Eit kart i klimajungelen

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Eit kart i klimajungelen - tala og faktaa du treng i klimadiskusjonar

1. Kva er ein klimagass?

Klimagassar er gassar som påverkar klimaet ved å enten absobere eller reflekterer stråling.

Vassdamp er faktisk den klimagassen som bidreg mest til oppvarming. Vassdamp og skyer står for 68% av drivhuseffekten.

Karbondioksid, som vert rekna som den viktigaste menneskeskapte klimagassen, står derimot berre for 20% av drivhuseffekten.

Menneske slepp ut lite vassdamp, så det er altså lite me kan gjere for å minske utsleppa av vassdamp. Mykje av utsleppa av karbondioksid derimot, må vi menneske ta ansvar for. Forbrenning av kol, olje og gass er den største bidragytaren. Karbondioksid, metan, lystgass og f-gassar som KFK og HFK vert rekna som dei viktigaste klimagassane. 

Og lurar du på kva i all verda klimarisiko betyr? Les her: Klimarisiko: – Det finst nesten berre éin måte det kan gå bra på

Skyer er veldig viktige for klimaet på jorda. Dei reflekterer stråling frå sola og held inne varmen som er på jorda. Dei kan altså vere både varmande og kjølande. Foto: Pexels.com

2. Er alle klimagassar dårlege?

Svaret er nei. Utan klimagassar ville verdshava vore dekka av is, og mange område ville vore ubebuelege. Snittemperaturen ville har vore -18 °C, mot dagens behagelege 15 °C.

Rett mengde klimagassar gjer det altså mogleg for oss å leve. For mykje klimagassar gjer at kloden vert for varm – altså global oppvarming.

Rundt 2% av atmosfæren består av klimagassar medan dei 98 andre prosentane er nitrogen og oksygen, som slepp varmen rett igjennom. Balansen er altså hårfin.

3. Kor mykje klimagassar kan me sleppe ut?

For vårt eige og kloden sitt beste burde me sleppe ut mindre klimagassar. Men kor lite?

Forskar og direktør ved Bjerknessenteret for klimaforsking, Tore Furevik, var gjest i radioprogramet Ekko 16. januar og gav dette svaret:

Ein gjennomsnittleg nordmann slepp ut omtrent 8 tonn CO₂ i året. Til samanlikning slepp amerikanarar ut 16 tonn, og indarar 2 tonn. Verdssnittet ligg på 5 tonn årleg CO₂-utslepp per person.

FN sitt klimapanel har sagt at me må halvere utsleppa våre før 2030, og gå i null i 2050. I løpet av elleve år må me altså ned på 2,5 tonn per person per år. Altså ein tredjedel av nordmenn sitt forbruk i dag.

Vil du vite korleis du kan kutte dine utslepp? Les: Forskaren sine beste tips for eit meir miljøvenleg 2019

4. Kva var drivhuseffekten igjen?

Drivhuseffekten er pensum på barneskulen, men vert gløymd like fort som den vart lært. Korleis var det det fungerte no igjen?

Illustrasjon: Ungenergi.no

Varmestråler frå sola kjem inn til jorda, gjennom atmosfæren. Litt av varmen vert teke opp i bakken, men mesteparten vert reflektert tilbake mot verdsrommet.

Og det er her klimagassane kjem inn. Om det ikkje hadde vore vassdamp, karbondioksid, metan og andre klimagassar i atmosfæren, hadde varmen forsvunne rett ut igjen. Men takka vere dei, vert noko av varmen halde igjen. Voila – der har du ein leveleg klode!

Men drivhuseffekten og menneskeskapte klimaendringar er ikkje det same. Dei menneskeskapte klimaendringar kjem som følge av ein forsterka drivhuseffekt. Menneska sine enorme utslepp av blant anna karbondioksid (CO₂) har ført til at den naturlege balansen vert forstyrra, og at kloden vert for varm. Atmosfæren vert altså for «tett».

Les også: Er grensa nådd for global oppvarming? 

5. Er ozonlag og atmosfære det same?

Alle har høyrd at hol i ozonlaget er farleg. Men kva er ozonlaget og kvifor er det hol i det?

Ozonlaget er eit gasslag i atmosfæren som beskyttar oss mot ultraviolett stråling frå sola. UV-stråling har mange gode effektar for menneske, men i for store mengder vert det skadeleg: hudkreft, skadar på augene, svekka imunforsvar og elding av huda er noko av det forskarane åtvarar mot.

Akkurat som med klimagassar, er marginane små. Om ein skulle samle alt ozonet i stratosfæren (den delen av atmosfæren der mesteparten av ozonet er), og trykt det saman, hadde det blitt eit 3-5 millimeter tjukt lag. Til samanlikning hadde resten av atmosfæren vore 8 kilometer tjukk.

Produksjon og nedbryting av ozon er ein naturleg prosess som skjer heile tida, og den held ozonlaget sin tjukkelse i balanse. Men! Gjett kven som har klart å forstyrre denne balansen óg? Menneska!

På 1970-talet fann ein ut at gassar og stoff i kjøleskap, frysarar, sprayboksar og brannslukkingsanlegg har kødda med ozonbalansen, og dermed har ført til eit tynnare ozonlag.

I 1987 vart derfor 187 land einige om Montreal-protokollen og forplikta seg til 50% reduksjon av freon, og ei utfasing av bruken av halongass. Om alle land følger krava, er ozonlaget forhåpentlegvis «normalt» igjen i 2050.

Les også: Holet i ozonlaget over Antarktis truleg tetta på 2060-talet

CO2-konsentrasjonen i atmosfæren har auka kraftig sidan 1750. Grafen viser auken dei siste førti åra.

6. Og til slutt: Kven er dei store klimagass-syndarane?

Er det Kina? Er det olja vår? Eller er den kyrne på beitet?

Korleis står det til i den store verda? Dei siste førti åra har menneske sleppt ut like mykje klimagassar som me gjorde i heile tohundreårsperioden frå 1750-1970. Rike land har størst utslepp.

Kina står for 27 prosent av globale CO₂-utslepp. Utsleppa aukar i takt med den økonomiske veksten, så det ikkje forventa at det skal snu med det første.

Nest best/verst på utslepp er USA med sine 15 prosent. EU stod samla for ti prosent, og India for sju.

Tala må ein likevel ta med ei klype salt, for verdshandelen er ikkje rekna med. EU kan altså bestille produkt frå Kina, men det er framleis Kina som får utsleppa skrive i sitt namn.

Er Norge flinke samanlikna med andre? Om ein samanliknar utslepp i 1990 og 2016/17, har Norge hatt ei auke på tre prosent. Søta bror, Sverige, har i same periode minska utsleppa sine med 26 prosent. EU samla, har gått ned 21,9 prosent.

Kva med innad i Norge? Transportsektoren står for 30 prosent av norske utslepp, og er dermed størst. Olje- og gassnæringa står for 28 prosent av norske utslepp, industri står for 23, jordbruk for nesten ni prosent, avfall for litt over tre og oppvarming av bygg for knapt to.

Etter å ha lese denne artikkelen bør du kunne skåre ganske høgt i klimakvissen, prøv deg her: Kviss om klima og kloden!