Ekspertintervju: Kan klimaendringar føre til krig?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert hjå Energi og Klima. 

Var borgarkrigen i Syria eit resultat av ei tre år lang tørke? Fekk vi den arabiske våren på grunn av matkrisa? Kan vi vente meir krig og væpna konflikt med aukande global oppvarming?

Forsking på samanhengen mellom klima, klimaendringar og konflikt er eit ungt felt. I IPCC sin spesialrapport om 1,5 graders oppvarming blir problemstillinga via eit avsnitt, men den går berre gjennom den siste forskinga på området.

Ein av forskarane som er hyppig sitert i avsnittet er Halvard Buhaug i PRIO. Han meiner det er tvilsamt om klima spelar noko stor rolle som konfliktdrivar, men han meiner det er heilt klart at menneske i konfliktområde er meir sårbare for klimaendringar enn andre.

Les også: Ei halv grad med enorme konsekvensar

2°C: – Kan klimaet påverke væpna konfliktar? 

Halvard Buhaug er Forsker I ved Institutt for fredsforskning (PRIO) og Professor II i statsvitenskap ved NTNU. Foto: NTNU.

Halvard Buhaug: – Det kan vere ein faktor, men det er neppe den viktigaste. Dei færraste vil nok påstå at ein konflikt vil bryte ut som direkte effekt av klima. Enkelte har argumentert for at klima kan ha utløyst konfliktar, men det er kontroversielt. Den meir utbreidde forståinga er at klima er ein såkalla «threat multiplier».

– Kva er meint med det? 

– Det tyder at du må ha ein eksisterande risiko for at ein konflikt bryt ut. Klimafaktorar kan då forsterke effekten av andre risikofaktorar. Det kan forklare kvifor ein ikkje får konfliktar i stabile samfunn sjølv under dei verste hetebølgjer og tørker. Fordi det underliggande konfliktnivået er for lågt. I sårbare samfunn, derimot, er gjerne mange risikofaktorar til stades: Manglande økonomisk utvikling, ustabilitet, korrupsjon, og så vidare. då kan til dømes ekstremvêr auke risikoen.

Dei færraste vil nok påstå at ein konflikt vil bryte ut som direkte effekt av klima

– Korleis kan det føregå?

– Til dømes kan tørke føre til tap av inntekt og levekår når jordbruket sviktar og husdyr døyr. Det kan i neste omgang gjere det lettare for opprørarane å rekruttere soldatar. Det blir «billegare» å starte ein konflikt, om du vil. Samstundes vil staten i mange slike land ha færre ressurser til rådigheit i omfordelinga. Det kan også skape misnøye.

Les også: Dette er det viktigaste Noreg kan gjera i møte med klimarisiko

Usemje om kor stor klimaeffekten er

– Men nokre hevder altså at klimaforhold også kan utløyse konflikt? 

– Ja, noko forsking ser til dømes på korleis ekstremvêr kan påverke mattryggleik og matprisar. Blant anna har den arabiske våren vorte sett i samanheng med den globale matkrisa av enkelte forskarar. Dei har vist til at det var ei betydeleg prisauke på elementære matvarer som kveite i månadane før dei første opptøyane i Tunisia og Egypt. Prisauken skuldast mange ting, men tørke og hetebølgjer spelte også inn. Men, som sagt, dette er kontroversialt.

– Kvifor det? 

– Utfordringa for oss som forskarar vil vere å forsøke å kvantifisere, altså seie noko om storleiken på effekten av klima opp mot andre årsakar. Der er ikkje forskarane heilt samstemte. Nokre vektlegg klima og vêr ganske tungt. Andre legg meir vekt på politiske forhold. Dei fleste vil nok vere samde om at andre forhold er viktigaste, men det er usemje om den relative tydinga av klimaforhold. Og det er meir semje om at klima har eit større potensial for å påverke pågåande konfliktar enn å påverke risikoen for at nye konfliktar skal bryte ut.

Auka matprisar har i seg sjølv ikkje stort potensial for å skape konflikt i stabile samfunn.

– Kva tenker du sjølv, om vi heilt konkret tek utgangspunkt i den arabiske våren? 

– Eg høyrer til den gruppa som har vore forsiktig med å seie at det er ein målbar klimatisk effekt. Det er samstundes nesten umogeleg å utelukke det. Men det er mykje som tyder på at opprøra ville funne stad også utan auka matprisar. Men hadde dei politiske forholda i desse landa vore annleis, ville vi ikkje fått dei same opptøyane og det same utfallet, sjølv om matprisane steig.

