøgskular som tilbyr gaming og e-sport i dag. I tillegg er det fleire folkehøgskular som tilbyr speldesign og andre linjer som har med dataspel å gjera. Les meir her!