Nettavisen får kritikk for kjønnsdelte nettsider
Vinnaren av årets Gullbarbie er ikkje einig i kritikken.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Nettavisen får skarp kritikk
– Årets Gullbarbievinner markerte seg gjennom fjoråret med å produsere ein heil masse unødig seksualisert stoff, seier Press-leiar Karoline Steen Nylander i ei pressemelding.
I år er sjuande gong Press, som er Redd Barnas ungdomsorganisasjon, deler ut pris til den medieaktøren som er «best på å få ungdom til å føla seg verst».
Gjennom prisen ønskjer ungdomsorganisasjonen å setja fokus på aktørar som nyttar uoppnåelege skjønnheitsideal, seksualisering og gamaldagse kjønnsroller i marknadsføringa si.
I tillegg til Nettavisen var Bik Bok og Brun og Blid nominert til Årets Gullbarbie 2016.
Vinnaren vart kåra gjennom ei nettavstemming og ifølgje Press vann Nettavisen med heile 45 prosent.
Kvart år sidan 2010 har PRESS delt ut Gullbarbien. I år går prisen til Nettavisen.
Kjenner seg ikkje att i kritikken
Nettavisen vert kåra til versting på kroppspress på bakgrunn av «kvinnesida» Side2 og «mannesida» Side3.
– Desse sidene er bygde på gamle kjønnsroller og svært seksualiserte saker. Side3, som rettar seg mot menn, produserer saker om «dei feitaste bilane og dei hottaste damene», medan Side2, som rettar seg mot kvinner, trykker saker om trening, shopping og skjønnheit, heiter det i grunngjevinga.
Astrid-Helen Holm tok nyleg over som redaktør for Side2. Ho kjenner seg ikkje att i kritikken.
– Vi høyrer på det folk seier, men er ikkje nødvendigvis einige i det som blir sagt om bakgrunnen for nominasjonen. Side2 og Side3 er magasin retta mot kvinner og menn, og må representere kjønna vi rettar oss mot. Det treng ikkje bety det same som at vi gir eit skeivt bilete av likestilling, skriv Holm i ein e-post til Framtida.no.
LES INTERVJUET: – Vi drar ikkje fram nakenheit der det ikkje trengs
Press: – Skuffa
Nylander reagerer på at Nettavisen ikkje ser noko gale i å kjønnsdele nettsider og meiner dei bidreg til å halde i hevd gamle og stereotypiske kjønnsroller.
– At ungdom ikkje er Nettavisens målgruppe på alle deira sider, er irrelevant når så mange tusen barn og unge har stemt dei frem som versting. Press kjem til å fortsette å halde auge med Nettavisen, lovar ho.
Side2-redaktør Astrid-Helen Holm forklarar at dei ikkje har høve til å stille på prisutdelinga, men at dei har svart for seg i debatt og intervju.
Dette synest Nylander er feigt.
– Eg er skuffa over vinnaren som tydelegvis ikkje vil ta sitt samfunnsansvar gjennom å møte oss til dialog, skriv ho i ein e-post.
Les meir om tidlegare års Gullbarbie-vinnarar på Framtida.no:
2015: Dagbladet
2014: Elevkalenderen
2013: Russedress
2012: Victoria’s Secret
2011: Jack & Jones
2010: Diesel
Faktaboks
Press er ungdomsorganisasjonen til Redd Barna.
Press er partipolitisk og religiøst uavhengig, og består av ungdom mellom 13 og 25 år.
I 2010 starta dei Gullbarbie-kåringa for å setja fokus på korleis medie- og reklamebransjen bidreg til kroppspress og å oppretthalda gamle kjønnsstereotypiar.
Kjelde: Press