Mona og Hilde vil få med gutane i kampen mot sosial kontroll

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Om du ikkje jobbar med gutar, men berre jobbar med jenter i ein familie, så blir ingen av dei fri. Då kan ein berre jobbe og jobbe og jobbe med sosial kontroll i mange år, og så oppnår ein ingenting, seier Mona Ibrahim Ahmed (26).

Ho er ei av stemmene som Samlaget har valgt å løfta fram i bokserien Norsk røyndom. I Brev til Noreg, som er ført i pennen av Hilde Sandvik, fortel ho om møtet med det norske samfunnet og hennar eigne kjensler kring det endelege avslaget på søknad om norsk statsborgarskap.

I boka tek Ahmed òg eit oppgjer med sosial kontroll, der ho utvidar problemet til å handle om meir enn berre jentene.

Les også: Seks av ti nye borgarar har dobbelt statsborgarskap

Frå klan til individ

Sandvik meiner utan tvil at Ahmed si stemme er sårt etterlengta i den norske debatten.

– Eg meiner Mona set ord på dei utfordringane som det er å koma frå ein klankultur, ein vi-kultur, til ein eg-kultur, som er veldig lærerik for mange av oss, seier Sandvik, som etter at ho slutta som kulturredaktør i Bergens Tidene har starta den fellesnordiske nettstaden Broenxyz.

Sandvik kallar boka eit lærestykke, som bør lesast uansett om ein er lærar, ven, jobbar med integrering eller ikkje.

For Sandvik er det utruleg at ein forventar at personar frå kulturar med høg grad av tradisjonelle og religiøse verdiar på ein augneblink skal kunne endra tankesett og forstå kva statsindividualisme er.

– Det skjer ikkje utan vidare, påpeikar ho.

Les også: Som 14-åring vart Iram Haq sendt til Pakistan mot sin vilje

Mona Ibrahim Ahmed (26) fortel si historie i «Brev til Noreg», som er ein del av Samlaget sin serie «Norsk røyndom».

Avslag på kvitt papir

Men kvifor skriva eit brev til Noreg?

– Eg ville skriva brev til menneska som bur i Noreg for å ha betre forståing av dei sjelene som går gjennom dette her, seier Ahmed.

Ho viser til den situasjonen ho og kring 1600 menneskjer er i i dag, nemleg at dei har fått tilbaketrekt opphaldsløyva av UDI og UNE.

Fordi myndigheitene ikkje trur på at ho er frå Somalia, men meiner ho er frå nabolandet Djibouti, får ho ikkje statsborgarskap. Men enn så lenge har ho opphaldsløyve.

I Brev til Noreg fortel Ahmed om oppveksten som flyktning i Etiopia, sitt første møte med norsk kultur, samfunn og skulevesen. Og om korleis det er å forhalde seg til to så ulike kulturar.

Les også: Dataspel kan fremme integrering

Ein heftig overgang

Sommaren 2008 sette Mona Ahmed for første gong sine bein i Noreg. Ho kom saman med mor, ei syster og ein bror etter faren som hadde reist i førevegen. Etter berre åtte månader norskopplæring på Nygård skule starta ho på studiespesialiserande linje på vidaregåande skule i den nye heimbyen Bergen. Fleire gongar vurderte ho å droppa ut fordi det var så tøft.

– Det var veldig heftig. Det var ein stor overgang. Eg gjekk frå å læra å byggja setningar og læra om alfabetet til nokre månader seinare å gå på norsk vidaregåande skule med norske ungdommar, som har gått på norsk skule heile livet. Det var veldig krevjande, seier Ahmed.

Fråvær som nesten tilsvara eitt skuleår

Ho gjekk ut av vidaregåande med fråvær som nesten tilsvara eitt skuleår, men heldigvis betra karakterane seg betrakteleg frå første til tredje klasse.

I dag kan vidaregåande fungera som ein del av introduksjonsprogrammet, noko som betyr at elevar kan koma inn på vidaregåande utan meir enn nokre månader norskopplæring. Det meiner Ahmed er ein dårleg ide.

– Det året eg gjekk på Nygård skule var eit fantastisk år der eg fekk tid til å etablera meg fysisk og psykisk i Bergen og samstundes lære norsk på ein enkel måte, seier 26-åringen.

Ho er særleg uroa for den høge andelen gutar med innvandrarbakgrunn som droppar ut av vidaregåande. Ho meiner tida er inne for ein frigjeringskamp for gutar.

Les intervju med Nancy Herz frå «Dei skamlause jentene»: – Vi må sjølve stå på barrikadane

Både Mona Ibrahim Ahmed og Hilde Sandvik meiner det er viktig at politikarane tek grep for å hindra utanforskap blant ungdom med innvandrarbakgrunn.