Akkurat det er forresten ein måte ein kan vurdere kor viktig ein faktor er: Kva skjer om du fjerner den? Politisk misleghald, korrupsjon, manglande respons på folk sine behov slike faktorar aukar risikoen for konflikt. I fråvær av dei, er risikoen låg. Auka matprisar har i seg sjølv ikkje stort potensial for å skape konflikt i stabile samfunn. Men det kan vere ein threat multiplier. 

Buhaug seier det ikkje er semje om den relative tydinga av klimaforhold i utløysingaa av konflikter. Illustrasjonsfoto: Jasper Wilde/Unsplash

Tørka si rolle i Syria

– Kva med borgarkrigen i Syria? Mange hevdar vel at klima har hatt betydning der? 

– Ja, både fagekspertar og praktikarar har trekt den koplinga. Men det er viktig å understreke at heller ikkje her er det nokon konsensus.

Det er ingen tvel om at det var ei svært alvorleg tørke i åra før konflikten, og mykje tyder på at dette var den verste tørka i manns minne. Eller i alle fall så langt tilbake som vi har gode klimadata. Mange på landsbygda takla det første året med tørke, men etter to og tre år forsvann den økonomiske bufferen. Mange av dei pakka saman og drog til byane.

…mykje tyder på at dette var den verste tørka i manns minne

Denne auka urbaniseringa førte til auka konkurranse om offentlege goder, om arbeidsplassar, utdanning, bustadar, tilgang til vatn og så vidare. Det medverka til den aukande misnøya i dei urbane områda. Det finst for øvrig også ein ofte sitert studie som viser at tørka ville vore mindre alvorleg i fråvær av menneskeskapte karbonutslepp, så vi har her noko so ser ut som ein målbar effekt på økonomisk nedgang av menneskeskapte klimaendringar. Men ikkje alle er overbevist.

– Kvifor ikkje? 

– For det første fordi landa rundt, til dømes Jordan, Libya og Tyrkia, var alle utsett for den same tørka. Utan det same utfallet. Det er altså ingen deterministisk samanheng mellom ei slik alvorleg tørke og væpna konflikt.

Den regionale sikkerheitskonteksten taler også mot at tørka var avgjerande. Syria mottok i åra før borgarkrigen anslagsvis 1,5 millionar flyktningar frå Irak. I forhold til dette var migrasjonen frå landsbygda ganske moderat. I tillegg forklarar ikkje tørka heile historia om urbaniseringa i Syria.

Ein FSA-soldat søkjer dekning under samanstøt med den syriske hæren i Aleppo, 7. august 2012. Foto: REUTERS/Goran Tomasevic (a.anis/Flickr/BY ND 2.0)

– Demonstrasjonane handla ikkje om klima

– Kva meiner du? 

– Vi snakkar om push- og pull-faktorar – ein push-faktor er når du mister levebrødet ditt og blir tvinga vekk frå landsbygda. Ein pull-faktor er når du får ein jobb eller studieplass, og dreg til byen av den grunn. Ein vesentleg del av urbaniseringa var driven av slike pull-faktorar, lik dei vi ser i byar verda over.

Til slutt meiner mange det er viktig å sjå kva demonstrantane faktisk protesterte mot. Protestane vart utløyste av at ei gruppe ungdommar, som hadde tagga regimekritiske slagord på veggar, vart torturert. Parolane handla i alle fall i starten om å frigjeve desse og andre politiske fangar, og få slutt på ein unntakstilstand som hadde vart i 48 år.

…det er viktig å sjå kva demonstrantane faktisk protesterte mot

Dette er jo elementære politiske krav. Det er litt vanskeleg å forstå at parolane skal handle om politiske fangar og tortur om det er tørke og tap av levekår som er årsakane til misnøyen. Ein skal ikkje avfeie at tørka påverka konflikta, men personleg er eg overbevist om at vi hadde hatt omtrent same situasjon i Syria i dag også utan tørka der. Ein må heller sjå på hendingane i Tunisia og Egypt. Der vart regimer velta, og det må ha inspirert demonstrantane i Syria. Sett opp mot det, trur eg tørka hadde liten effekt.

Les også intervjuet med Mohamed Shaham Dandashi og Lobona Kadam som flykta frå heimlandet Syria til Lærdal: – Alt me hadde og eigde vart sprengt i lufta. 

