Den norske landsbyen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dei fleste klyngetuna forsvann med moderniseringa som følgde det statlege jordskiftet etter 1860. Da fekk kvar bonde kvart sitt samla stykke jord, og dei fleste etablerte tun på eigen gard. Før den tid dreiv mange norske bønder såkalla teigdelte bruk i pakt med Magnus Lagabøtes landslov frå 1274. Gardane var organiserte som fellestun med like store jordteigar til kvar bonde.

Klyngetuna fanst over heile landet, men var mest vanleg i kystbeltet frå Agder til Nordmøre og i Nordland og Troms.

Trygt, men trongt og utan rom for avvikande meiningar, konkluderte etnologistudenten Anne Katrine Larsen etter eit opphald på klyngetunet Frøysa på Sunnmøre i 1981. Trongt mellom husa var det òg på Osmundnes ved Hyenfjorden. Foto: Oddleiv Aspneseth / Skald

Trygt, men trongt og utan rom for avvikande meiningar, konkluderte etnologistudenten Anne Katrine Larsen etter eit opphald på klyngetunet Frøysa på Sunnmøre i 1981. Trongt mellom husa var det òg på Osmundnes ved Hyenfjorden. Foto: Oddleiv Aspneseth / Skald

Så seint som i 1883 var det rundt 30.000 bruk med teigdelt jord her til lands og truleg ein stad mellom 5.000 og 10.000 fellestun, anslår forfattar Eva Røyrane i den nye boka «Klyngetunet. Den norske landsbyen».

Eva Røyrane.
Foto: Jan M. Lillebø / Skald

– Dette var veldig utbreidd, og det er jo ikkje så lenge sidan alle desse tuna forsvann. Likevel er det ukjent for veldig mange, seier Røyrane.

Typisk nok har kystkulturen komme i skuggen av innlandskulturen, meiner ho.

– Det er den andre bonden vi har fått høyre om i historiebøkene – odelsbonden oppi dalane – mens klyngetunbonden med alle teigane og ein bråte med naboar, han har vi høyrt mindre om.

Les også: Å Vestland, Vestland

Femti bondelandsbyar

Saman med fotograf Oddleiv Apneseth har Røyrane funne fram til rundt femti norske bondelandsbyar som har overlevd og vorte ståande meir og mindre som i gamle dagar. Ideen fekk dei under arbeidet med løeboka «Norges låver» (2014), som òg gav oppspelet til boka «Av stein» (2017) om steinbygg på Vestlandet.

Dei mest intakte klyngetuna er i dag museum – Agatunet i Ullensvang, Mølstertunet på Voss og Havråtunet på Osterøy. Somme har framleis gardsdrift, mens andre tun gjer nytte som bustader og feriehus.

Agatunet i Ullensvang er saman med Havråtunet det best bevarte klyngetunet i Noreg. På garden, som i dag er museum, heldt ni bondefamiliartil fram til utskiftinga på trettitalet. Foto: Oddleiv Aspneseth / Skald

Agatunet i Ullensvang er saman med Havråtunet det best bevarte klyngetunet i Noreg. På garden, som i dag er museum, heldt ni bondefamiliartil fram til utskiftinga på trettitalet. Foto: Oddleiv Aspneseth / Skald

Dei største klyngetuna husa i si tid opptil 200 innbyggjarar og talde meir enn 100 hus. Rundt 1930 var Eggum på Vestvågøy i Lofoten heim for nærare 350 menneske, mange av dei jordlause leigetakarar. Av dei største på Vestlandet var Opedal i Hardanger. Der budde 14 bondefamiliar saman med kvart sitt bruk, hjelpte kvarandre i kvardagen og feira høgtidene saman.

Det er jo ikkje så lenge sidan alle desse tuna forsvann

Dei store klyngetuna på Lista var enda større og hadde fellesfunksjonar og tenestetilbod på linje med landsbyane lenger sør i Europa, skriv Røyrane i boka. Seks tun på Lista har i dag vakse saman til tettstaden Borlaug, mens klynga Vere i stordomstida hadde både postkontor, meieri, fleire butikkar og bakeri.

