Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 24.03.2018 13:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vi fjernar oss frå naturen sånn at vi blir sjuke

– Den type tenking er så uvanleg i Noreg. At ein kan vere i naturen og drive terapi. Vi i Villmarksterapi brukar ikkje naturen som eit element. Vi driv med terapi, og så gjer vi det ute. Alltid.

Espen Holmgren er grunnleggar av Norsk Mestring Foto: Norsk mestring

Espen Holmgren er grunnleggar av Norsk Mestring Foto: Norsk mestring

Espen Holmgren starta Norsk Mestring i 2008. I mange hundre døgn har han vore på tur, i Røros og Femundsmarka, med ungdom med forskjellige psykiske vanskar og sosiale utfordringar.

På turane får turdeltakarane rettleiing i å handtere frustrasjonar, dele følelsar, og å utvikle sunne relasjonar, i friluft.

Heilt sidan han starta opp, har han rådført seg med psykologar, og i 2010 fekk han med seg psykolog Andreas Nordstrand som fagansvarleg. Saman har dei jobba for å lage eit tilbod for unge, som er i tråd  med forsking og anbefalingar for å drive terapeutiske program for menneske med psykiske utfordringar.

Dei meiner at Netflix, dataspel og overdreven bruk av teknologi er med på å skape sosial angst blant unge, og er i ferd med å bli den nye folkesjukdommen.

– Naturen er den beste plassen å roe seg

– Kvifor er naturen så viktig?

– Vi fjernar oss frå den så vi blir sjuke. Vi blir sjuke av å ikkje vere der. Det trur eg ikkje vi skal undervurdere. Uavhengig av om du har eit sakn til naturen eller ikkje, så er det den beste plassen å roe seg, seier Holmgren.

– Ein får tid til å tenke. Og så blir ting veldig nakent etter ei stund. Etter ein dag eller to eller tre. Da kjem ein veldig godt inn i kjernen av problemstillinga, seier han.

Ein får tid til å tenke. Etter ein dag eller to eller tre, kjem ein veldig godt inn i kjernen av problemstillinga, seier Espen Holmgren. Foto: Norsk mestring

Ein får tid til å tenke. Etter ein dag eller to eller tre, kjem ein veldig godt inn i kjernen av problemstillinga, seier Espen Holmgren. Foto: Norsk mestring

– Men måten å gjere det på for å få gode resultat må jobbast fram. Ein må ha teoriar som grunnlag. Og så skal det utførast. Det er mange ting som speler inn. Ein må ha talent for det. Vi er heldige, for vi kan velge folk som har både erfaring og passar til det, seier han.

I tillegg er dei opptatte av å møte deltakarane med hjartet, og å verkeleg bry seg om dei og utfordringane dei har med seg.

Mindre stressa av å vere i naturen

Forskningsrapporten «Viden om friluftslivs effekter på sundhed», som oppsummerer 22 studiar om å opphalde seg i grøne omgivnader, viser at det å vere i naturen gjorde deltakarane i dei ulike studiane mindre stressa, uavhengig av om dei tok ein gåtur eller om dei berre sat og slappa av ute i det fri.

Bilde frå ein av turane. Foto: Norsk Mestring

Bilde frå ein av turane. Foto: Norsk Mestring

Rapporten seier òg at krevande ekspedisjonar og leirbaserte opphald i naturen i samanheng med ulike behandlingsopplegg, kan ha positiv innverknad på den psykiske og sosiale utviklinga til deltakarane.

– At naturen kan ha ein lækjande effekt på stress og bekymra tankar, er nok noko veldig mange har kjent på kroppen. Det er jo ikkje utan grunn at mange av dei eg møter, anten dei er Stortingspolitikarar eller skoleungdom, fortel at dei opplever at dei må ut i naturen for å «lade batteria», sa Lasse Heimdal, generalsekretær i Norsk Friluftsliv, som ein kommentar til rapporten i bladet Norsk Friluftsliv.

Vere her og no og ta det som det kjem

Når Framtida.no snakkar med Espen Holmgren har han det travelt. Same ettermiddag skal han ut på sin tur nummer 29. Ein ti dagars tur med ein gjeng 14-åringar med forskjellige utfordringar.

– Denne gongen er det ungdom med skolevegring, familieproblem og atferdsproblem. Dei har hamna i feil miljø. Nokre har funne oss på nett, og nokre visste om oss frå før.

Vi skal vere her og no. Ete når vi er svoltne. Ta det som det kjem. Foto: Norsk Mestring

– Vi skal vere her og no. Ete når vi er svoltne. Ta det som det kjem. Foto: Norsk Mestring

Han fortel at dei på førehand har jobba over tid med å motivere ungdommane til å vere med frivillig.

Alt skal pakkast klart. Og sjøl om Holmgren rett før avreise har det travelt, er mykje av filosofien nettopp å ta seg tid.

– Vi skal inn i Femundsmarka. Vi må ingen ting. Målet er å vere der. Eg har samisk bakgrunn, og er van med å ikkje vere opptatt av tid når vi er ute. Ikkje planlegge. Vi skal vere her og no. Ete når vi er svoltne. Ta det som det kjem. Det er vanskeleg for mange. Det ligg mykje læring i det, å bruke tida, seier han.