Etterlyser klimaendringar på læreplanen

Leiaren i Utdanningsforbundet meiner klimaendringar må vere eit tydeleg fokus i dei komande læreplanane.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etterlyser klimaendringar på læreplanen: «La oss ta Greta på alvor»

Steffen Handal er leiar i Utdanningsforbundet. Foto: Rikke Bjurstrøm / Utdanningsforbundet [CC BY-SA 3.0], via Wikimedia Commons

«Norske elevar treng læreplanar som gjev dei eit grunnlag for å engasjere seg i kampen mot klimaendringar».

Det skriv leiar i Utdanningsforbundet Steffen Handal i eit meiningsinnlegg først publisert hjå Dagbladet.

Han meiner at dei nye læreplanane som no vert utforma ikkje kan utelate den største utfordringa dagens born og unge står ovanfor: klimaendringane.

Les også om Stord-elevane som ønskjer meir kjærleik og kjønnsidentitet på timeplanane.

«La oss ta Greta på alvor»

Handal skriv at Utdanningsforbundet har vore forsiktig i debattar om kva som bør inn på læreplanane. Mange interessegrupper vil påverke det endelege resultatet, og særleg det at verken holocaust eller andre verdskrigen nemnt eksplisitt i skissene har ført til sterke reaksjonar.

Men Handal meiner at klimaendringane er eit unntak: Dei er så viktige at det vil vere uansvarleg å ikkje be læreplangruppene om å gå tydelegare inn i temaet.

Leiaren i Utdanningsforbundet skriv difor at eit tverrfagleg tema som berekraftig utvikling, og spesielt klimaspørsmål, i større grad må prege dei kompetansemåla som til slutt vert ført på papiret.

Steffen Handal oppfordrar vaksne samfunnstoppar til å ta Greta Thunberg på alvor: Å vise veg og kutte klimagassutslepp sjølv, men også å hjelpe dei som skal føre verda vidare. Første steg er å utforme læreplanar som tek behovet for omstilling på djupaste alvor.

Les også: Greta (15) under klimatoppmøtet: – Forandringa kjem, anten de likar det eller ikkje