Flykta frå krig, terrror og eit valdeleg regime

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Flykta frå krig og terrror

Saka vart først publisert på Porten.no!                 

Lærdal: Dottera deira, Radima, sit framfor dataen og ser med store augo på Spiderman-filmen som rullar framfor ho. Då det bankar på døra, er ho raskt på føtene og spring for å opne opp. 

Ho syner med tre fingrar kor gammal ho er, men forklarar på norsk at ho også er tre år og fire månadar gammal. Før ho og familien kom til Lærdal, hadde den vesle jenta berre opplevd krig og flukt.

Bombene i Brussel
På bordet ligg det påskeegg, Kvikklunsj og smågodt. Loabona fyller opp den gullbelagte kaffikanna med tradisjonell syrisk kaffi. TV-en står å durar i bakgrunnen. Med eitt kjem dei fyrste meldingane om at det har skjedd fleire eksplosjonar på ein flyplass i Brussel. 

– Det er IS. Dei øydela landet vårt og no er dei gong med å spre frykt i Europa også. Det er desse terroristane som er årsaka til at me flykta, kjem det plutseleg frå Mohamed medan han oversette den arabiske nyheitssendinga. 

Dette var fleire timar før terrororganisasjonen IS, som dei siste åra har herja i Midtausten, tok på seg skulda for dei to sjølvmordsbombarane i EU-hovudstaden Brussel, som kosta 34 menneskeliv og over 150 vart skada. 

– Dei er radikale islamistar, ikkje muslimar, seier han og peikar på dei grufulle bileta på TV-skjermen frå flyplassen i Brussel. 

– Må gjere ein grundig bakgrunnssjekk
Mohamed meiner Noreg gjer ein stor innsats i den pågåande flyktningskrisa, men advarar samstundes om at terroristar kan skjula seg blant dei som kryssar grensa. 

– Eg er bekymra over det høge talet av menneske som no kjem inn i Noreg frå Midtausten. IS-terroristar og folk frå Assad-regimet gøymer seg i massane av flytkningar som kjem inn i landet. Dette er problemet Europa, og spesielt Noreg no står overfor, forklarar Mohammad. 

Han meiner den norske regjeringa må vera smarte og selektive overfor kven dei gir løyve til å få bli verande i landet. 

– Regjeringa må gjera ein grundig bakgrunnssjekk. Ein kan ikkje finna ut kven som er jihad-krigarar og kven som er muslimske flyktningar berre ved ved å sjå på oss. Nordmenn har rett til å frykta terrorangrep og vera redde. Om ein slepp inn feil person, kan det ha store konsekvensar for mange menneske, seier han. 

Mohamed meiner løysinga for å finne ut av bakgrunnen til menneska som kjem ved er å snakka med dei som ønskjer opphald i landet. Då kan ein få eit innblikk i kva dei tenkjer om religion og krigen i Syria.

– Berre då kan ein danna seg eit bilete over tankesettet til ein person og kva dei vil oppnå med å vera i landet. Me er ikkje radikale muslimar, me har respekt for religionen vår, men også for andre religionar, seier Mohamed. 

– Syria var aldri ein trygg stad
Mohamed Shaham Dandasi, kona Lobona Kadam og dottera Radima, kom til Lærdal rundt juletider. I 2012 flykta dei frå heimlandet Syria til nabolandet Libanon etter at huset deira i Homs var blitt bomba og rundstjålet av militæret i landet. 

– Alt me hadde og eigde vart sprengt i lufta. Deretter gjekk militærstyrkane inn og stjal og øydelagte det dei ikkje kunne ta med seg. 

Familien budde i Libanon i tre år før dei vart plukka ut av FN til å vera med på eit program som lot dei reisa direkte til Noreg, utan å måtte innom eit asylmottak. 

– Då me reiste frå Syria var situasjonen gale, men det kan ikkje samanliknast med i dag. No slepp Assad-regimet bomber på si eiga befolkning og IS terroriserer alle. Før var det ein tradisjonell krig mellom ulike opprørsgrupper og regimet. Men det var også det fyrste steget mot den internasjonale krigen vi idag er vitne til, seier Mohamed. 

Nesten ein halv million menneske har mista livet som følgje av krigen i Syria, syner ein FN-rapport. 

– Media skriv at Syria var ein trygg stad før revolusjonen. Det stemmer ikkje. Dei skriv at presidenten og regjeringa gav folket fridom. Det gjorde dei ikkje. Fridom er noko vanlege folk gir kvarandre. Kjensla av å kjenna seg trygg, er ei gåve frå det syriske folket, ikkje frå regimet. Syria har aldri vore ein trygg stad, forklarar Mohammed, som opprinneleg kjem frå byen Talkalakh som ligg nordvest i Syria, tre kilometer frå Libanon. 

I kjerna av revolusjonen
Kvar dag har Mohamed og Lobona kontakt med familien sin som framleis bur i den krigsherja, syriske byen Homs. Stor delar av byen var lenge kontrollert av opprørsstyrkar, men som no har blitt teken over av myndigheitene etter kontinuerlig bombing og beleiring. 

