Fann 6 kg plast i magen på død spermkval

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 01.07.2020 10:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag kveld vart ein 9,5 meter lang spermkval funnen på ei strand i Wakatobi National Park i Indonesia. Det melder internasjonale medium som BBC.

På innsida av kvalen fann forskarar mellom anna 115 plastkoppar, fire plastflasker, 25 plastposar og to flip-flopar.

Har ikkje slått fast dødsårsaka

Seinast i fjor måtte ein norsk gåsnebbkval avlivast og forskarar delte bilete av 30 plastposar, som vart funne inni kvalen.

WWF-Indonesia delte dette biletet av innhaldet i den døde kvalen. Foto: WWF-Indonesia/Kartika Sumolang

Funnet i Indonesia har opprørt miljøvernarar over heile verda etter at WWF Indonesia delte bilete av kvalen på Twitter.

– Sjølv om me ikkje har klart å finna dødsårsaka, er tinga me ser heilt forferdelege, seier Dwi Suprapti, som jobbar med marine artar i WWF.

Les også: Plastposar i kval bekymrar miljøekspertar

Dei fem store plastlanda

Plastforsøpling utgjer ein stor trussel for havdyra i Søraust-Asia, seinast i juni vart det funne ein død kval i Thailand som hadde 80 plastposar i magen.

Bruk av eingongsplast er eit stort problem i mange land i Søraust-Asia, inkludert Indonesia. Ifølgje ein rapport frå 2015 står Kina, Indonesia, Filippinane og Thailand for kring 60 prosent av plasten som ender opp i hava.

I 2017 gjekk FN til aksjon mot plastavfall med kampanjen #CleanSeas. Ifølgje organisasjonen vert det årleg dumpa 8 millionar tonn i havet – noko som tilsvarar eit lastebillass i minuttet.

Målet til FN er å få slutt på mikroplast i kosmetikk og få bukt med eingongsplast innan år 2022.

Plast – frå hav til fat

Kampanjen vart lansert under The Economist World Ocean Summit på Bali i februar i fjor.

Erik Solheim, som nyleg trakk seg som FNs miljøsjef, sa då at det er på høg tid me tek tak i plastproblemet.

– Plastforureining surfar inn på indonesiske strender, legg seg på havbotnen ved Nordpolen og går gjennom næringskjeda og opp på middagsfata våre. Me har stått og sett på for lenge, samstundes som problemet har vorte verre, sa Solheim i 2017.