Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 12.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Marlon Langeland, som slo igjennom som Jonas i SKAM, er no aktuell med ny Instagram-serie. Der skal han møte ungdom på flukt – nokre av dei 28 millionar barn og ungdom under 18 år som er på flukt frå krig, konflikt og forfølging verda over.

– Eg kan ikkje redde verda. Men viss eg klarar å endre haldningane til éin person, kan det smitte over på andre, seier Langeland til Flyktninghjelpen.

Reisa går over tre kontinent. Langeland har allereie vore i Libanon i Midtausten, der over ein fjerdedel av av befolkninga er flyktningar frå Syria og Palestina. Neste stopp vert Latin-Amerika, før serien vert avslutta i Afrika. På førehand har han også delteke på sikkerheitskurs i regi av Flyktninghjelpen.

Se dette innlegget på Instagram

ET INNLEGG DELT AV MARLON ??? (@MARLONLANGELAND) 

Les også: Ein flyktning følgjer dei andre sitt spor

#marlonsjourney

Dei to episodene er allereie tilgjengeleg på Flyktinghjelpen sin Instagram-konto. Under emneknaggen #marlonsjourney og på hans eigen Instagram-konto kan du følgje den unge skodespelaren både i førebuingane og serien.

Se dette innlegget på Instagram

ET INNLEGG DELT AV FLYKTNINGHJELPEN (@NRC_FLYKTNINGHJELPEN) 

I farens fotspor

Langeland har også eit personleg forhold til det å vere flyktning. Far hans kom til Noreg i 1973 som politisk flyktning frå Chile. No, 45 år seinare, skal Marlon Langeland tilbake til Latin-Amerika for å nøste opp i korleis livet som flyktning er.

– Eg gler meg ganske mykje for eg har jo bakgrunn frå Chile. Eg ser veldig fram til det. Målet er å få eit nytt perspektiv, seier 19-åringen til Nyhetsmorgen på NRK.

Les også: – Dagens asylsystem lokkar unge i dødsfeller

Flyktningsaka

Dette er ikkje første gong Marlon Langeland har engasjert seg i flyktningsaka. I 2017 laga han ein video i samarbeid med Redd Barna der han gav stemme til ein ung gut som flykta åleine frå Afghanistan til Noreg.

– Om eg hadde vorte fødd og vakse opp på same stad som han, så kunne dette vore meg. Eg har alltid fått høyre at vi i Noreg har trekt vinnarloddet, og har flaks som bur i eit av verdas beste land. Men dette handlar ikkje om flaks eller uflaks, dette handlar om respekt og det å vere eit medmenneske, sa han til Redd Barna den gong.

Sjå videoen her: 

Les også: Sju av ti afghanarar som vert returnerte må flykte vidare