Desse ga mest kroppspress i 2014

I dag deler Press ut Årets Gullbarbie til Elevkalenderen – og ein liten bit til Torbjørn Røe Isaksen (H).

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fekk gullbarbie for kroppspress

Det skriv Press i ei pressemelding. Gullbarbien blir delt ut kvart år til den reklamen som er best på å få ungdom til å føla seg verst gjennom året som var. Dei nominerte for 2014 var Synsam, som reklamerer for briller med nakne rumper, Björn Borg som spelar knallhardt på sex for å selga undertøy, og Elevkalenderen i Møre og Romsdal, der mellom anna valet av framside vekte reaksjonar.

Her var det sistnemnde som gjekk av med den tvilsame æra – og sigeren var overlegen.

Bakgrunn: Kven vinn årets Gullbarbie?

Reklamefri sone
Kven som vinn Gullbarbien, blir avgjort med ei avstemming på nett. Nær 7000 stemmer vart gitt, og til slutt satt Elevkalenderen med nesten halvparten av stemmene.

I formiddag blir prisen delt ut av Press og Elevorganisasjonen. Det er mellom anna det store reklameinnhaldet, og kroppspresset som blir brukt i desse, som gjer at Elevkalenderen får prisen.

– Ifølgje Opplæringslova skal skulen, så langt som råd, vera ei reklamefri sone. Elevkalenderen er stappfull av reklame, men blir likevel delt ut i stor skala kvart år, seier leiar i Press, Andrea Sjøvoll.

Leiar for Elevorganisasjonen, Benjamin Skiaker Myrstad, trekk og fram valet av framside i Møre og Romsdal, som fekk mange til å reagera.

– Ei slik framside har ingen plass i norsk skule, seier han.

– Ungdom i dag møter allereie skyhøge forventingar i alle deler av livet sitt, og me må gjera vårt beste for at skulen skal vera ein fristad for kroppspress og liknande, legg han til.

LES OGSÅ: – TV2 sviktar ungdommen

Kunnskapsministeren deler prisen
I ein spesiell vri har Press vald å gi ein del av Gullbarbien til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen, for ei helsing han skreiv i opninga av kalenderen. Ei slik helsing meiner Press er uheldig, då det kan føra til at Elevkalenderen sin plass i skulen

– Torbjørn Røe Isaksen står ikkje bak Elevkalenderen, men legitimerer den med helsinga si. Difor tykkjer me han fortener sin eigen vetle del av Gullbarbie-tittelen, og har førebudd ein symbolsk pris me håpar han vil ta imot, seier Andrea Sjøvoll.

LES OGSÅ: Aftenposten dedikert til ungdommen

Torstein Solheim, dagleg leiar i Norgesexpo, som står bak Elevkalenderen, tok imot Gullbarbien i dag. Foto: Press

Tek imot prisen sjølv
Det er sjeldan at vinnarane av Gullbarbien møter opp for å ta imot prisen, men her går Skandinaviske Medieselskap AS, som står bak Elevkalenderen, mot straumen.

– Det er gledeleg at Det Skandinaviske Medieselskap vil møta oss i dag, og me håpar dei vil vera bevisst ansvaret sitt og ta denne beskjeden frå norsk ungdom på alvor, seier Andrea Sjøvoll.

Bak Det Skandinaviske Medieselskap står Norgesexpo, og dagleg leiar Torstein Solheim møtte opp og tok Gullbarbien i hendene fredag formiddag. Han såg ikkje på tildelinga som ei stor ære.

 – Heile denne saka er veldig uheldig og urettferdig for oss. Her var det 10 000 eksemplar av 250 000 som fekk reaksjonar, og me vil sørga for at dette ikkje vil skje i framtida, seier Torstein Solheim til Framtida.no

Han legg til at Elevkalenderen har vore populær blant elevane i mange år, og blir sett på som eit nyttig verktøy for å organisera kvardagen.

– Me skal halda fram med å gi ut kalendaren i framtida – det er eit behov for den blant elevane. Me er seks ærlege og ordentlege menneskjer som jobbar kvar dag for å gjera denne kalenderen best mogleg. Her har me fått ei lærepenge, om at me må ha ein god kvalitetskontroll på kva som går i trykken. Om det dukkar opp enkeltbilete slik det gjorde i fjor, må me berre plukka dei ut, seier Solheim.

LES OGSÅ: Facebook-aksjon for SUSS-telefonen

Faktaboks

Årets Gullbarbie blir delt ut kvart år av Press, til den eller dei som har vore best til å få ungdom til å føla seg verst.

Press er Redd Barna sin ungdomsorganisasjon.

Gullbarbien for 2014 går til Elevkalenderen, for enorme mengder reklame i skulen, og ei framside i Møre og Romsdal med ei nesten avkledd kvinne.

Torbjørn Røe Isaksen får ein symbolsk pris under utdelinga for si helsing i Elevkalenderen.