Hjelp til bønder når livet buttar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det blir snakka veldig mykje om god dyrevelferd, engasjerte bønder og smarte klimaløysingar, men veldig lite om psykisk helse, seier Ivar Erik Ree i Mental Helse Ungdom.

Han er leiar for prosjektet «Unge bønders psykisk helse» som er eit samarbeid med nesten heile landbruksnæringa. Heile ni samarbeidspartnarar står bak prosjektet. Både Norges Bygdeungdomslag, Norges bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Norsk Landbruksrådgivning, Norsk Landbrukssamvirke, Tine, Nortura og Ruralis Institutt for rural- og regionalforsking er med på laget.

Eit viktig mål er å auka kunnskapen om psykisk helse og gjera det lettare for bønder å ta vare på si eiga psykiske helse og senka terskelen for å søkja hjelp. Auka kunnskap skal også gjera det lettare for folk som er i kontakt med bonden å vita kva dei skal gjera viss dei har mistanke om at noko er gale.

Les reportasjen om odelsguten Steffen Fjellstad og unge bønder si psykiske helse: Overgangen frå skulebenken til mjølkegrava er vanskeleg, og vegen frå himmelen til helvete er kort.

– Stort behov

Ree meiner det er eit stort behov for tiltaket. Ei kartlegging prosjektet fekk gjennomført tidlegare i haust, viste at så mange som kvar femte bonde kjenner seg einsam.

– Resultatet er ikkje overraskande med tanke på utviklinga i landbruket. Det har blitt mykje større arbeidspress, meir uvisse knytt til inntekter og framtida på garden, samtidig som det blir færre og færre bønder og lenger mellom kvar nabo, seier han.

Samtidig peikar Ree på at bønder har ein sterkt nedarva kultur for å vera sjølvstendige og at mange difor synest det er vanskeleg å visa svakheit og be om hjelp. Han er sjølv oppvaksen på gard og veit kva det dreier seg om. Sjølv har han valt å studera psykologi. Dette meiner han er ein god kombinasjon når han skal arbeida for å setja den psykiske helsa til bøndene på dagsorden.

Les også: Den norske landsbyen

Styrke kan bli svakheit

Ree strekar under at sjølvstendekulturen til bøndene i utgangspunktet er positiv.

– Det er nok mykje takka vera denne kulturen at landbruket har klart seg så bra. Problemet oppstår gjerne når folk pressar seg sjølve over lang tid, eller det skjer ei krise som til dømes tørkesommaren eller rovdyrangrep og ein ikkje har eit nettverk, seier han.

Det blir færre og færre bønder og lenger mellom kvar nabo

Angst og depresjon er dei vanlegaste problema. Nokre av symptoma på dette er gjerne at det blir vanskeleg å få gjort det ein vil og skal gjera. Til dømes å stella dyra, eller ordna opp på tunet. Om bøndene ikkje søkjer hjelp i tide, kan det gå veldig gale.

– Erfaringane med dyretragediar viser at dersom det først tårnar seg opp for ein bonde kan det få katastrofale følgjer både for bonden sjølv, dyra, lokalmiljøet og næringa.

Les også: Me må snakka om psykisk helse

Bryta tabu

Sjølv om det blir snakka meir om psykisk helse enn tidlegare, meiner Ree at det framleis er mykje skamkjensle knytt til temaet. Ikkje minst blant menn.

– Det blir difor viktig med opplysningsarbeid for å bryta desse tabua, seier prosjektleiaren.

Han peikar på at alle menneske har ei psykisk helse på same måten som vi har ei fysisk helse, og at det er like viktig å ta vare på begge delar.

Prosjektleiaren er også oppteken av å få fram at det å slita psykisk er vanlegare enn mange trur. Rundt halvparten av befolkninga opplever lettare psykiske plager ein eller annan gong i livet, mens ein av fem får ei psykisk liding. Det vil seia at belastningane har blitt så store at ein har fått ein diagnose.

Les også: Pårørande til psykisk sjuke: – Først og fremst er han bror min

Tiltak skal gje auka kunnskap

For å auka kunnskapen om psykisk helse og hjelpa bønder som slit, legg prosjektet neste år opp til fire ulike tiltak. Til våren skal mellom anna tillitsvalde i Norges Bygdeungdomslag få psykologifagleg rådgjeving.

Gjennom mentorordninga «Bonde hjelper bonde» skal det også leggjast meir vekt på psykisk helse og kva bøndene sjølve kan gjera for å ta vare på den psykiske helsa si.

Ein som ikkje berre spør korleis det går, men korleis det eigentleg går.

For mange som slit kan det vera vanskeleg å setja ord på det ein strevar med. Å tileigna seg eit språk for snakka om psykisk helse er viktig både for dei som treng hjelp og dei som ønskjer å hjelpa.

Dette kan folk mellom anna få hjelp til på nettsida godtbondevett.no. Gjennom intervju med bønder som sjølv har opplevd tøffe tak, og andre ressursar har nettsida i fleire år tilbydd informasjon om psykisk helse. No blir nettsida oppdatert med historier frå unge bønder om bondeyrket og psykisk helse.

Sida inneheld også gode råd for korleis ein skal ta vare på si eiga psykiske helse og kva ein skal sjå etter dersom ein har mistanke om at bønder treng hjelp.

Kjelde: www.godtbondevett.no/tipsograd

Samtalepartnar og medmenneske

For å fanga opp bønder som strevar, skal dessutan fagfolk rundt bonden få betre informasjon. Gjennom eit samarbeid med Nortura og Tine skal alt frå rådgjevarar til revisorar og sjåførar få råd om varselteikn dei bør vera på utkikk etter, dersom dei har mistanke om at ting ikkje er som dei skal på garden.

Ree strekar likevel under at målet ikkje er at alle som er i kontakt med bonden skal vera psykologar. Først og fremst handlar det om å sjå naboen, meiner han.

– Det viktigaste er å vera ein god samtalepartnar og eit medmenneske som vågar å by på seg sjølv og som bryr seg. Ein som ikkje berre spør korleis det går, men korleis det eigentleg går. Det ligg ein forskjell der.

Les også: – Menn må våge å grine framfor andre