– Vi har godt av å verte eksponerte meir for vanlege kroppar

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 20.11.2018 14:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg er klar over at eg ikkje ser ut som ein supermodell, seier Remy Berland til NRK.

Likevel kan 20-åringen ende opp med å gå sigrande ut av ein modellkonkurranse. Han kan fort verte nestemann som skal pryde plakatane til solariumskjeden Brun og Blid.

Det var Haugesunds avis som først omtalte saka.

Oppgjer med idealkroppen

Kvart år arrangerer Brun og Blid ein konkurranse på jakt etter sin neste solbrune frontfigur. Gjennom månadlege avstemmingar skal det norske folk kåre vinnaren.

Blant novemberkandidatane skil Remy Berland seg litt ut. Har har ti gongar så mange stemmer som konkurrentane, men også ein viktig bodskap.

Skjermdump: Brunogblidmodell.no.

– Eg vil bidra til å endre synet på den såkalla «idealkroppen», seier Berland til Haugesunds Avis.

For 20-åringen har ein heilt normal kropp. Han har ikkje sixpack og er ikkje solbrun, men han har ein sunn livsstil og er i fysisk aktivitet.

Berland er rett og slett ein vanleg kar du møter på gata, men som meir sjeldan vert promotert i Instagram-feeden.

Les også: Unge har naiv forståing av Instagram

Tenk mindre på utsjånad og meir på helse

– Vi har godt av å verte eksponerte meir for vanlege kroppar. Menn treng også kroppspositivisme, seier han til NRK.

Noko av det Berland no etterlyser er at folk dreier fokuset vekk frå utsjånad og over på helse. Kva tal som viser på vekta fortel ikkje korleis det står til med helsa di, men å ete sunt og vere i aktivitet er viktig. Det som ikkje er viktig, er å hige etter eit urealistisk og fjernt kroppsideal.

Det latar til at bodskapen resonnerer hjå publikum. I skrivande stund har Berland nærare 7000 stemmer i konkurransen. Nærmaste konkurrent har under 400. Det er såleis gode sjansar for at 20-åringen går vidare til neste runde i Brun og Blid si modelljakt.

Om Berland går av med sigeren neste sommar, lovar han også at halvparten av premiepotten vil gå til born og unge med utfordringar innan psykisk helse.

Les også: – Tragisk at vi har skapt eit samfunn der vi er redde for naturlege kroppar

Alle tapar ved å kåre ein kroppsvinnar

Mina Vinje er leiar i Røde Kors sin ungdomsorganisasjon, Press. Foto: Carl-Frederik Salicath

Leiar for Press, Mina Vinje, seier til Bergens Tidende at det er kult at Berland kuppar konkurransen til Brun og Blid og set søkjelyset på kroppspress, men det at konkurransen eksisterer er i seg sjølv problematisk.

– Ved å kåre ein kroppsvinnar fortel ein indirekte at andre kroppar er «feil», seier ho.

Press har si eiga årlege kåring, «Årets Gullbarbie». Den tittelen vert tildelt den som er best på å få ungdom til å føle seg verst. Brun og Blid har vore nominert fleire gongar skulda for å fremje eit einsidig kroppsideal, seinast i 2016. Då sa gründer og administrerande direktør i solariumskjeda Thorbjørn Frantzen til Framtida.no at han var ueinig i nominasjonen.

Folket avgjer

Både i 2016 og no, seier Frantzen at denne årlege modellkonkurransen er eit prov på at Brun og Blid inkluderer alle, uavhengig av kroppsform eller kjønn. Det einaste kravet for å delta er at ein lyt vere 18 år innan finalen går av stabelen.

– Alle bør forsøke å hindre kroppspress, og vi meiner vi gjer det med ein open konkurranse. Samstundes sel vi ei teneste der kle skal av, og difor er modellane våre lettkledde, seier Frantzen til Bergens Tidende.

Det er altså fritt fram for alle som er myndige å delta, og solariumssjefen seier det er folket som avgjer kven vinnaren er, ikkje Brun og Blid. Frantzen er difor oppgitt over at dei stadig får kritikk for dette.

Dette er dei føregåande vinnarane av Brun og Blid sin konkurranse. Skjermdump frå brunogblid.no.

Les også: No vert det nye spelereglar for bloggarar og Instagram-kjendisar