Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 12.05.2019 10:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er ikkje ein stad ein vil vere, det er ein permanent unntakstilstand

– Eg arbeider i Rashedieh som frivillig for å kunne lære om og få høve til å visa ei av verdas gløymde kriser, fortel Karoline Hasle Einang.

No har ho jobba der i to månader, og har éin månad igjen.

Palestinakomiteen i Noreg har i mange år sendt solidaritetsarbeidarar hit fordi situasjonen er vanskeleg å forstå utan å ha møtt menneska og kjent på kroppen korleis det er å leve her.

– Menneska vi møter har vore på flukt i 70 år, dei fleste er fødde inn ei krise som starta generasjonar før deira tid. Dei er statslause og får ikkje dekt fleire av sine grunnleggande rettigheiter. Verda har gløymt at dei finst og den urettferdige undertrykkinga dei blir utsett for.

– Korleis er det å jobba i leiren?

– Det er veldig hyggeleg å arbeide i leiren, og vi har fått masse flotte vener og kollegaer. Vi arbeider på forskjellige ettermiddagssenter med leksehjelp og engelskundervisning, og på eit senter for barn med psykiske og fysiske utviklingshemmingar.

– Det er frustrerande å sjå at desse flotte initiativa slit med å få tilstrekkeleg støtte for å holde sentera ved like og for å gjennomføre aktivitetane dei ønskjer. På eit av sentera har taket på kontoret falle ned grunna mykje regn førre vinter, og på dei varmaste dagane i juli er et uuthaldeleg å opphalde seg inne i dei små klasseromma.

Borna i flyktningleiren får læra gode gamle norske songar. Foto: privat

UNRWA, FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten, har ansvaret for helse- og skuletenester i Rashedieh, men er på vaklande bein økonomisk. Mykje av initiativa som sikrar velferda og levekåra til flyktningane er avhengig av internasjonale og lokale organisasjonar.

– Kva seier barn og unge til deg om det å bu i leiren? Kva framtidshåp har dei?

– Ein av våre første dagar her blei vi spurt av ei 18 år gamal jente om kva vi synes om Rashedieh. Vi svarte forsiktig at jo, det er då ganske fint her, nærme havet er det og så mykje flotte folk! Ho såg lenge på oss, rista på hovudet og svarte «ja, de synest det er fint her fordi de kan reise igjen».

Mange born og unge lever med ei indre strid mellom å ikkje gi opp draumen om retur til Palestina og draumen om eit betre liv i Europa.

Karoline Hasle Einang og Åse Beate Nes har laga ein Instagramkonto der dei fortel historiene til menneska dei møter:

– Som palestinar i Libanon har ein avgrensa moglegheiter til vidare utdanning, avgrensa yrke ein kan ha og ikkje lov til å eige eller arve bustad utanfor flyktningleirane. Dette er ikkje ein stad ein vil vere, det er ein permanent unntakstilstand.

– Vi opplever likevel at både unge og vaksne har ei sterk stoltheit knyta til leiren. Dei har bygd den opp og gjort den leveleg i løpet av dei 70 åra dei har vore her. Like ved Middelhavet, med fargerikt malte hus og fulle blomebed er det lett å gløyme kvar ein er. Det kan forvekslast med ein fattig landsby med låge straumleidningar, men rundt leiren er det tungt væpna libanesisk militær som kontrollerer alt som kjem inn og ut. Mykje er ganske bra her, men ikkje fullt, og det er ein effektiv måte å undertrykke nokon på.

– Kva håpar du for framtida til Midtausten?

– Eg håper at ikkje også eg skal kome tilbake hit om 20 år å sjå at ting berre har endra seg til det verre. Eg har eit håp om at Israel skal avslutte sitt råe apartheid-regime og at palestinarar skal få rett til retur til heimlandet sitt. Draumen er jo fred og rettar for alle…

– Etter å ha jobba i leiren og budd i Libanon, kva tenkjer du om det me i Noreg snakkar om å hjelpa i nærområda?

– Dette er jo eit omgrep ein gjerne brukar på høgresida av politikken for å argumentere mot å ta imot flyktningar til vesten og Noreg. Menneska her ønskjer seg i aller størst grad heim, ikkje til til dømes Noreg!

– Vi etterlet problemet til nabolanda som Libanon, eit land der ein fjerdedel av befolkninga er flyktningar, og som avskriv seg ansvaret ved å ikkje anerkjenne palestinarar som flyktningar. Vi må anerkjenne deira eksistens og deira rettar, som er det motsette Trump gjer når han kuttar støtta til UNRWA. Det er likevel ikkje godt nok å finansiere denne unntakstilstanden utan å arbeide for ei meir varig løysing; ei løysing der palestinarane endeleg kan få reise heim.

