Frå Porsgrunn til Göteborg på biogass

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mannen i gata blir forvirra over begrepa og skjønner ikkje at det er ein enorm forskjell i berekraftsøyemed om ein lagar drivstoff på organisk avfall i motsetning til raps og palmeolje, seier Margit Fausko til framtida.no.

I sommar har 25-åringen køyrd rundt i ein tilsynelatande vanleg bil merka «Østfold fylkeskommune», med ei dekorert campingvogn på slep.

Heilt vanleg er bilen likevel ikkje, for han køyrer på biogass. Altså drivstoff utvikla av matavfall og organisk materiale.

Margit Fausko går master i agroøkologi ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet, og har fungert som «prosjektjournalist» for Biogass-roadtrip 2018. Bilturen er gjort på oppdrag frå Austfold fylkeskommune og med prosjektmiddel frå Biogass Oslofjord og Fossilfri 2030.

– Eg trur det er underkommunisert kva biogass er, og kva som er miljøfordelane med det. Turen handla om å få vist fram og kommunisert til folk utanfor biogassbransjen kva det er, seier Fausko.

Les også: Tvilsam biodiesel

Kva er biogass og kva er miljøfordelane?

Turen vara i tre veker, og gjekk frå Porsgrunn i Telemark til Gøteborg i Sverige. Undervegs har ho møtt og intervjua eit tjuetals produsentar, forbrukarar, forskarar og miljøengasjerte. Ho har intervjua dei om biogass, og laga videorapportar for prosjektet.

Her er køyreruta til Margit.

Fausko forklarer at folk ofte forvekslar biogass og biodiesel.

Begge drivstoffa er laga av biomateriale, men forskjellen er at medan biogass er laga på matavfall og møkk, er biodiesel laga av det som konkurrerer med matfatet vårt, til dømes raps og palmeolje. Særleg raps er mykje brukt.

– Kva er det som er så bra med biogass?

– Ressursen biogass er laga av, er avfall, som ein uansett må handtere. Det bidreg til å gjere det meir lønnsamt å sette næringsstoff i krinsløp. Det er kjempebra at ein kan bruke avfall til å lage nyttige produkt, seier Fausko.

https://www.instagram.com/p/Bknx8fYnoRL/?tagged=biogassroadtrip2018

Ho er ein rotekte biogassentusiast.

– Du får produsert eit fossilfritt drivstoff og resirkulert gjødsel, laga på eit avfallsprodukt. Biogass er suverent mykje meir berekraftig enn vanleg bensin og diesel.

Biogassen blir til dømes produsert ved at ein blandar matavfall med kumøkk og lar det rotne. Opp frå tanken kjem det metangass som ein brenn. Det blir nytta til drivstoff.

– Det er den same prosessen som når det utviklast fossilgass. I begge prosessane rotnar det utan luft. Skilnaden er at medan biogass er laga på 20 dagar, bruker oljen over 20 millionar år på å utvikle seg.

Rekkevidde på femti mil

Eit spenningsmoment ved turen i sommar, var å undersøke fyllestasjonnettverket. I dag er det mest bussar som går på biogass, og desse fyller opp drivstoff på eigne stasjonar.

Den sjølvdekorerte campingvogna var med store delar av turen. Ei av dei største overraskingane Fausko fekk undervegs, var da svensk politi vekte henne opp midt på natta fordi ho hadde feilparkert. Foto: Margit Fausko

Fausko ville og teste ut rekkevidda på bilen. Ho hadde høyrt at den kunne køyre 300 kilometer på biogass, og ville komme seg til ein matfestival i Numedal.

Da let ho campingvogna stå, og bilen køyrde 50 mil før ho gjekk tom.

Les også: Vil investere fire milliardar i norsk solcelle-eventyr

I Sverige har dei biogasspumper på vanlege bensinstasjonar. Foto: Margit Fausko.

Meir vanleg i Sverige

«Jag tror inte på el, då kör jag heller på grisskit» fekk Fausko høyre av ei kvinne på ein fyllestasjon i Sverige. Ho begrunna mistrua med fotavtrykk i elbilproduksjon og usikkert opphav til straumen.

Sverige har større produksjon av biogass enn vi har her i Noreg, og nettverket for fyllestasjonar er betre utbygd.

Ho lærte og at Svenskane sorterar matavfallet i papirposar. Ikkje like forbrukar-vennleg, men betre for bøndene som tek imot gjødsla som blir att etter biogassproduksjonen.

– Da unngår ein heilt at det kjem plast i gjødsla. Det kjem bittelitt plast i gjødsla når vi bruker plastposar. Så papirposar hadde vore prima for gjødselproduktet og jordkvaliteten sin del. Det er fleire anlegg som ønsker seg det i Norge og, forklarer Fausko.

Les også: Biodrivstoffmål nådd fleire år før tida

 

Sjå video frå NMBU som forklarer konseptet bioøkonomi:

 

Les også: Mongstad-alger kan løysa verdsproblem

Biogass

  • Biogass blir danna når organisk materiale, t.d. daude plantedelar, matavfall eller husdyrgjødsel, blir brote ned av mikroorganismar utan tilgang på oksygen (luft). Dette blir kalla anaerob nedbryting.
  • I naturen blir biogass danna i myrer og andre våtmarksområde når daude plantar og dyr blir brote ned. Ein kan òg produsere biogass ved ein kontrollert nedbrytingsprosess (utrotning) av organisk avfall i et biogassanlegg.
  • Kan brukast til å produsere energi i form av varme og/eller elektrisk kraft, eller til bruk som motordrivstoff.
  • Kjelde: Biogass Østfold/Store norske leksikon/snl.no