Holocaust og andre verdskrigen ikkje med i skissene til ny læreplan

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Andre verdskrigen og holocaust må ha ein heilt naturleg plass i læreplanen. Det er heilt utenkjeleg å presentere ein læreplan i 2018 utan å inkludere det største sivilisatoriske samanbrotet i vår tid, seier Ervin Kohn, forstandar i det mosaiske trussamfunn og nestleiar for kommunikasjon ved Antirasistisk Senter, til Klassekampen.

Les også: Ester (15): Difor må så mange som mogleg besøke ein konsentrasjonsleir

Læreplanar for framtida

Kohn får støtte frå førsteamanuensis Irene Trysnes i samfunnsvitskap ved Universitetet i Agder. Ho har saman med kollegaene sine skrive eit høyringssvar der dei meiner historie- og geografidelane i samfunnsfag står i fare for å forsvinne.

– Samiske perspektiv og teknologi får kvalitetsmessig svært mykje plass. Det er sjølvsagt viktig, men då må ein òg vere konkret på andre viktige historiske hendingar som har betydning for tida vi lever i, seier Trysnes.

Læreplanen i norsk skule er under oppussing og planen er at mykje av undervisningsstoffet ein har i dag skal takast vekk for at elevane skal få meir tid til å gå i djupna på dei ulike skulefaga. Tanken er at læreplanane skal bli «relevante for framtida», skriv avisa.

Les også: Dette blir dei viktigaste endringane i læreplanane