Plast i havisen i nord uroar

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Enorme mengder plast i havisen nord for Noreg

Framtida har tidlegare teke opp plastforureininga i verda, men då har det ofte vore fokus på Asia, Afrika og Stillehavet. Vi tok kontakt med Ingeborg Hallanger på Norsk Polarinstitutt for å få høyre korleis det er med plast i Noreg.

Dyra trur at plasten er mat

– Plast er eit menneskeskapt problem. Dyr, fuglar og fisk har to ulike problem med
dette. Det eine er at dei set seg fast i plasten og vert skadde og døyr på grunn av det. Det andre er at dei et plast. Ei av årsakene til at dyr et plast, kan vera at plasten etter ei tid i hava tek til seg same lukt som zooplankton. Dermed trur fisk og fugl at dei et mat.

– Anna forsking har sett at nanoplast har endra koss fisken leitar etter mat. Dei fiskane som fekk i seg nanoplast av ein viss storleik, vart dårlegare til å finna mat, og dei brukte lengre tid enn fisk utan nanoplast på å finna same mengd mat. Dette kan jo ikkje vera positivt, seier ho.

Hallanger gjer det klart at all plast kjem frå menneske. Det ikkje finst noko form for plast som er «naturleg» eller som opprinneleg finst i naturen.

To typar mikroplast

– Mikroplast kan produserast på to ulike måtar. Den eine kallar vi «primær mikroplast» og det er plast som er laga for å vera mikroplast. Dette kan vera plast som er meint for kosmetikkprodukt som ansiktsvask med skrubbeffekt og tannkrem.

– Det andre er «sekundær mikroplast». Det er større plastbitar som er vorte fragmenterte og brote ned til mikroplast. Plast forsvinn ikkje, han blir berre brote ned til mindre og mindre bitar ved hjelp av UV-lys og mekanisk rørsle, forklarar ho.

Globalt seier ein at omlag 1 million tonn med primær mikroplast endar opp i hava kvart år, men kor mykje sekundær mikroplast det finst i hava veit ingen. Nedbrytinga av større plastbitar som allereie er i havet lagar meir mikroplast og nanoplast kvart einaste år.

– For oss forskarar er det så godt som umogleg å sjå skilnad på primær og sekundær mikroplast i ei prøve teke frå t.d. sjø, sediment eller havis.

Plast nær Noreg

Polarinstituttet i Tromsø er statleg og forskar på nordområda.
Foto: Harald Groven/Flickr/CC BY-SA 2.0.

– Det er litt vanskeleg å seia bastant kor mykje plast det er i nærleiken av Noreg, ettersom det er gjort så få observasjonar av plast/mikroplast i nord. Vi veit at det er meir havsøppel i djuphavet i Barentshavet enn langs norskekysten. Men på djuphavet i Framstredet så har det vorte funne meir havsøppel enn i djuphavet utanfor Lisboa og i Mexicogulfen.

– Når det gjeld mikroplast i havet så er nivåa høge. I nordlege Barentshavet er det meir mikroplast enn i Nordsjøen, og det ser ut som om Grønlandshavet, Framstredet og Barentshavet har mykje meir mikroplast enn elles i kystnære område kring polhavet.

– I sjøis er det funne skremmande høge konsentrasjonar av mikroplast. Kvifor det er så mykje mikroplast i is er vi usikre på, men det er store mengder om ein samanliknar med sjøvatnet, held Hallanger fram.

– Ein av dei store skilnadane i plast i havet frå nord og sør er at i nord er det fiskeri og shipping som er hovudkjelda til plasten, hevdar ho.

Elles er det ofte hushaldsavfallet som er den vanlege syndaren.

– At plastsøppel drep dyra er hjarteskjerande

Ola Eian i Grøn Ungdom blir sint når han ser korleis vi øydelegg den reine og urørte naturen i nordområda våre.

Ola Eian, nasjonal talsperson i Grøn Ungdom. Foto: Grøn Ungdom

– Plastsøppel drep dyra vi deler planeten med, og det er hjarteskjerande. For eitt år sidan døydde Sotra-kvalen sveltedauden med magesekken ful av plastposar. Denne månaden drukna ein delfin i Oslofjorden fordi byggeavfall og plast hindra han frå å symje opp og trekke pusten, seier Eian.

Han vedgår likevel at om ein ser på alle land, så er det lite av den totale mengda plast i havet som kjem frå Noreg (kan vere så lite som 0.03 prosent).

– Kva kan vi gjere med plastproblemet?

– Vi bør verta flinke til å resirkulera den plasten som vi brukar, og byrje å bruke mindre totalt sett. Dette både som individ og som samfunn. Det beste middelet mot plastforureining er å slutta å bruka plast, foreslår Hallangen.

– Globalt kan vi vera med på å støtta andre land til å få ordentleg handtering av søppel på plass. Vi kan òg vera med på å setja press for å redusera bruken av plast i emballasje, for hovudparten av all plast er emballasje, avsluttar Hallangen.

Fleire løysingar for å redusere plasten

Eian meiner løysinga er tredelt, og må gå parallelt:

1) Vi må redusere plastbruken. Ein bør avgiftsbelegge unødig bruk av plastemballasje og forby eingongsprodukt. Det finst gode nedbrytbare alternativ for alt frå q-tips til plastbestikk (eingongsfat av mais som kan ein kan ete er eit kult og miljøvennleg alternativ).

2) Vi må stille strengare krav til fiskeri, oppdrettsnæring og byggebransjen. Vi treng ein nullvisjon for plastforsøpling får skip, oppdrettsanlegg og byggeplassar. Resirkulert plast må premierast slik at plast blir ein verdifull ressurs og kjelde til arbeidsplass.

3) Det må vere lønsamt å rydda opp. Prøveprosjektet «Fishing for litter», der fiskarar får løn for å rydde plast på sjøen, må bli permanent og gjelde i heile landet.