Karoline Hasle Einang og Åse Beate Nes jobbar saman i Libanon. Foto: privat

Uvant å sjå våpen

– Kjenner du deg utrygg av og til?

– Mange har ein tanke om at heile Midtausten er ein farleg stad å vere, det er eit lite nyansert bilete av eit stort geografisk område. Libanon har hatt sitt å stri med, men er no i stor grad eit fredeleg land.

Med eit sterkt militære er det ikkje forventa angrep frå Israel no.

– Det er likevel verdt å merke seg at siste krig var seinast i 2006, og det går israelske droner over hovuda våre titt og stadig. Det er mykje militær til stades her, både frå FN og libanesisk militær, og det oppstår innimellom valdelege konfliktar om makt inne i leirane.

– Rashedieh er ein av dei rolegaste leirane i Libanon og eg føler meg trygg her, men det er jo uvant for ein sunnmørsk bygdis at så mange går rundt med tunge våpen, seier utflytta sjukepleiaren frå Volda.

det er jo uvant for ein sunnmørsk bygdis at så mange går rundt med tunge våpen

– Kva kan me i Noreg gjera for hjelpa?

Kartet viser FN-planen for ein jødisk stat. Sidan har staten Israel utvida seg ut over dei arabiske områda.

– Palestinarane vi møter ønskjer at verda skal hugse dei og korleis dei framleis lever i eksil, 70 år etter dei blei fordrivne frå heimlandet sitt. Det er nok slik at mange i Noreg har lite kunnskap om både konflikten mellom Palestina og Israel, og ikkje minst om situasjonen for seks millionar palestinske flyktningar.

– Fredsnasjonen Noreg, og spesielt våre folkevalde, har ei historisk og politisk plikt til å skolere seg om situasjonen slik at Noreg kan vere med på å krevje rettferd for det palestinske folk. Det er jo litt pinlig at vi i 1993 stod stolte midt i forhandlingane kring Oslo-avtalen, men no ikkje eingong anerkjenner den palestinske staten.

– Palestinarane er veldig positive til boikott av israelske varer, akademisk og kulturell boikott, som eit av dei siste fredlege midla ein har att. Draumen deira er å få returnere til heimane sine i tråd med FN-resolusjon 194, for å få til dette må Israel oppheve blokkaden av Gaza og trekke seg frå dei okkuperte palestinske områda. Det er behov for eit høgare internasjonalt politisk press mot israelske styresmakter og ein slutt på å sjå Palestina og Israel som likeverdige partar, her heng Noreg etter.

– Naboen vår, Ahmed på 8 år, oppfordrar alle til å handle inn toalettpapir med bilete av president Trump på, gjerne til å tørke seg i rumpa med.

– Kva tenkjer du om at Operasjon Dagsverk har fått kritikk for å ta side i konflikten i Midtausten?

– Årets OD-prosjekt går til traumebehandling, arbeid for likestilling og opplæring i rettigheiter for palestinsk ungdom, og tek ikkje side i konflikten mellom Israel og Palestina. At Palestinsk ungdom får hjelp til å bearbeide traumer, får styrka kunnskap om sine rettigheiter og får opplæring i fredeleg konfliktløysing vil vere gunstig for både Israel og Palestina dersom ein ønskjer fred.

– Det er trist å sjå at Palestina-kritiske grupper går så hardt ut mot ungdom som engasjerer seg for rettane til andre ungdom. Dette er noko vi burde heie fram, ikkje hindre. KFUM-KFUK Global og Operasjon Dagsverk gjer ein flott jobb, og eg trur eg ikkje har sett så mykje fokus på Palestina i norske medium før.

Sjå fleire bilde på Instagramkontoen der Karoline Hasle Einang og Åse Beate Nes fortel historiene til menneska dei møter i Libanon:

Fakta: Palestina

I 1948 vart staten Israel oppretta, trass i omfattande protestar frå palestinarane som budde i området frå før. Sidan 1967 har palestinarane levd under israelsk okkupasjon. Samanstøytane mellom palestinarar og israelarar har vore mange og blodige. Det mest sentrale spørsmålet i konflikten er kven som har mest rett til å kontrollera og bu i området.

Les meir om konflikten og historia på FN-sambandet sine sider!