Press vil ha slutt på midlertidig opphald for mindreårige asylsøkarar

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 23.11.2018 13:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er lang saksgang og mykje venting. Og det er veldig tilfeldig korleis ein blir tatt imot, fordi det er stor skilnad frå mottak til mottak og tilfeldig kor ein hamnar, seier Mina Vinje, leiar i Press Redd Barna Ungdom.

Mina Vinje meiner asylbarna blir svikta. Foto: Press Redd Barna Ungdom.

Gjennom prosjektet Borte bra hjemme best har Press reist rundt og snakka med om lag 40 asylsøkande barn på sju forskjellige asylmottak i Noreg, for å lære om kvardagslivet til dei som bur og ventar i norske asylmottak.

I tillegg har dei oppsøkt ungdommar med midlertidig opphaldsløyve som flykta til Paris før dei vart 18 år.

– Vi ville få fram unge og barn sine eigne stemmer. Ofte gløymer ein å snakke med dei, men snakkar om dei som ei gruppe istaden for enkeltindivid, seier Vinje på telefon til Framtida.no.

«Kan ikkje mottaket invitere nordmenn hit?»

Dei fleste ungdommane dei har snakka med, er mellom 13-22 år. Gjennom samtalar, bilde, dikt, tekstar og teikningar har dei fått historier og skildringar frå kvardagen til ungdommane.

«Kan ikkje mottaket invitere nordmenn hit? Dei trur vi er terroristar fordi dei har høyrt det på tv. Dei er redde for oss…men vi er jo ikkje terroristar»!, seier ein gut på 19 til Press.

I FNs barnekonvensjon står det at alle barn har like rettar uansett kor dei bur. Det er eitt av grunnlaga for at Press vil setje fokus på barna som med eller utan foreldre søker asyl i Noreg.

Les også: Press: – Skummelt om vi ignorerer FN

Lang saksbehandling ei psykisk påkjenning

Ungdommane har fortalt om korleis lang saksbehandlingstid er ei enorm psykisk påkjenning som hindrar dei i å leve gode liv. Psykiske og fysiske helseplager og knapp økonomi er òg faktorar som påverkar kvardagen til ungdommane.

I Noreg er det sett ei maksgrense for økonomisk støtte på 10.000 kroner for kvar familie i månaden.

– Vi ser at mange familiar ikkje har nok til å dekke grunnleggande behov som mat, klede og bleier. Så det har stor innverknad på deira liv, seier Vinje.

Ansvaret for asylsøkarbarn fordelt på tre departement

Ansvaret for asylsøkarbarna er fordelt på barne- og likestillings, kunnskaps- og integrerings og justisdepartementet.

I ein samla epost til departementa har Framtida.no bedt om svar på Press sine observasjonar og tilrådingar etter at dei besøkte asylmottaka.

Angåande maksgrensa på 10.000 får Framtida.no til svar at ekstraordinære tilleggsytingar kan bli gitt dersom det er naudsynt for bebuaren sitt liv og helse.

Familiar som har fått opphaldsløyve kan motta barnetrygd og/eller fødselspengar og halde desse beløpa uberørt av maksgrensa.

– Ingen skal svelta eller lida naud medan dei oppheld seg i mottak, skriv departementet.

Likevel erfarer Press at fleire dei har besøkt på mottaka ikkje får grunnleggande behov som mat og klede dekt.

Frå magasinet «Borte bra hjemme best». Foto: Press

Press har òg fått sjå at midlertidig opphaldsløyve gjer at barna lever eit liv på vent, og at det pregar kvardagen deira i stor grad.

– Barnet sitt beste skal vere eit grunnleggjande omsyn. Det er eit krav at einslege, mindreårige asylsøkarar skal prioriterast i alle ledd i saksbehandlinga, skriv Justisdepartementet.