– Konflikter gjer folk meir sårbare for klimaendringar

– Ok, men no er vi inne i ein periode kor forskarar meiner vi kan sjå tydeleg at klimaet er i endring, og levekår vil bli vanskelegare i mange sårbare land. Vil det kunne auke konfliktpotensialet? 

– Det kan nok hende. Men vi kan heller snu på det og sjå på effekten av konflikt på sårbarheita for klimaendringar. Den effekten – at samfunn blir meir sårbare for klimaendringar på grunn av krig og væpna konflikt – den er heilt uomtvisteleg. Den samanhengen trur eg er mange gangar sterkare enn den som har med at klima auker risikoen for konflikt.

– Kva meiner du? 

– Det er til dømes vanskelegare å komme til med nødhjelp i konfliktområde. Auker frekvensen av ekstremvêr som utløyser behov for nødhjelp, blir det tøffare for sivilbefolkninga i slike område. Menneske i konfliktsituasjonar blir dermed meir sårbare for konsekvensane av eit klima i endring.

For å seie det på ein annan måte: Dersom vårt mål er å få slutt på eksisterande konflikter, vil ikkje nedkjempinga av klimaendringar vere noko effektivt tiltak. Men dersom vi ynskjer å redusere klimasårbarheita i eit område, er det å avslutte konflikter som pågår kanskje det viktigaste vi kan gjere.

Menneske i konfliktsituasjonar blir meir sårbare for konsekvensane av eit klima i endring

– Kva type klimaendringar er dei mest kritiske i ein slik samanheng? 

– Først og fremst dei som reduserer matsikkerheita, og dermed den generelle helsetilstanden. Svekka matsikkerheit gjer folk meir utsette for sjukdom og epidemier, til dømes malaria. Og det kan føre til store tap av liv – ikkje på grunn av svolt direkte, men på grunn av under- og feilernæring.

I tillegg vil sjølvsagt tørke og hetebølgjer kunne redusere avlingar lokalt, men, igjen, matsikkerheit blir avgjort av mange faktorar. Politiske forhold, fordeling av ressursar, subsidier, rasjonskort, marknadsmekanismer – ikkje minst korleis alt dette fungerer når ei svoltkatastrofe inntreffer.

På lengre sikt er det også opplagt at havnivåstigninga kan få store konsekvensar. Men det ligger langt fram i tid. Å seie noko konkret om risikoen for væpna konflikt som følgje av det er difor svært vanskeleg.

Les også: Verda kan bli meir enn tre grader varmare med klimaavtalen

Migrasjon og konflikt

– Kva med migrasjon og klima – kva veit vi, og kva kan vi vente oss? 

– Dette er eit spanande felt, og det er foreslått teoretiske koplingar mellom klimaendringar og migrasjon. Vi har ingen klare dømer frå verkelegheita, fordi vi ikkje kjenner til konfliktar som har klart utspring i klimaendringar.

– Kva med konflikten i Darfur, frå årtusenskiftet? 

– Den blir ofte framheva. Der var det openbert at tørke og ekstremvêr påverka migrasjonsmønster til den nomadiske befolkninga. Dei flytta difor lengre sør, inn i Fur-området. Der levde fastbuande bønder som dyrka marka. Nomadane ville bruke den same marka til beite for buskapen sin. Det førte til konflikt. Men bak dette låg også eit politisk maktspel, mellom regimet i Khartoum og opprørarane i Sør-Sudan. Det som først og fremst førte til at Darfur-konflikten vart så alvorleg, var mobiliseringa av ein væpna milits, finansiert av Khartoum. Eg er ingen Sudan-ekspert, men eg lener meg på dei tyngste eksperatane på feltet – og blant dei er det ein relativt sterk konsensus om at tørke i beste fall hadde ei moderat effekt på denne konflikta.

– Kor sikkert veit vi alt dette? Altså, generelt om samanhengen mellom klima, konflikt og krig? 

– At klima ikkje er blant dei viktigaste konfliktdrivarane, er det stor grad av sikkerheit om. Men kor stor den relative effekten av klima er, er det mykje mindre sikkerheit om. Når det gjelder den motsette effekten – av klima på alvorsgraden av pågåande konflikter, er det noko meir empirisk bevis på at den er litt større.

