Janne Merete Bøyum
Publisert
Oppdatert 03.02.2020 15:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Visste du at Stephen Hawking meinte dette?

Stephen Hawking var en britisk teoretisk fysikar, astrofysikar, og matematikar. Han døydde 76 år gammal i mars 2018. Men sjølv om han er borte, vil tankane, ideane og forskinga hans leve vidare i lang tid.

Her er sju tema og litt om kva Hawking tenkte, eller sa om det.

1. Romvesen

«Viss romvesen besøker oss vil resultatet vere mykje det same som då Columbus landa i Amerika. Noko som ikkje viste seg å vere bra for den amerikanske urbefolkinga».

ROMVESEN: Stephen Hawking har òg tenkt på korleis romvesen kan sjå ut, og kva dei er laga av, eller kva form dei har. Men det viktigaste seier han er kva dei kjem til å gjere. Foto: Colourbox

Dette sa han i dokumentaren «Into the universe with Stephen Hawking». Han meinte det mest sannsynleg finst framande vesen, men at eit besøk frå desse ikkje nødvendigvis kjem til å gå bra.

Han sa at romvesen kanskje berre vil plyndre jordkloden for ressursar, og deretter fly sin veg. Men i dokumentaren spør han: Tenker dei på kosmos òg? Prøver dei å løyse gåtene slik som oss? 

Konklusjonen hans er at viss universet er fullt av intelligente, reisande romvesen, trur han at i alle fall nokon vil vere interessert i oss. Kanskje berre for nysgjerrigheita sin del.

2. Miljø og menneske si framtid

«Vi er veldig nære det punktet der global oppvarming ikkje kan stoppast. Trump sine handlingar kan skyve jorda over randen slik at den blir som Venus. Ein planet med temperatur på 250 grader celcius, og der det regnar svovelsyre».

global oppvarming

DÅRLEG TID: Hawking meiner vi må finne oss ein anna plass å bu snart, grunna at planeten vår snart er overbefolka og øydelagt. Foto: Colourbox

Hawking meinte at global oppvarming er den største trusselen for livet på jordkloden. Spesielt frykta han det såkalla «tippepunktet», der det vert for seint å snu.

Hawking meinte at den menneskelege rasen ikkje har noko framtid viss vi ikkje reiser til verdsrommet. Difor vil han oppmuntre til meir offentleg interesse for verdsrommet. Han meinte at befolkinga her på jorda har 100 år på å finne seg ein ny planet og flytte dit, viss dei skal overleve.

«Vi står ovanfor ei rekke truslar mot vår menneskeslekt. Frå atomkrig, katastrofal global oppvarming, og genetisk utvikla virus. Talet kjem til å auke i framtida med utviklinga av ny teknologi, og nye måtar ting kan gå gale på». 

3. Gud

«På grunn av gravitasjonslova kan, og vil, universet skape seg sjølv frå ingenting. Det er ikkje nødvendig å kalle på Gud for å løfte fingeren, og sette universet i gang».

Fleire gonger har Hawking tatt opp temaet om det fins ein Gud som skapte universet. Han har sagt at ein kan seie at det som skjedde var Gud sitt verk, men at det er meir ein definisjon på Gud, enn eit bevis på hans eksistens.

«Eg har ikkje lyst til å fornærme nokon av dei truande, men eg trur vitskapen har ei meir overbevisande forklaring enn ein guddommeleg skapar».

Les også: Ein ny planet er fødd

AI

TAR OVER: Stephen Hawking er redd for at robotar skal finne ut at dei ikkje treng menneske lenger. Foto: Colourbox

4. Kunstig intelligens

«Eg trur at utviklinga av full kunstig intelligens kan vere slutten av menneskeslekta. Når menneske først har utvikla kunstig intelligens, kjem det til å gå vidare av seg sjølv, og omskape seg sjølv i stadig aukande hastigheit».

