Smulane frå bordet vårt


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 11:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg visste knapt nok kva eg dreiv med. Men eg hadde fått ein jobb og måtte freista gjera han. 14 mindreårige gutar frå Afghanistan, komne til Noreg seinhausten 2015, var sendt til bygda eg budde i, og hadde krav på ei form for norskopplæring. Eigentleg var dei 30 stykk, men den yngste helvta tok ungdomsskulen seg av. Eg fekk ansvaret for dei som var 16, 17 år gamle.

Gjennom mørketida

Eg tviler på at eg nokon gong vil få ein meir gjevande jobb. Det var mange utfordringar i klasserommet, mykje støy og ymse konfliktar mellom elevane, i tillegg til at fleire av dei sleit med svarte tankar, uendeleg langt heimefrå som dei var, einsame i den norske polarnatta. Nokre av dei lærde norsk i eit forrykande tempo, andre var det tyngre for, men iver og entusiasme hadde dei alle, og ein draum om at Noreg, same kor iskaldt og forblåse det fortona seg, skulle bli det nye heimlandet deira. Ein lærar bør kanskje ikkje bli ven med elevane sine. Men dei hadde knapt nokon ikring seg, så det var på ein måte uunngåeleg.

Skulegangen hadde vonarleg den eigenverdien at han gjorde livet deira på mottaket litt meir uthaldeleg. Frå eit samfunnsøkonomisk perspektiv var det derimot neppe forsvarleg, for i dag er det, så vidt eg veit, berre nokre fåe av gutane som har fått løyve til å bli i Noreg. Fleirtalet lærde norsk til inga nytte.

For alle vindar

Før skuleåret var omme hadde den fyrste av gutane allereie fylt 18, og han vart sendt til eit anna mottak i eit anna fylke. Vi rakk å ta eit klassebilete fyrst, ein ettermiddag i juni. På biletet ser alle så glade ut.

Ein del av dei har eg enno som vener på Facebook, og på det viset kan eg fylgje litt med på liva deira. Fahim, ein melankolsk ung mann som lærde norsk i rekordfart og sa han ville bli lækjar, melde snart at han var i den såkalla Jungelen i Calais i Frankrike. Han ville over til England, skreiv han til meg, men det er lenge sidan eg høyrde ifrå han no. Kraftkaren Mansoor, den lune, intelligente Omar og den elegante, sporty Bashir har òg hamna på ulike stader i Frankrike. Mostafa, ein humoristisk liten villstyring, er for tida i Tyskland, og det same ser den overmåte høflege og godhjarta Javad ut til å vera. Berre den smørblide spøkefuglen Zafar ser ut til å ha hamna i Afghanistan att. Asif, Hazratullah og Zakirullah veit eg ingenting om.

Eit spørsmål om pengar?

Eg er ikkje den fyrste som har skrive eit sentimentalt innlegg i den stendig meir polariserte flyktningdebatten, og som har prøvd å fortelja folk at flyktningar er menneske som oss andre. Mange har til og med freista hevde at dei framande kan vera ein ressurs for Noreg. Men den fella skal ikkje eg gå i, for då blir ein myrda med tusen tal som provar kva veldig økonomisk byrde alle desse flyktningane – dei einslege mindreårige asylsøkjarane ikkje minst – eigentleg er for landet vårt. Dei vil gå på kostnad av velferda vår, heiter det. Skrekk og gru!

Eg veit godt at flyktningar kostar mykje pengar. Eg har jo sjølv heva ei grei løn for arbeidet med å lære dei norsk. Mange av dei kan bli vanskelege å få ut i jobb. Dei er eit pengesluk, og å nekte for det er berre tull. Men når det er sagt, finst det òg nokre andre pengesluk her i landet, som vi kanskje like gjerne kunne fått bukt med. Vanvitig kostnadsoverskridande byggjeprosjekt i regi av det offentlege, til dømes. Gedigne nye, miljøfiendtlege motorvegar. Hypermoderne jagarfly som vi berre skal tøffe oss med. Ubrukelege konsulentar hyra inn av inkompetente kommunar. Folkerøystingar om kommunesamanslåingar, som blir tvangsgjennomførde uavhengig av valresultatet. Fyllefestane til toppleiinga i statsstøtta frivillige organisasjonar. Finansdepartementets maskeradeball. Kongefamilien. Gebrekkeleg kunst i sentrum av Kvam. You name it. Men for at eg ikkje berre skal skulde på andre, kan eg jo heller ta tak i ei av dei mange utgiftene eg sjølv påfører staten, som til dømes det løna fråværet eg kan ha frå jobb. Ver så god: Ta det. Eg kan gladeleg bli trekt i løn når eg er sjuk, om det kan føre til at nokre unge afghanarar kan få bli i Noreg.

For mykje velferd

Mengda flyktningar som kjem til Noreg er uansett forsvinnande lita samanlikna med mengdene som dårlegare stilte land må hanskast med. Då treng vi ikkje sjå heilt til Uganda, som NRK nyleg fortalde oss om, nei, vi kan jo igjen bruke dei kjære afghanarane mine som døme: Dei vil ikkje attende til det livsfarlege Afghanistan, men i Noreg får dei ikkje bli – er det då greitt for staten Noreg at dei endar opp som ansvaret til Tyskland eller Frankrike?

Det fundamentale problemet er at vi har det for bra i dette landet. Difor manglar vi forståing av kva det vil seia å vera fattig. Men det er ikkje det verste: Vi vil heller ikkje hjelpe menneske som har det veldig ille, fordi konsekvensen kan bli at vi sjølve får det litt dårlegare. Kanskje bør ein spørja seg kva gode og moralske handlingar eigentleg er for noko. Kanskje må det faktisk koste litt å gjera det etisk riktige? Viss alt vi skal gje ifrå oss er smular frå det alltid like overlessa middagsbordet vårt, medan vi elles held fram akkurat som før i dei grenselaust privilegerte liva våre, kan vi ikkje hevde å vera ein moralsk og rettferdig nasjon med omtanke for fred og velstand i verda ikring oss. Då er vi eit land av bortskjemte småungar.