Fleire klyngetun hadde eiga kyrkje – mellom andre Loen i Nordfjord, Kvåle i Sogndal, Urnes i Sogn og Ænes i Kvinnherad – og seinare fekk mange klyngetun eigne skulehus, meieri, butikkar og kanskje ein skomakar.

Les også: Film skal få fart på folkedansen

Landsby eller ikkje?

Åtte bruk heldt til i den tette husklynga på Havrå på Osterøy i Nordhordland. Foto: Oddleiv Aspneseth / Skald

Men landsbyar som dei ute i den store verda har vi ikkje hatt i Noreg, har faghistorikarane meint. Ifølgje «Store norske leksikon» har det «ikke vært vanlig å bruke ordet landsby om norske forhold», og klyngetun har vore meir av eit unntak: “… selv om det vanligste var enkeltgårder, forekom også samlet bebyggelse, f.eks. i form av det sør- og vestlandske klyngetunet.»

– Det er ein diskusjon blant historikarane om det er rett å kalle desse fellestuna for landsbyar. Mange meiner at dei ikkje er det, og at dei europeiske landsbyane har eit anna opphav og ei heilt anna historie. Men andre meiner at det er full dekning for å samanlikne dei norske fellestuna med smålandsbyar i både Tyskland og England, seier Røyrane.

– Vi bruker no dette landsbyomgrepet og tenkjer at det uansett var ei form for landsbykultur som vart borte da desse tuna vart løyste opp.

Under bratta på Stadlandet ligg klyngetunet Indre Fure. Saman med folket på den veglause nabogarden Ytre Fure eigde folket her byjakta "Solida av Fure", som dei frakta tørrfisk og klippfisk med til Bergen. Dei to bøndene på Indre Fure eigde òg saman to fiskeskøyter. Foto: Oddleiv Aspneseth / Skald

Under bratta på Stadlandet ligg klyngetunet Indre Fure. Saman med folket på den veglause nabogarden Ytre Fure eigde folket her byjakta “Solida av Fure”, som dei frakta tørrfisk og klippfisk med til Bergen. Dei to bøndene på Indre Fure eigde òg saman to fiskeskøyter.
Foto: Oddleiv Aspneseth / Skald

Sjølv om det fanst klyngetun i alle fylke i landet, har dei vore mykje meir vanlege i kystområda enn i innlandet. Størst utbreiing ser dei ut til å ha hatt i dei fire vestlandsfylka og i Nordland, og det er òg her Røyrane og Apneseth har besøkt flest klyngetun.

Les også: Levande bygder i 70 år til

Kombinasjonsbruk

Fellestuna var vanlegare ved kysten fordi det der var mange andre måtar å skaffe seg levebrød på. Ikkje minst kombinerte mange jordbruk og fiske, forklarer Røyrane.

Oddleiv Apneseth Foto: Brit Aksnes / Skald

Oddleiv Apneseth
Foto: Brit Aksnes / Skald

– Det var eit mangesysleri i desse tuna som gjorde det mogleg å klare seg med berre litt jord. Veldig mange var fiskarbønder, somme dreiv med andre typar fangst, mange dreiv med båtbygging, somme var sjekteskipparar eller sjøfolk, og nokre av dei var handverkarar. Dei trong ikkje veldig mykje jord for å forsyne famlilien, seier Røyrane.

Austafjells har Røyrane og Apneseth funne fram til klyngetuna Kvarberg i Gudbrandsdalen og Øvre Egge på Hadeland, men reknar med å få høyre om fleire framover.

– Vi har konsentrert oss om kystbeltet vestanfjells og har ikkje søkt så djupt for å finne dei andre stader, men vi er klar over at dei finst her og der. Vi er førebudde på at det kan dukke opp tips om klyngetun andre plassar i landet. seier Røyrane.

Geiranger har fleire klyngetun, eitt av dei ligg høgt over fjorden ved Ørnevegen. Mølltunet vart freda i 2017. Foto: Oddleiv Aspneseth / Skald

Geiranger har fleire klyngetun, eitt av dei ligg høgt over fjorden ved Ørnevegen. Mølltunet vart freda i 2017. Foto: Oddleiv Aspneseth / Skald