Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Press sitt magasin «Borte bra, hjemme best».

Vi kjem ned til Paris ein varm vårdag. Skyene heng tungt over oss og lufta er fuktig. Vi er på veg inn i ein millionby kjent for romanse, mote og velståande menneske. Men bak ei blankpolert fasade rommar denne byen også dårlege kvardagar, fattige strok og omsorgssvikt for dei svakaste i samfunnet. Med klump i magen nærmar vi oss byen kor fleire av våre vennar bur. I telt, på gata, frå stad til stad.

Dei hadde starta eit liv her i Noreg, men livet vart avgrensa med mellombels opphald. Noreg har i lang tid gjeve ungdomar løyve til å verte i landet berre fram til dei er 18 år, for så å returnere dei til Afghanistan.

Vi har sakna gutane. Vi har sakna stemmene deira, historiene deira. Dette er historiane frå gutar som vart kasta ut på gata og som vart tvinga til å legge ut på ei ny flukt, denne gongen på flukt frå Noreg.

Ahmed

Eg har budd 2 år i Noreg. Noreg sa eg kunne reise tilbake til Nangarhar. Her i Paris venta eg 2 mnd. på å registrere fingeravtrykket mitt. Eg vart Dublin. Dei snakka med meg og sa eg måtte vente 4 mnd. Og så sa dei at dei ønskte å sende meg tilbake til Noreg, men det vil eg ikkje. Eg har vore her i Paris 1 år. Eg får ingen pengar og må bu hjå nokre vennar. Dei kjem frå Pakistan. Dei vil ha 250 euro i leie og eg har inga inntekt. Eg hadde 800 euro i lån av mine vennar, men klarte å betale det. No må eg låne igjen, for eg får ingen pengar. No har eg 800 euro i lån frå vennar igjen.

Når eg kom hit var det veldig kaldt og eg hadde ingen varme klede

Eg fekk meg jobb med konstruksjon for ikkje lenge sidan. Eg fekk jobb fordi ein venn visste om nokon som trengde hjelp. Men eg jobbar veldig mykje, heile dagen. Og får nesten ikkje noko pengar sjølv om eg kan jobbe 12-13 timar om dagen. Eg jobbar svart og må passe på så ikkje politiet finn ut av det. Viss politiet kjem, så berre spring vi.

Då eg kom hit var det veldig kaldt og eg hadde ingen varme klede. Eg gjekk utan sko når det var snø fordi skoa mine var heilt våte. Eg måtte sove ute på gata i 3 mnd. Eg var veldig redd.

Eg sa eg var 25 år når eg søkte asyl her, for det er betre då. Du får pengar, og det får du ikkje viss du er 18-25.

Det er ingen som helper meg her. Eg vil veldig gjerne gå tilbake til Noreg.

Foto: Fanny Nørgaard

Les også: Press vil ha slutt på midlertidig opphald for mindreårige asylsøkarar

Khalid

Viss de får vete korleis eg har det, kjem de til å begynne å gråte. Det er så ille. Det er eigne stadar å bu for oss som er mindreårig, men eg får ikkje pengar der og ikkje klede. Nokre dagar et vi ikkje. Men eg er avhengig av å bu her, sidan eg ikkje får pengar.

Det er stor forskjell på Noreg og her. I Noreg gjekk eg på skulen kvar dag. Verja mi i Noreg var snill, men kunne ikkje gjere noko for meg. Her er det ingen skule.

Eg er ikkje glad for å ha reist hit. Eg har mellombels opphald til 18 år i Noreg. Eg vert 18 i november, men eg reiste før. Det var så vanskeleg å berre vente. Noreg har øydelagt framtida mi og alt. Eg er mindreårig og ein liten gut.

Eg budde i 6 mottak på to år i Noreg. Bergen var best. Vi var berre 20 gutar der. Alle levde saman. Dei tilsette hjalp oss og vi fekk mat. Andre mottak var dårleg. Dei som jobba der var ikkje snille. Vi hadde ingen aktivitet og dei tilsette drakk berre kaffi og krangla med oss eller kjefta.

Viss de får vete korleis eg har det, kjem de til å begynne å gråte

Når du reiser spør kanskje mottaket ein gong eller to gongar «kvar er du?», men dei gjer ikkje noko meir.

Det er mange som kjem hit til Paris og som ein trur ein kan stole på, men så seier dei kanskje noko hemmeleg til andre eller fortel om noko i saka mi, så då stolar eg ikkje meir på dei. Det er ingen her vi kan kontakte om vi har spørsmål eller treng informasjon og det er forskjell på korleis dei behandlar søknaden din. I nokre franske byar er det betre, i Paris kan det vere heilt annleis.

Eg føler at eg framleis er på flukt. Ein kan ikkje leve bra liv her. Noreg må slutte å leike med andre sine liv. Eg kom til landet for å få vern. I staden for har eg kasta alle dei åra i søpla. Eg visste ikkje at eg kom til eit liv på vent. Eg er eit lite barn og så måtte eg ut på flukt igjen.

