– Klimaavtalen har store manglar

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Verda kan bli meir enn tre grader varmare med klimaavtalen

Klimaforhandlingane i Katowice i Polen enda med ein global klimaavtale seint laurdag kveld, nær eit døgn på overtid.

Natur og Ungdom reagerer på at semja har store manglar når det kjem til korleis ein skal nå klimamåla i Parisavtala, og sikre ei rettferdig byrdefordeling. Mellom anna ligg temperaturen på jorda an til å stige med over tre gradar med klimaforpliktingane som kvart land til nå har meldt inn.

Leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord i ein aksjon framfor Slottet på fredag. Foto: Thor Due Natur og Ungdom

– Det ein er blitt einige om i Polen er urettferdig og utilstrekkeleg. Det er vanvittig provoserande at sjølv med sjokk-rapport etter sjokk-rapport som viser kor farleg klimakrisa er, så har ikkje landa meldt inn konkrete løfte om kva dei skal gjere for å auke innsatsen. Det nyttar ikkje å sette seg høge mål utan tiltak for å nå dei. Akkurat nå har verda stø kurs mot klimakatastrofe, då treng me ikkje meir snakk men meir handling, seier leiar i Natur og Ungdom Gaute Eiterjord i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Derfor var klimatoppmøtet ekstra viktig i år

Ber Noreg kutta eigne utslepp

– Slik den globale klimaavtala er lagt opp er det opp til kvart enkelt land å bestemme kva dei vil gjere. Det betyr at det aller viktigaste Noreg kan gjere nå er å få ned våre eigne utslepp med ein einaste gong og i eit mykje raskare tempo. Regjeringa kan ikkje halde fram med å utsette problemet, det er det ikkje tid til.

Som eit av få land i Europa har dei norske utsleppa auka sidan 1990.

Bellona er ein av fleire miljøorganisasjonar som meiner Noreg må gjera meir:

LES OGSÅ: Greta (15) under klimatoppmøtet: – Forandringa kjem, anten de likar det eller ikkje

Urettferdig klimaavtale

I Katowice har eit av dei vanskelegaste spørsmåla vore klimafinansiering – at rike land bidrar med midlar til utsleppskutt og tilpassing til klimaendringar i det globale sør. Her har få land lova nye, friske pengar for å nå målet om å samle 100 milliardar dollar innan 2020. Regelverket ein er blitt einige om i Katowice opnar for at mykje kan vere lån eller gjenbruk av eksisterande bistandspengar.

– 1,5-gradarsmålet ryk utan klimafinansiering. Akkurat nå driv dei rike landa med fullstendig ansvarsfråskriving, og legg heile byrden på utviklingslanda. Det er grovt urettferdig når det er me som bur i den rike delen av verda som har brukt opp nesten alt me kan sleppe ut av klimagassar. Kva vert det att til dei som har minst frå før? spør Eiterjord.

LES OGSÅ: Kan vi håpe på eit ungdomsopprør?

Vil ikkje betala for klimaskader

Eit heilt sentralt tema på forhandlingane har vore tap og skade – at utviklingslanda ønsker støtte til å reparere dei skadene som klimaendringane har ført til allereie.

– Det er hårreisande at rike land, deriblant Noreg, ikkje har vore villige til å anerkjenne at utviklingslanda, som kjenner klimakrisa på kroppen, treng hjelp for å reparere skadene som våre utslepp er skuld i. Me ville ikkje godtatt at nokon brann ned vår heim utan at dei blei heldt ansvarleg. På same måte unnlèt nå rike land og ta sitt historiske ansvar. Noreg  har vore ein bremsekloss på dette området på klimaforhandlingane i Polen, og det er pinleg, seier Eiterjord.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen saman med det norske forhandlingsteamet i Katowice. Foto: Astrid Knutsen Hårstad, regjeringen.no

Elvestuen: – Viktig steg

Klimaminister Ola Elvestuen har leia sentrale diskusjonar om reglar for utsleppsreduksjoner under forhandlingane.

– Det har vore vanskelege diskusjonar. FNs klimapanel viser kor alvorleg situasjonen er og at det hastar. At verda no er nøydd til raskt å redusera utsleppa, har til slutt vore med på å få til semje om den nye avtalen, seier Elvestuen i ei pressemelding.

– Avtalen er eit viktig skritt mot å målet i Parisavtalen om å redusera klimagassutslipp. Men det er ikkje nok. Verda styrer mot ei oppvarming på over tre gradar. Difor må verdas land koma med nye og sterkare målsetninger i 2020. Over 40 land har allereie lova å auka ambisjonane sine når nye skal sendast inn i 2020 . Det inkluderer òg Noreg som skal leggja fram nye mål for 2030 til neste år, seier Elvestuen.