– Mor mi var den fyrste kvinna i byen vår som snakka ut om fridom i Syria under ein demonstrasjon. Sidan 2009, har bror min vore ein TV-vert i London og snakka ut om Assad-regimet sine overgrep mot befolkninga i Syria. Annankvar dag sidan fyrste gong han snakka ut på internasjonal TV har representantar frå regimet kome på døra vår og trua oss. Me var heile tida på innsida av revolusjonen, seier Mohamed. 

Saman med sin 70 år gamle far, var Mohamed fengsla av politiet i Syria i 17 dagar. Før familien tok den vanskelege avgjersla om å forlata slektningane sine i Holms, jobba Mohamed med eit matvareprogram for Syria og Saudia-Arabia. Lobona var salssjef for kosmetikkmerket Garnier. 

– Libanon var heller ikkje eit trygt land på denne tida. Men når ein står ansikt til ansikt med døden, slik som me gjorde i Syria, så må ein ta eit val. Me støtta den midtre delen av opposisjonen, den frie hæren. Ikkje dei radikaliserte gruppene. Vi er religiøse, men me kjempar for religionsfridom og har respekt for alle ulike religionar. Draumen hadde vore om alle kunne levd i harmoni. Saman, med kvarandre, uavhengig av religion og livssyn, seier Mohamed.  

Alle vil ha ein bit av kaka
Det som starta som ein borgarkrig i Syria, mellom regimet og opprørarar, har dei siste åra utvikla seg til ei internasjonal krise, der store aktørar som Russland og USA spelar ei enorm rolle. 

– Syria er som ei kaka. Dei har kutta opp landet vårt i forskjellige delar. Alle vil ha sin del av kaka. No spør regimet om hjelp frå alt og alle for å halda på presidenttittelen. Eg ser ikkje noko håp for fred den næraste tida, innrømmer Mohamed. 

Om nokre av dei større nasjonane som er involvert i Syria verkeleg ville ha ein slutt på krigen, hadde dei klart det, meinar Mohamed. 

– Då amerikanarane bestemte seg for at dei ville ha eit regimeskifte i Jemen, skjedde det i løpet av to timar etter at avgjersla vart teken. Når amerikanarane fyrst bestemmer seg for noko, skjer det ei forandring i løpet av eit par timar. Den dagen stormaktene verkeleg bestemmer seg for å redda det syriske folket, vil det vera gjort i løpet av eit kort tidsrom, seier han. 

Sjølv om det skulle bli fred i landet, trur ikkje familien at dei hadde hatt ein sjanse til å byggja opp liva sine igjen. 

– Om det blir fred, vil me sjølvsagt besøka venner og familie, men me likar Lærdal så godt at me håpar på å bli verande her. Når dei internasjonale aktørane er ute av Syria, kjem kampane i gatene til å halde fram. Det vil aldri bli 100 prosent trygt å venda tilbake, seier Mohamed. 

Fann lykka i Lærdal
Tre år gamla Radima er syrisk, men ho kjenner ikkje til heimlandet. Ho er fødd i Libanon, men det er i Lærdal ho ønskjer å vekse opp og ha barndommen sin. 

– Me er heldige som fekk lov til å kome til Lærdal. Det er så mykje me set pris på med denne byga. Me har blitt akseptert av samfunnet og ønskjer å bygga eit liv her. Det er flotte menneske som hjelp kvarandre. Beundringsverdig rett og slett, seier Mohamed som nyleg byrja i Lærdal Songkor. 

Les også: Eit kulinarisk og kulturelt fyrverkeri

Både Mohamed og Lobona går på språkopplæring i Sogndal. 

– Eg syns faktisk det er lettare å lære norsk enn engelsk. Nordmenn har eit utruleg nydeleg språk, seier Lobona. 

Les også: Borna lagde eigen innsamlingsaksjon

Like etter at paret hadde gifta seg i Libanon, engasjerte Mohamed seg i FN sin høgkommissær for flyktningar. Det var slik familien hans vart ein del av programmet til FN sin internasjonale organisasjon for flyktningar. I Libanon jobba dei begge med flyktningsprogrammet og hadde ansvar for borna og logistikk. 

– I Syria hadde me eit rom som var spesielt egna for gjester. Her i Noreg må ein sende melding og avtale i møta kvarandre. Alt skal planleggast. Slik er det ikkje i vår kultur, då kjem ein berre på besøk, forklarar Mohamed. 

Nokre lærdøler har allereie vore på besøk og fått smaka tradisjonell syrisk mat.

– Eg håpar verkeleg fleire tek turen innom. Dei er hjarteleg velkomne, både lærdøler, statsministeren og kongen sjølv. Den norske regjeringa redda meg og familien min frå døden og har gitt oss sjansen til å byggja opp liva våre igjen. Me er evig takksame, avsluttar Mohamed.