Aron

No pleier eg å sove ute, et ingen faste stadar. Vi får frå stad til stad for å finne mat i moskear. Vi tenker: kven kan gje oss mat i dag? Barndomen er dei viktigaste åra, og min har vorte øydelagt. Dei burde sjå kva vi lever i her. Ingen stadar å bu eller noko. Vi snakkar norsk, er norsk. Norev var bra, men alt til ingen nytte. Noreg bør ikkje gje avslag til unge flyktningar. Alt dette kunne vore unngått.

Les også innlegget: Vi vil heller ikkje hjelpe menneske som har det veldig ille, fordi konsekvensen kan bli at vi sjølve får det litt dårlegare.

Frå den store flyktningleiren Calais i Frankrike i 2016. Foto: Malachybrowne/Flickr/CC BY SA-2.0

Isaq

Eg budde i Noreg i to år, så kom eg til Paris i 2017. I Noreg venta eg i 1 år på intervju. UDI sa at Kunduz er farleg, men at eg berre kan reise til Kabul. Og så når eg klaga til UNE, dei sa at eg likevel kan dra til Kunduz. Eg forstod ikkje noko i Noreg. Fekk ingen informasjon frå UDI eller UNE. Eg forstår ingenting. Dei svarte aldri når eg tok kontakt. I Noreg er det saksbehandlinga som er verst. Å ha opphald til 18 følast som eit fengsel. Før det var alt så bra.

Når eg først kom hit sov eg ute og hadde det veldig vanskeleg. Dei sa eg kunne vere her ei stund. Eg visste ikkje om Dublin når eg kom hit. Først vart eg Dublin og då var eg lei meg. Viss eg må tilbake til Noreg så veit eg dei sender meg til Afghanistan. Ingen høyrde på mi sak når eg fekk vete at eg var Dublin.

Ingen ville vete kvifor eg søkte asyl. Men så plutseleg sa dei at eg var «normal» og fekk opphald. Dei seier eg får opphald her no. Då stenger dei pengane, og eg har ingen jobb. Eg får lov til å jobbe, men klarer ikkje finne jobb fordi ingen har lært meg språket.

Eg har vorte kasta inn i eit galehus for psykisk ustabile

Eg veit ikkje kor lenge eg får bu der eg bur no. Det er ikkje sånn at du får kommune her i Paris. Eg bur på eit mottak og der er det 9 andre på same rom. Det er nesten betre å sove ute. Eg har vorte kasta inn i eit galehus for psykisk ustabile. Dei bur i andre etasjer, og har eigne rom. Men vi flyktningane må bu veldig mange saman på rom.

Her er det mange gutar som drikk, røyker hasj, øydelegg kroppen sin. Det er lett å gå på feil veg her. Korleis skal eg overleve her? Ikkje mat, ikkje pengar, ikkje skule, ikkje jobb. Eg har 350 euro i lån. …Viss det ikkje vert betre her, så må eg reise til Afghanistan for Jihad.

Les også om Instagram-serien der Marlon Langeland møter ungdom på flukt: – Om eg hadde vorte fødd og vaksen opp på same stad som han, så kunne dette vore meg.

Imran

Det er veldig vanskeleg med økonomi her. Har ikkje fått noko pengar sidan eg fekk opphald. Men snart vert eg 25. Eigentleg er eg yngre, men eg sa eg var eldre så eg kunne få pengane ein får etter ein er 25.

Her bur eg saman med ein venn som leiger. Eg har registrert adressa mi hjå ei gammal dame som nokre gongar hjelper meg med pengar. Ho snakkar berre fransk, men ho er snill og vil hjelpe meg. Ho har sagt at eg er som ein son for ho.

Det viktigaste av alt er tryggleik, vern og papir. Sidan vi kom til Noreg har vi konstant vore redde for retur. Heilt sidan vi var små born! Det følast ikkje godt å reise frå Noreg, men vi hadde ingen annan utveg. Vi har måtta starte heilt på nytt.

Heilt sidan eg kom hit har eg ikkje hatt ein einaste bra dag

Heilt sidan eg kom hit har eg ikkje hatt ein einaste bra dag. Alltid problem. Tru meg, heilt sidan Paris klarer eg ikkje å sove. Sidan eg kom hit har eg ikkje hatt ro i sjela. Alt som gjerast her, må ein gjere sjølv.

Ingen frå myndigheitene hjelper, og er ein ikkje fransk, så er ein eit null. Noreg var så mykje betre. Eg hadde vennar og skule, men når ein alltid er redd for å verte returnert er Paris eit betre alternativ. Ingen har lyst til å sove ute i snø og kulde. Vi går gjennom alt dette for å få opphald.

Det var nokre som vart knivstukne rett her borte for litt sidan. Situasjonen her er ille. Livet her er ikkje lett.

