Her er venleiks-verstingen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er venleiks- verstingen

I haust lanserte Press kampanjen Årets Gullbarbie, der dei bad ungdom røyste på kva for ein reklame dei meiner gjev born dei vondaste signala om sex og skjønnheit. Det kom inn over 500 stemmer. Diesel fekk flest stemmer for reklamekampanjen "Sex Sells".

Denne veka trappa dei opp hos Diesel i Nydalen for å dele ut Gullbarbien.

– Dei var ikkje interessert i å stille opp på eit bilete, men dei møtte oss og tok imot Gullbarbien, skriv Press i ei pressemelding.

Upassande reklame
– Sjølv om vi har forståing for at reklamen var meint ironisk, meiner vi han er svært upassande for eit klesmerke, seier kampanjeansvarlig i PRESS Lina Reyes vidare i pressemeldinga.

– Reklamen var ikkje retta spesielt mot born, men vår kåring viser at han har blitt lagt merke til av unge heilt ned i 11-årsalderen.

– I tillegg til bileta vi vart møtt med på reklameplakatar, reagerer vi på at jeansane vart vist fram i samleiestillingar på Diesel sin nettsider. Vi veit at Diesel er eit populært merke blant born og unge, og meiner at dei skal få sleppe seksuell eksponering når dei er på jakt etter nye bukser, seier Lina.

Kommersialisering og seksualisering
Det er ikkje tilfeldig at rundt 300 av dei 1000 orda ein 5-åring kan er merkenamn, og at det brukast meir pengar på reklame enn det i dag brukast på utviklingshjelp.

– Vi i PRESS – Reidd Borna Ungdom bekymrar oss for konsekvensane av dette, og meiner det resulterer i skadeleg kjøpepress og skjønnheitsfokusering blant born og unge. I tillegg ser vi ei utvikling i at reklamane tek i bruk stadig meir seksualiserte verkemiddel for å vinne merksemda vår – noko barn heller ikkje blir skåna for, seier Lina.

Skadar sjølvbildet
– Det er ikkje sunt at born og unge stadig blir presentert for reklame som fortel dei korleis dei skal sjå ut og korleis og kor mykje sex dei skal ha, seier Reyes.

– Resultatet er at vi får unge jenter og gutar med dårleg sjølvbilete. Dei samanliknar seg med supermodellar og har ideal det er umogleg å oppnå. Dette aukar spiseforstyrringar og skapar haldningar som ikkje går overeins med ein trygg og sikker barndom, siar Reyes.

Kva synst du om reklamen?