Få med master eller doktorgrad skriv nynorsk

Knapt ti prosent skriv doktorgradsavhandlinga på norsk, og under ein prosent skriv ho på nynorsk, viser ein fersk rapport frå Språkrådet.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rapporten « Språk i Noreg – kultur og infrastruktur » frå framtidsutvalet i Språkrådet peikar på at det norske språket er under press på dei fleste samfunnsområda.

Ikkje minst gjeld dette på universiteta. Engelsk er til dømes heilt dominerande på doktorgradsnivå. 90,8 prosent av avhandlingane blir skrivne på engelsk og 8,5 prosent på norsk, skriv universitetsavisa På Høyden.

Les også: Språkrådet fryktar for norsk som fagspråk

0,9 prosent på nynorsk

Av dei som skriv avhandlinga på norsk, vel ein av ti nynorsk. Tala i rapporten viser at nynorsk er nær utradert som fagspråk blant master- og doktorgradsstudentar. På doktorgradsnivå er 0,9 prosent på nynorsk, på master 2 prosent.

Kunnskapsdepartementet har slått fast at ansvaret for norsk fagspråk betyr at norske universitet og høgskular må laga eigne lokale språkstrategiar. Det er likevel lite vilje blant leiarane ved universiteta og høgskulane til aktiv å jobba for å røkta det norske fagspråket, heiter det i rapporten.

Les også: – Om vi skrur av språket, kva er att?