Flyktningar frå Darfur. Foto: EC/ECHO/Daniel Dickinson/Flickr/BY SA 2.0

Les også: Migrasjonsforskar: – Flyktningkriser kjem igjen og igjen til politikken blir endra

– Ingen direkte effekt

– Men dette høyrest ikkje veldig overbevisande ut i nokon retning, eigentleg? Kvifor er dette så vanskeleg å seie noko sikkert om? 

– Først og fremst fordi klima ikkje har noko direkte effekt. Det finst nokre studier som ser på individuell åtferd kan endrast under ubehagelege forhold. Ein har til dømes studert kor ofte folk tuter med horna i bilane sine i USA under hetebølgjer samanlikna med periodar med meir normal temperatur, og funne ein positiv samanheng. Nokre brukar dette til å predikere konfliktrisiko.

– Det høyrest vel logisk ut? Varmen gjer folk aggressive, og då er det lettare å ty til våpen? 

– Eg er ekstremt skeptisk til den typen ressonement. For det første fordi kollektiv åtferd ikkje er ei oppsummering av individuell återd. For det andre fordi væpna konflikt ikkje startar over natta. Det krev tilgang til ressursar, planlegging, koordrinering, mobilisering. Tre dagar med varme er ikkje nok til å ta den rasjonelle avgjersla det trass alt er å starte ei væpna konflikt.

Les også reportasjen om Karoline som jobbar frivillig i flyktningleir i Libanon: – Dette er ikkje ein stad ein vil vere, det er ein permanent unntakstilstand.

– Menneskeleg åtferd er ikkje alltid rasjonell

– Kva med indirekte effektar? 

– Ja, det kan tenkast at klimaforhold kan gje økonomiske sjokk i land der jordbruk er ein vesentleg del av økonomien. Som kan auke konfliktrisikoen. Men igjen, det er mange andre faktorar som også påverkar storleiken på avlinga. Irrigasjon, bruk av kunstgjødsel, timing på når ein sår, kvaliteten på langtidsvarsel – og så vidare. Skal vi få sikker kunnskap, må vi måle over mange casar og lange tidsrom. Det er utfordrande når det er så mange faktorar som spelar inn, fordi vi også må ha informasjon om desse faktorane på tvers av alle casar og tidsrom. Å forske på slikt handlar i stor grad om å handtere manglande data. Ha forventingar og observere på aggregert nivå.

Og til slutt er det slik at menneskeleg åtferd og sosial åtferd er ikkje noko som kan predikerast perfekt. Fordi menneske ikkje alltid handlar rasjonelt. Kollektive handlingar er tilsynelatande heller ikkje alltid rasjonelle. Det vil aldri eksistere noko deterministiske samanhengar mellom fysiske forhold og menneskeleg åtferd. Klimaforskarane kan seie mykje om korleis klimagassutslepp påverkar klimasystemet med ganske stor grad av presisjon. Men samfunnvitskapeleg forsking vil aldri kunne oppnå same grad av sikkerheit rundt dei sosiale konsekvensane av klimaendringane. Det er for mange faktorar som spelar inn, og vi snakkar mange tiår fram i tid.

Alt som gjer samfunn mindre sårbare for klimaendringar, vil gjere potensialet for konflikt mindre

Veldig mange av dei faktorane som er mest avgjerande vil kanskje endrast fundamentalt innan den tid. Tenk på korleis verda såg ut i 1980, og korleis den såg ut 20 år seinare. Kollapsen av Sovjetunionen. Slutten på Den kalde krigen. Muren som fall. Kartet på Balkan som måtte teiknast om. Alt dette var umogeleg å føresjå. Men det har jo vore avgjerande hendingar for verdshistoria.

– Men gitt at det er mange gode grunnar til å drive klimaplanlegging: Kan det også tenkast å dempe konfliktpotensial – trass dine atterhald?

– Ja, til ei viss grad. Alt som gjer samfunn mindre sårbare for klimaendringar, vil gjere potensialet for konflikt mindre. Fordi vi, som nemnt tidlegare, har med ein threat multiplier å gjere. Fjerner vi den, fjerner vi også ein risikofaktor. Ikkje den viktigaste, men ein som kan ha tyding.

Saka er omsett til nynorsk av Framtida.no. 

Les også om 15 år gamle Greta som tala til klimatoppmøtet: – Forandringa kjem, anten de likar det eller ikkje.

Svenske Greta Thunberg (15) snakka på vegner av klimakampanjen Climate Justice Now! under FNs klimatoppmøte i Katowice i Polen. Foto: Connect4Climate, Twitter