Visste du dette om havet?

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 17.09.2018 10:09

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forskarar i dag har stort sett halde seg til område over åtte hundre meters djupn, både fordi det er meir avansert å dykke lengre ned, men òg fordi det er større mengder liv ned til 500 meter under havoverflata.

Men for å nå det djupaste punktet som er målt, må vi over 10.000 meter lengre ned.

Med på turen trengst òg mykje meir avansert utstyr, for der nede er det eit enormt trykk, så mykje trykk at ei vanleg dykkarkule (ubåt) ville gått i knas.

Instagram-taggen rfedortsov har gjort hobby av å dele bilde av rare vesen under vatn:

Visste du dette om havet?

  • Av heile jorda si overflate, er det over 70% som består av hav.
  • Det aller djupaste punktet som er målt under havoverflata, er Marianegropa i Stillehavet.

Punktet er om lag 11.035 meter under havoverflata. Til samanlikning er verdas høgaste fjell, Mount Everest, 8 848 moh.

Det høgaste fjellet i verda, Mount Everest, er lågare enn havbotnen er djup. Foto: Rupert Taylor-Price, Flickr cc-commons

Les også: 10 ting du ikkje visste om havet

  • Menneska var heilt nede på 10 916 meters djupn i Marianegropa allereie i 1960. Det var da Jacques Piccard og Don Walsh som var mannskap i spesial-ubåten USS «Trieste».

Bragda vart i si tid dels sett som ledd i det teknologiske kappløpet mellom supermaktane USA og Sovjetunionen.

Jacques Piccard og Don Walsh var mannskap i spesial-ubåten USS «Trieste». Foto: Wikimedia Commons

  • Lyd under vatn har ei fart på 1500 m/s. Til samanlikning beveger lyd i luft seg med ei fart på «berre» 340 meter i sekundet.
  • Gjennomsnittsdjupna i verdshava er på 3500 meter.
  • Vanleg havforsking for å undersøke fiskebestand går ikkje lengre ned enn til 800 meter.

Nok to rare vesen frå langt der nede:

https://www.instagram.com/p/BOpjrJ_j6UU/?taken-by=rfedortsov

  • Djupt under havoverflata finst det vulkanske område med varme kjelder som gir opphav til unike økosystem. Det finst teoriar om at det var her det for første gong oppstod liv for rundt fire milliardar år sidan.
  • Nord-Atlanteren, og spesielt det Nordøstlege Atlanterhavet er dei best undersøkte havområda i verdshava.
  • Under havet kan ein òg finne undersjøiske elvar. Sjå video øvst i saka!

Kjelder:

Snl.no, wikipedia.no, Svein Sundby og Erik Olsen v/Havforskingsinstituttet i Bergen.