Han skriv at framtida vår er eit kappløp mellom den veksande makta av teknologien vår, og visdommen vi brukar den til. Og vil at vi sørgar for at visdommen vinn.

Andre store namn i teknologiverda som Elon Musk, Bill Gates og Steve Wozniak har òg uttrykt sine bekymringar for kva veg teknologien tar. Men Hawking sitt syn var mest apokalyptisk med ei verd der robotar bestemmer seg for at dei ikkje treng oss menneske lenger.

Les også: Slik skal vi stoppe kunstig intelligens frå å overta verda

5. Svarte hol og tidsreiser

svart hol

TIDSREISER: Stephen Hawking håpar at menneske ein dag kan dra nytte av eit svart hol for å reise i tid. Foto: Colourbox

Det Hawking er mest kjent for, er nok sine studiar på svarte hol. Han oppdaga fenomenet, kjent som Hawkingstrålinga, som går ut på at svarte hol ikkje berre syg til seg masse, men òg gir ut stråling.

Hawking seier òg at eit supermassivt svart hol kan vere ei moglegheit til tidsreiser. Eit slikt svart hol har massen til fire millionar soler knust inn til eit lite punkt av sin eigen gravitasjon. Dess nærmare du kjem det svarte holet, dess sterkare er gravitasjonen. Ikkje ein gong lyset slepp unna, dersom det kjem nært nok.

Så eit slikt svart hol har ein dramatisk effekt på tid, med å sakke ho ned meir enn noko anna i galaksen. Dette gjer eit svart hol til ei naturleg tidsmaskin.

«Eg likar å forestille meg korleis eit romskip kanskje ein dag greie å dra nytte av dette spektakulære fenomenet.»

6. The Big Bang Theory

galakse

STARTEN AV ALT: Hawking har ei grundig forklaring på kva som skjedde under Big Bang, før galaksen vår vart til. Foto: colourbox

Han var òg vitskapsmannen som greidde å forklare kva som skjedde i the Big Bang. Han fann ut at universet starta med ein singularitet, eit endelaust lite punkt. The Big bang starta i total mørke, fordi lys ikkje eksisterte. Det gjorde ikkje rom eller tid heller. Difor fann han ut at det ikkje var noko som helst som eksisterte før the Big Bang. Slik held litt av forklaringa fram:

«Standardomgrepa tid og rom gjeld ikkje. Det var berre ei veldig lita ultravarm tåke av energi. Så utvida det seg med eit enormt brast av stråling. Frå mindre enn eit atom til omlag storleiken på ei appelsin på berre mindre enn eit billiondel av eit sekund. Nesten ingen tid i det heile tatt. Universet berre blåste seg opp inn i eksistensen. Bretta seg ut, og vart større og kjøligare for kvart augeblikk. Innan 100 sekund var det så stort som vårt solsystem. Billionar av mil på tvers».

Les også: Romsonden «Insight» har landa på Mars

7. Sjukdom

«I ein alder av 21 år fekk eg beskjed om at eg hadde ein uhelbredeleg, invalidiserande sjukdom som ville ta livet mitt på to eller tre år. Legane tok feil. Viss ein er funksjonhemma bør ein fokusere på dei tinga ein kan gjere, ikkje angre på det ein ikkje kan gjere».

Då han fekk sjukdommen fekk Hawking beskjed om at han hadde eit par år igjen å leve. Alt etter dei to åra såg han på alt som ein bonus. Fysikaren meinte at sjukdomen hadde nokre fordelar. Før han fekk sjukdomen syntest han livet var kjedeleg. Sjukdomen stoppa han heller ikkje, og han var kjent som ein hensynslaus råkøyrar med rullestolen sin. Stephen Hawking sa at sjølv om kroppen hans ikkje fungerte, betydde det ikkje at hjernen trong å slutte å fungere.

Vi må heller ikkje gløyme at han hadde god humor:

Les også: Det blir ein kjempesmell mellom melkeveien og andromedagalaksen