Les også: FN Kritiserer Noreg for forskjellsbehandling av unge mindreårige asylsøkarar

Barn med midlertidig opphaldsløyve flyktar vidare

Mange av barna som har midlertidig opphaldsløyve, vel å flykte vidare før dei blir 18, for å sleppe å reise tilbake til heimlandet.

I Noreg forsvann 66 einslege asylsøkande barn frå januar til august i 2018. I 2017 forsvann 206 einslege asylsøkande barn i Noreg. 93 av desse hadde midlertidig opphald fram til 18 år. Det utgjer 45 prosent av alle som forsvann.

Som ein del av arbeidet med magasinet, reiste Press òg til Paris for å snakke med nokre av dei som har flykta vidare frå Noreg før dei vart 18.

Aron er ein av dei:

«(…) No pleier eg å sove ute, eg bur ingen faste plassar. Vi går fra stad til stad for å finne mat i moskear. Vi tenker: kven kan gi oss mat i dag? Barndommen er dei viktigaste åra, og min har blitt øydelagt. Dei burde sjå kva vi lever i her. Ingen stad å bu eller noko. Vi snakkar norsk, er norske. Norge var bra, men alt til inga nytte», seier han til Press.

– Ein ser veldig tydeleg at det er politiske tiltak som må til for å få betra situasjonen. Ein ser at barn sine rettar blir brotne på mottak i Noreg. Det er viktig at politikarane tek ansvar og får til ei endring, seier Vinje.

Les også: Bekymra for unge asylsøkarar som forsvinn

Dette er anbefalingane frå Press til regjeringa:

  • Å fjerne maksgrensa på 10.000 kr per familie som søkar asyl.
  • Å sørge for kort saksbehandlingstid, uavhengig av talet på ankomstar per år.
  • Å sikre et omfattande, gratis aktivitetstilbod til alle barn og unge som søker asyl.
  • Eiga språkopplæring for barn og unge under 25 år.
  • At retten til vidaregående opplæring gjeld for alle ungdommar som oppheld seg i Noreg.
  • At omsorgsansvaret for einslege asylsøkande barn fra 15-18 år ligg hos barnevernet.
  • Førebyggande tiltak mot forsvinningar.
  • Oppskalering av politiets ressursar til å etterforske forsvinningssaker og avdekke moglege offer for menneskehandel.
  • Fleire førebyggande tiltak mot utnytting av barn som har forsvunne frå mottak.
  • Avskaffe ordninga med midlertidig opphald for einslege asylsøkande barn.

UDI vil ikkje endre på midlertidig opphald

På epost til Framtida.no svarer Justis- og beredskapsdepartementet at det per i dag ikkje er aktuelt med endringar i utlendingsforskrifta § 8-8, som gir einslege, mindreårige asylsøkarar rett til opphald fram til fylte 18 år dersom søkaren er utan forsvarleg omsorg ved retur. Desse ungdommane mistar retten til opphald i Noreg når dei fyller 18.

Vidare skriv dei at dei er opptatte av å legge til rette for så gode løysingar som mogleg i mottaka for å førebygge at forsvinningar skjer. Når einslege mindreårige forsvinn frå mottaka, har UDI ansvar for å varsle barnevern, representant (verge), advokat og politi.

På tilrådinga om å overføre omsorgsansvaret for barn fra 15-18 år til barnevernet, svarer UDI at omsorgen som tilbys til einslege mindreårige i alderen 15–18 år i mottak er tilpassa for å møte behova til denne gruppa. UDI gir eksempel på at dei ivaretek behova til barna med at dei stiller krav til driftsoperatørane knytt til bemanning, kompetanse og omsorgsarbeid.

Dei siste åra har UDI òg fått bevilga ekstra midlar til auka bemanning og barnefagleg kompetanse. Dette blir antatt å ha bidrege til at dei einslege mindreårige mellom 15 og 18 år i den seinare tida har fått eit styrka omsorgstilbod, i form av tettare oppfølging, betre omsorg og eit meir meningsfullt tilvere, skriv UDI.

Les også: – Eit elendig budsjett for asylbarn