Gutane må med

Både Mona Ahmed og Hilde Sandvik meiner me er blitt flinkare til å ta imot jenter med innvandrarbakgrunn, heie dei fram, gje dei møteplassar og sleppe dei til på store scener.

– Ein har ikkje dei same arenaane for gutar. Gutane vel seg då kanskje moskeen, som er ein stad der ein kjenner at ein får respekt og den ballasten og støtta, peikar Sandvik på.

Ahmed gler seg over at jenter med minoritetsbakgrunn får sjå stadig fleire gode førebilete, noko ho ikkje såg like mykje for ti år sidan. Då er ho meir uroa for gutane, som ofte føler dei får eit negativt stempel.

– Gutane vert ofte sett med andre briller – at det er dei som kontrollerer. Det er ikkje i alle gutane, men i mange tilfelle er det dei som kontrollerer. Det er dei som slår. Men desse oppgåvene har dei òg fått og det er mange som ikkje ønskjer det, seier Ahmed.

Les intervju med Sumaya Jirde Ali: – Ikkje ver redd for sånne som meg

Støtta, ikkje beskytta

Saman har dei to kvinnene difor starta organisasjonen «Support not protect», som tek gutane – brørne – med i kampen mot sosial kontroll – ein kamp Mona Ahmed har teke både offentleg og privat.

Som Ahmed seier i Brev til Noreg:

«Tida er inne for ein frigjeringskamp for gutane. Vi må ha samtalar og diskusjonar der dei er inviterte inn, og la dei få lov til å utvikle sine eigne tankar. Vi må møte dei som enkeltindivid, spørje: «Kva tenkjer du? Kva synest du? Kva meiner du?»

Hilde Sandvik erfarar at når dei opnar opp for samtalen om å støtta eller beskytta syster si, så treff det noko.

– Men dei treng eit begrepsapparat, så kanskje kan me koma med det no, seier Sandvik.

Support_not_protect_prores422hq_EngSubs (1) from Support not protect on Vimeo.

Positiv til integreringstiltak

Begge dei to følgjer den løpande innvandrings- og integreringsdebatten tett. I regjeringa sin nye integreringsstrategi blir det mellom anna foreslått å fordele flyktingar utover landet. Det betyr at område med høgare del av innvandrarar en 30 prosent ikkje skal busetja fleire flyktingar.

Det meiner Ahmed er lurt.

– Det er inga sunn løysing å gruppere folk, når dei er nye. Det er veldig deilig å bu i eit nabolag der mange snakkar ditt språk, men etter lang tid så er det ikkje sunt. Ein utviklar seg ikkje og vert sugd inn i det same miljøet heile tida, seier ho.

Sandvik meiner Ahmed si historie hadde vore sårt tiltrengt i den betente svenske innvandringsdebatten.

48-åringen er ikkje i tvil om at Noreg framleis er det landet som har klart utfordringane knytt til innvandring og integrering best samanlikna med våre naboland.

Les også: Vert fellesskapskjensla vår svekka av auka innvandring?

Bergensskulen

Sandvik meiner at Bergen kan bli ein modell til etterfølging, dersom politikarane tek tak no.

– Tenk på det at Bergen er Noregs nest største by. Gøteborg, Malmø, Aarhus og Aalborg er fire byar med ekstreme utfordringar knytt til innvandring – dei har parallellsamfunn, dei har store gjengar, dei har mykje kriminalitet. Enn så lenge har me ikkje ein nummer to by i Noreg som har den type utfordringar, seier Sandvik.

Ho kallar utviklinga på Holmlia faretrugande, men meiner me endå ikkje kan samanlikna det med forstader som Biskopgården, Rosengården eller berykta Rinkeby i Sverige.

Les også: Jon Hustad: – Ingen veit lenger kva norsk asylpolitikk er

Utanforskap

– Det er den utanforskapskjensla, som kan dukke opp av mange grunnar. Det er berre å lese Tante Ulrikkes vei det, så forstår ein det at dette er søren ikkje lett, seier Sandvik, som får støtte av Ahmed.

– Ein ser jo det. Om ein ikkje gjer noko med det, så vert det til at ein mistar kontroll. Det er det ingen ynskjer, seier Ahmed.

Både ho og Sandvik er uroa for at me no er i ferd med å gje opp, som ein kan sjå eksempel på andre stader i Europa.

– Det er det som skjer i Frankrike og store delar av Tyskland, så har ein liksom gitt opp tanken om at alle skal kunne løftast. Det er jo det som har vore grunntanken i europeisk humanisme, peikar Sandvik på.

Og løysinga?

– Me må ikkje gå vekk frå tanken om at alle skal løftast. Me må ikkje gje opp. Me må laga fleire arenaar for gutar og jenter – og gutar og jenter saman, avsluttar Ahmed.

Har muslimar lov til å vere kjærastar?