Ein ambisiøs og effektiv klimapolitikk er det viktigaste grepet norske styresmakter kan ta for å møta klimarisiko, meiner Klimarisikoutvalet.
mm
Dette er klimarisiko
  • Fysisk risiko: Kostnader knytt til fysisk skade som følgje av klimaendringar.
  • Overgangsrisiko: Økonomisk risiko knytt til overgangen til lågutsleppssamfunnet.
  • Ansvarsrisiko: Erstatningskrav knytt til beslutningar eller mangel på beslutningar som på einkvan måte kan knytast til klimapolitikk eller klimaendringar.

Les meir om klimarisiko på Energiogklima.no!

LES FAKTALUKK FAKTA

– Sjølv om verda når måla i Parisavtalen, vil klimaet halda fram å forandra seg i fleire tiår framover. Me må difor førebu oss både på klimaendringar og på dei økonomiske verknadene av overgangen til eit lågutsleppssamfunn, seier utvalsleiar Martin Skancke i ei pressemelding.

Han har leia utvalet som har vurdert korleis klimarisiko kan påverka norsk økonomi.

Her er hovudpunkta i rapporten:

  • Noreg har eit godt utgangspunkt for å handtera klimarisiko,
  • Men konsekvensane av alvorlege klimaendringar kan vera store og vanskelege å føreseia.
  • Noreg bør vurdera risikoen til petroleumssektoren, og gjera samfunnet meir robust.

Klimaendringar rammar heile verda

Ved større klimaendringar aukar risikoen for politisk ustabilitet, humanitære katastrofar og valdeleg konflikt, særleg i og mellom sårbare statar.

I tillegg til at krig og konflikt kan hemma veksten i verdsøkonomien, kan auka migrasjonsstraumar, ustabile matvareprisar, forsyningsavbrot og endra produksjons- og handelsmønster koma til å prega ei verd der klimaendringane kjem ut av kontroll, kjem det fram i rapporten til utvalet.

Utvalsleiar Martin Skancke presenterte rapporten for eit fullsatt presserom i Finansdepartementet. Foto: Finansdepartementet

– Med velfungerande politiske institusjonar, eit høgt inntektsnivå og ein omstillingsdyktig økonomi har Noreg eit godt utgangspunkt for å handtera klimarisiko, men i eit tett samanvove verdssamfunn kan verknadene av klimaendringar i andre land òg verta følbare for oss i Noreg, seier Skancke.

LES OGSÅ: Noreg fell to plassar på miljørangering

Treng meir kunnskap

I tillegg til å vurdera korleis klimarisiko kan påverka økonomi og samfunn, har utvalet foreslått eit sett overordna prinsipp for betre handtering av klimarisiko i både privat og offentleg sektor.

– Det er behov for auka kunnskap, betre rapportering og meir systematiske analysar av denne risikoen. Håpet vårt er at rapporten kan leggja eit godt grunnlag for meir systematisk tenking om klimarisiko i både privat og offentleg sektor, seier Skancke.

Betre beslutningar om risiko

Utvalet meiner staten bør etablera, halda ved like og offentleggjera eit sett scenario for oljeprisar, gassprisar og CO2-prisar, blant anna eit scenario som reflekterer ambisjonane i Paris-avtala. Det kan leggja grunnlag for betre vurdering av klimarisiko både på nasjonalt nivå og i enkeltsektorer i økonomien. Utvalet har i denne samanhengen særleg trekt fram kor viktig det er med gode analysar av klimarisiko i petroleumssektoren.

LES OGSÅ: Derfor er klimatoppmøtet ekstra viktig i år

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE