Mykje har endra seg sidan ordbøkene kom ut for over tretti år sidan. No skal dei bli reviderte frå første til siste bokstav.
mm

– No skal gutar få lov å vere gutegalne. Det kan vi hermed love at vi skal ordne opp i når vi kjem til bokstaven G.

Rauset
Margunn Rauset gler seg til å rydde opp i ordbøkene. Foto: UiB

Det seier Margunn Rauset på telefon frå UiB til framtida.no. Ho er hovudredaktør for eit femårig prosjekt der Bokmålsordboka og Nynorskordboka skal redigerast på nytt.

I dagens nynorskordbok er nemleg gutegalen forklart med «jente: vill etter gutar».

Utdaterte haldningar

– I dette tilfellet er det heilt unødvendig å spesifisere kva kjønn adjektivet blir brukt om, seier Rauset.

– Det er veldig fort blikket til den kvite, middelaldrande heteroen som blir spegla i den gamle ordboka, seier ho.

At det er første gong ordbøkene skal bli grundig redigerte på 30 år, blir spegla i fleire av ordforklaringane i dei eksisterande bøkene.

Japs og kinamann

I begge dei gamle ordbøkene blir oppslagsordet kinamann forklart som «spøkefullt/skjemtande: kineser», og ein japs i bokmålsordboka er forklart som «spøkefullt: kortord for japaner».

– Eg er ikkje sikkert på om det opplevast som så veldig skjemtande for ein som blir omtala som det.

– Å omtale ein japaner som japs var kanskje greitt for 30 år sidan, men ikkje i dag. Kor gøy er det, liksom?, seier Rauset.

– Eg er veldig glad for at vi no er i gang, og at vi får anledning til å opne opp litt i den type problematikk, seier ho.

Søt jente og modig gut

Tidlegare har framtida.no skrive om at ordforklaringar i ordbøkene speglar og reproduserer haldningar til kjønn. Døme som at jente blir forklart med «Ei søt jente», og at modig blir forklart med «ein modig gut».

Ei søt jente. Framtida.no har streka under poenget med å ramme inn forklaringa med rosa. Skjermdump frå nynorskordboka.

«Problemet er at vi reproduserer forventningar om korleis jenter og gutar skal oppføre seg, ofte heilt umedvite», skreiv artikkelforfattaren da.

– Eg er så hjartans einig, seier redaktøren for dei nye ordbøkene.

– Det er viktig at vi som ordbokredaktørar har med oss det perspektivet, og at vi prøver å jamne ut noko av ubalansen som er.

Ein modig gut. Framtida har understreka poenget med å ramme inn med ein«typisk gutefarge». Skjermdump frå ordboka.

Ikkje tilfeldig

Ho legg til at det likevel ikkje er tilfeldig at eksempla er som dei er.

– Ordbøker har jo med rette vorte kritiserte for å representere stereotypiar. Dessverre blir mannen ofte den som handlar, tar initiativ, og er sterk. Og kvinner blir framstilte meir passive, tilbakelente og stillferdige. Noko som på ein måte reflekterer språkbruken der ute.

– I den grad det er mogleg er det noko vi vil vere bevisste på. At ein kan endre på kven det er som speler fotball i ordforklaringa. Det kan like gjerne vere jenter som gutar.

Les også: Jåle, spjåk, fjolle, gås

Viktig å spegle korleis orda faktisk blir brukte

– Likevel skal ein ikkje berre tenke at alt skal vere nøytralt, for språkbruken er ikkje nøytral i mange tilfelle, seier Rauset.

At mange nye statsborgarar bruker ordboka for å bli kjent med både språket og kulturen vår, er ein faktor. Da er det viktig at forklaringane speglar korleis orda faktisk blir brukte.

– Folk slår opp orda i ordboka for å lære korleis det blir brukt. Så det er ikkje alltid riktig å presentere ord som nøytrale, seier ho.

Les også: Slik blir språkpolitikken til den nye regjeringa

Vanskeleg ord på F

Og nokre ord er rett og slett knytta til kjønn. Redaktøren gir eit eksempel der ein ung person nedsettande blir omtalt som eit kjønnsorgan.

– Da blir det naturleg at ei kvinne blir omtalt som «fitte», og ein gut som «kuk». Ein kan jo diskutere om det er språkbruk som skal vere inne i ordboka i det heile, seier ho.

Ho angrar fort på at ho tok opp problemstillinga i det heile.

– Det er frykteleg vanskeleg, fordi det er ikkje noko ein har lyst til å sette inn i ei ordbok som eit ord som blir brukt om ein person. Men det er ikkje til å stikke under ein stol at det òg er ein del av språket.

Redaksjonen for dei nye ordbøkene: Margunn Rauset, Gunn Inger Lyse, Kari-Anne Selvik, Terje Svardal, Bente Selback og Anne Torunn Engø. Tor Erik Jenstad er mellombels tilsett fram til jul, men ikkje på bildet. Foto: Janne-Beate Buanes Duke Opphavsrett: UiB

Les også: Bannskapen samla i eiga ordbok

Bokstav for bokstav fram til 2023

Heldigvis er det lang tid til redaksjonen kjem til bokstaven F.

– Når det er sagt, er ordbøkene ikkje lovbøker som fortel kva som er greitt og ikkje i verda. Målet vårt er å gjere greie for typisk språkbruk, ikkje formidle korleis ordbokredaktørane meiner språket og verda burde vere, seier Rauset.

– Og når kan vi vente at gutane får lov å vere gutegalne, også i ordboka?

– Vi har ein plan, og veit nøyaktig kva som skal produserast kvart år. Hausten 2019 har vi kome til G, seier Rauset.

Dei første nye orda blir presenterte i starten av 2019. Heile ordboka skal etter planen vere ferdig redigert i 2023.

Les også: Ordbøker kan vera i strid med likestillingslova

Oppdatert: onsdag 29. august 2018 14.55

Kommentarar

ANNONSE