Kven fekk ungdom til å føle seg verst i 2018?

Ida Johanne Aadland
Publisert
Oppdatert 10.01.2019 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Men noko heider og ære får ikkje dei som vinn.

– Gullbarbie er ikkje ein pris ein skal feire, men ein verstingpris ein bør skamme seg over å få, seier leiar i Press, Mina Vinje.

Det er Press – Redd barna Ungdom, som kvart år kårar årets Gullbarbie.

Lite å vere stolt over

Norsk ungdom sendte inn meir enn 200 nominasjonar på ulike reklame- og medieaktørar som er med på å skape kroppspress for ungdom. No har dei blitt til tre.

– Nokon av kandidatane har utmerka seg som versting over lang tid, medan andre er relativt nye og ukjente for mange av oss. Alle er nominert på grunn av reklame som bidreg til at ungdom ikkje er nøgde med eigen utsjånad. Akkurat dét er lite å vere stolt over, seier Vinje.

Les også: Jublar for vedtak mot retusjert reklame

Dei nominerte er

GymShark
Mina Vinje Press

Mina Vinje, leiar i Press, er ikkje nøgd med korleis dei store aktørane GymShark, Snapchat og Victoria’s Secret får ungdom til å føle seg. Foto: Press

Gymshark sel treningsklede, og skapar eit urealistisk og einsidig syn på kva sunnheit er, ifølgje Press.

– Gymshark si marknadsføring kan gje eit inntrykk av at ein berre er sprek om ein har sixpack, men det er jo ikkje sant. Trening handlar om treningsglede, ikkje utsjånad, seier Vinje.

Snapchat

Når ein brukar Snapchat dukkar det plutseleg opp annonser for fettreduksjon, lipfillers, retusjeringsappar og liknande.

– Det er veldig problematisk at Snapchat tener pengar på å ha annonser som skapar kroppspress, seier Vinje.

Filtera på Snapchat kan også bidra til å skape eit einsidig bilde av skjønnheit, ifølgje Press.

Victoria’s Secret

Victoria’s Secret har lenge vore det største moteshowet i verda. Deira einsidige skjønnhetsideal og gammaldagse syn på kjønn, utestenger mangfaldet i samfunnet, ifølgje Press.

– Direktøren har til og med sagt at transpersonar og overvektige ikkje er velkomne i deira show, seier Vinje.

Slik ser nettsidene og modellane til Victoria’s Secret ut. Foto: Skjermdump frå victoriassecret.com

Les også: – Vi har godt av å verte eksponerte meir for vanlege kroppar

Bør få opplæring i å tenkje kritisk

Vinje fortel vidare at det ligg eit stort ansvar hos dei nominerte.

– For det første bør dei ta til seg at ungdom har nominert dei. Sjølv om me berre kårar éin vinnar, er alle tre verdige vinnarar. Dei bør endre på marknadsføringa si, og endre retningslinjene sine.

– Kva ansvar har ungdommar sjølv til å tenkje kritisk? 

– Sjølv visste eg ikkje kva retusjert reklame var før eg begynte i Press. Det er sjølvsagt viktig at ein er kritisk til reklamen ein møter, men då må ein først få opplæring i korleis å tenkje kritisk. Det er vanskeleg å vere kritisk til noko ein ikkje veit kva er, seier Vinje.

Ein kan stemme på dei tre nominerte fram til 9. februar, enten på nett eller på stemmesetlar.

Kven synest du er best på å få ungdom til å føle seg verst?

Kven synest du er best på å få ungdom til å føle seg verst?

Snapchat158
Victoria's Secret146
GymShark81
Dei bør dele den!61
Svar totalt: 446