Norske myndigheiter må slutte å få oss tilbake til landet og så berre sende oss ut. De let oss ikkje leve her i Paris, de let oss ikkje leve i Noreg. Kva er det de vil?!

Foto: Fanny Nørgaard

Nasrat

Eg veit ikkje kor eg skal sove i natt, men regner det må eg finne ein stad med tak. Eg søv på gata og har gjort det heilt sidan første dag i Paris. Det er kjempevanskeleg. Eg hadde ikkje kome hit viss eg ikkje var redd for deportasjon. Eg trudde Paris var som Noreg. Eg har vore kjemperedd og no er eg veldig sjuk.

Eg reiste frå Noreg på ein spesiell måte. Eg hadde fått negativ frå UDI, men saka mi var ikkje behandla av UNE enno.

Klokka var kanskje 4 på natta og eg fekk ikkje sove, så eg laga mat. Så kom ein tilsett inn og sa at politiet var der og spurte etter meg. Eg sprang ut. Før politiet kom for å hente meg hadde dei henta tre andre gutar. Eg sa til dei at eg ikkje kan dra. Viss de vil drepe meg får de heller drepe meg i Noreg. Det regna og eg gjekk kjempelangt. Eg måtte bort, for eg var så redd. Eg var ute i alle fall 3 dagar. Eg måtte berre gå, gå, gå, gå. Så fann eg eit tog og reiste med det. Eg tok tog heilt til Paris.

Viss de vil drepe meg får de heller drepe meg i Noreg

Eg bur på gata. Nokre gongar La chapelle, nokre gongar Gare de L’est.. Når eg kom til Paris var eg ved vatnet på Jaurès, men politiet kom og kasta oss ut og rydda vekk telta våre. Eg var nokre dagar på mottak, men dei som jobba der ba meg gå ut. Dei kasta meg ut, slo meg. Eg skjønnar ikkje kvifor.

Seinare kom nokre mafia-gutar og truga meg. Dei skulle drepe meg. Dei slo meg og tok telefonen min og pengar. Eg kan ikkje leve her. Her er ikkje bra. Eg vil ikkje søkje asyl her. Mange gutar slåst og det er mafia her. Eg er redd fordi folk kjem og slår meg.

Amin

Eg bur i eit mottak og vi er over 100 som bur der. Dei seier at det er eit lite mottak. Kvar dag slåst folk i mottaket. I Noreg var det inga slåsting og der var det berre born som budde saman. Her er det vaksne. Dei tilsette er ikkje noko snille her. Dei bryr seg ikkje og snakkar aldri med oss.

Les også reportasjen om 26-år gamle Mona Ibrahim Ahmed som saman med Hilde Sandvik har skrive boka Brev til Noreg. Der fortel ho om møte med det norske samfunnet, og kjenslene kring det endelege avslaget på statsborgarsøknaden. 

Hamid

Når eg kom hit var det vanskeleg. Det er framleis vanskeleg. Ingen mat ingen stad å bu. Eg trudde eg skulle døy dei første dagane i Paris. Eg sov ute i 6-7 mnd. No er det litt betre. Det finst nokre folk som hjelper dei som bur ute.

Eg trudde eg skulle døy dei første dagane i Paris

No bur eg ikkje eigentleg heilt inne. Ikkje mitt hus. Bur hjå vennar nokre dagar eller månader. Eg skal gje dei pengar når eg får det. Nokre gongar jobbar eg svart, men ikkje så mykje. Eg får kanskje 25 euro for 12-14 timar jobb.

Paris er ikkje som eg tenkte. Eg er redd for at politiet skal hente meg. Det er vanskeleg å lære seg kulturen og språket her. Eg har ingen vennar, ingenting. Eg vil reise tilbake til heimlandet mitt. Eg vil ikkje bu her meir. Eg veit eg kjem til å døy når eg reiser til Afghanistan, men eg må passe på søstrene mine. Dei har ingen som kan ta vare på dei meir. Eg føler ansvar. Eg må tilbake.

Kamran

Når eg fekk positiv i Paris, så slutta pengane. Eg fekk ca. 300 euro i mnd. No får eg ingenting.

Eg går på skule nokre dagar, og alle der er snille. Eg lærer berre fransk på skulen no og er ganske flink, men forstår ikkje så mykje når eg får nokre brev frå myndigheitene. Alle er på fransk og eg forstår eigentleg veldig lite. Veldig vanskeleg å forstå.

Når eg kom hit budde eg på Jaurés, på gata. Det var ingen dusj, ingen mat eller noko. Sjølv om eg har det ganske bra no, så er Paris veldig vanskeleg. Det er ikkje noko bra stad. Eg har veldig lyst til å komme tilbake til Noreg.

Les også: Sju av ti afghanarar som blir returnerte, må flykte vidare

Saka er omsett til nynorsk av Framtida.no.