Sju av ti afghanarar som blir returnerte, må flykte vidare

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Situasjonen har gradvis vorte verre og verre over fleire år. Det blir meir uro, meir terror, meir usikkerheit og det er eit aukande tal sivile på flukt, seier Pål Nesse, seniorrådgjevar i Flyktninghjelpa.

Flyktar lengre inn i landet eller til nabolanda

Ein ny rapport frå Flyktninghjelpa viser at flyktningar som blir sendte tilbake til Afghanistan ofte ikkje kan dra til heimstaden sin grunna terror og konflikt. Dei flyktar då lengre inn i landet, eller til andre land. Dei er avhengige av inntekt og å brødfø seg. Afghanistan har ikkje kapasitet til å tilby jobb.

Les også: Yosef er eit oktoberbarn: – Eg har ingenting i Afghanistan

Mange flyktar til Iran og Pakistan

Mange av dei heimsendte flyktar igjen til Iran og Pakistan, som allereie har mellom to og tre millionar afghanske flyktningar i kvart land. Desse landa har byrja å returnere afghanarar tilbake til heimlandet.

I rapporten svarer 72 prosent av afghanarane som har returnert etter å ha levd som flyktning i eit anna land, at dei har vorte drivne på flukt to gonger. Mange fortel at dei har vorte tvinga på flukt opptil tre gonger etter at dei returnerte til Afghanistan.

– Bør ikkje returnere dersom dei ikkje trygt kan reise til heimplassen

– Kor viktig er det at Noreg ikkje returnerer flyktningar til Afghanistan?

Paal Nesse, seniorrådgjevar i Flyktninghjelpa

Paal Nesse, seniorrådgjevar i Flyktninghjelpa

– Vi bør ikkje returnere dersom dei ikkje trygt kan reise tilbake til den staden dei kjem ifrå, med eit nettverk rundt seg og moglegheit for inntekt. Å sende folk til til dømes Kabul eller Jalalabad er ikkje noko alternativ, seier Nesse.

Han legg til at dersom dei kan reise tilbake til den staden dei kjem ifrå, og at det er fritt for uro der, så er det greitt.

Kan ikkje sende born til internflukt

Debatten har lenge gått om born kan sendast tilbake til internflukt. Her er Nesse klar.

– Nei, vi kan ikkje det. Det er uro så mange stader i landet, og det blir veldig vanskeleg for borna å klare seg ein stad der dei ikkje har familie og nettverk frå før.

Les også: Bekymra for unge asylsøkarar som forsvinn

Ber regjeringa gjeninnføre rimelegheitskravet

Fram til i 2016 hadde Noreg eit «rimelegheitskrav» som sette krav til staden flyktningar vart sende tilbake til:  På den nye staden skulle ikkje personen risikere å bli forfølgd eller bli utsett for andre overgrep, og inntil nyleg måtte det også vere rimeleg for personen å skulle busetje seg der.

FN sin høgkomissær for flyktningar har vore klar på at å fjerne rimelegheitsvillkåret er eit brot på flyktningkonvensjonen.

– Vi synst det er veldig alvorleg at Noreg bryt internasjonal lov, seier Nesse, som har klar beskjed til regjeringa:

– Vi bør gjeninnføre rimelegheitsvilkåret og respektere FN sine tilrådingar, seier han.