Adrian Lorentsson (30) i Mental Helse Ungdom meiner menn må bli flinkare å setja ord på vanskelege kjensler.
mm

Framtida.no har gjennomført ei anonymisert, kvalitativ undersøking via datingappen Tinder, der 210 menn har vorte spurt om kva tid dei grein sist. Svarprosenten var på 23 prosent.

Tendensen var at sjølv om nokon var lettrørte og kunne ta til tårene av rørande tv-augneblikk, var det fleire som ikkje hadde grine på fleire år. Fleire fortalde også at dei ikkje hadde for vane å grine framfor andre.

Her kan du lese meir om funna og metoden.

Mannsrolle i endring

Seniorrådgjevar i Norsk Psykologforening, Anders Skuterud, meiner menn må få betre kontakt med eigne kjensler. Foto:Psykologiforeningen.

Seniorrådgjevar i Norsk Psykologforening, Anders Skuterud, meiner svarprosenten i seg sjølv er eit uttrykk for endra kjønnsroller.

– Det at så mange var villige til å ta stilling til det spørsmålet, seier noko i seg sjølv. For 30 år sidan hadde det nok vore fleire som hadde kvidd seg for å svara på noko slikt, seier Skuterud på telefon til Framtida.no.

Han meiner likevel det framleis føregår ei relativt ulik sosialisering av kvinner og menn, når det kjem til kjønnsroller og det å vise kjensler. Psykologen viser til forsking som tyder på at kvinner har fleire ord på kjenslene sine enn det menn har.

Det er framleis vanleg at menn har litt meir distanse til eigne kjensler enn det som er bra for dei

– Dette har nok samanheng med oppfatninga at «tøffe gutar grin ikkje», som fører til at ein del er meir distanserte til følelsane og ikkje evnar å setje ord på dei. Det hadde vore veldig spanande om du hadde funne 210 kvinner og spurt dei det same. Då ville eg gjette at du hadde fått litt fleire svar og litt meir grining.

Denne hypotesen vert støtta av ei samlestudie frå 2009. Forskarar ved German Society of Ophthalmology slo fast at medan kvinner gret i snitt 30 til 64 gongar årleg, tek menn til tårene mellom seks og 17 gongar årleg. Kvinner gret ikkje berre oftare, men også lenger enn menn.

Høyr den nederlandske psykologiprofessoren Ad Vingerhoets fortelje om grining her:

Grin meir enn sine fedrar

Funna i Framtida.no sin studie er små og langt frå representative, men ifølgje ein britisk studie omtalt i The Daily Mail grin dagens menn betydeleg meir enn sine fedrar. I studien med 2000 respondentar, fortalte fire av ti menn at dei hadde grine i løpet av det siste året.

I snitt gret dagens britiske mann 14 gongar framfor folk i løpet av eit livsløp, medan far hans berre tok til tårene offentleg fem gonger i løpet av livet.

Skuterud tykkjer utviklinga er positiv, men meiner menn anno 2018 framleis har eit forbetringspotensiale.

– Det er framleis vanleg at menn har litt meir distanse til eigne kjensler enn det som er bra for dei, seier Skuterud.

Han forklarar at dei risikerer å skjøne andre menneskje dårlegare. På generelt grunnlag forklarar han at menn gjerne vil ha ein meir saksmessig kommunikasjon enn kvinner. Dette kan vere ein fordel i enkelte samanhengar, men kan gje utfordringar når ein skal knyte relasjonar.

Skuterud skil mellom det han omtalar som den «sentimentale gråten» og skikkeleg hulking på grunn av sorg og krise.

Les innlegget frå Torkel Eikevik i NRK-programmet Jeg mot meg«Den sinte mannen er død»

Sentimental gråt versus hulking

Skuterud meiner ikkje det er eit mål i seg sjølv at kvinner eller menn skal grine mykje.

– Men det er ein forskjell på å kunne grine og å skulle grine. Det er ikkje alltid det passar å grine, så det å kunne ta seg saman kan vere kjempeviktig i gitte situasjonar. Men det er nyttig å ha gråt tilgjengeleg som utløp for kjensler, dersom situasjonen er såpass pressa eller ein har opplevd tap, forklarar psykologen.

Om ein ikkje får utløp for slike sterke kjensler kan det gi seg utløp i muskelsmerter, eller det kan utvikla seg til angst.   

– Mange menn med alkoholproblem har eigentleg kjenslefobi, noko som er eit ekstremt utfall av det. Det som òg kan skje er at ein vel å ta fram sinne framfor gråt. Ein del menn vert sinte om dei kjenner seg truga eller føler på svakheit.

– Når grein du sist?

– Det klarar eg ikkje heilt å hugse, og så handlar det litt om definisjonen av gråt. Eg har vorte så gamal og sentimental at eg renn litt over i klissete samanhengar. Det var nok på våren, eg vil tru det var i mai. Det var ein relativ banal samanheng, ein tv-film. Noko av det eg er svak for er ein «happy ending» med forsoningar som er uventa og sterke. Eg trur det var siste gongen.

Les innlegget frå forfattar Kristian Fjellanger: – Menn skal ha rett til å vere sårbare

Skamkjensle

Kommunikasjonsrådgjevar i Mental Helse Ungdom, Adrian Lorentsson, meiner mannsrolla har vore mindre i endring enn kvinnerolla.

For Lorentsson, som sjølv har fortalt ope om psykisk helse og sjølvmordsforsøk, er det ei stor kampsak at menn vert flinkare å snakka om vanskelege kjensler.

– Eg såg ein gong eitt klipp frå ein debatt i Australia, der dei sa at fram til 9-årsalderen så grin jenter og gutar like mykje. Så sluttar gutane å grine, seier Lorentsson.

Han trur ikkje nødvendigvis at respondentane i Framtida.no si undersøking gjev eit korrekt bilete av kor ofte menn grin.

For mange er det ekstremt smertefullt å overvinne skam

– Eg  trur det har mykje med skam å gjere. Frå mi eiga personlege erfaring så handlar det mykje om at ein ikkje er i stand til å halde seg til kjensler eller sette ord på eigne kjensler, seier Lorentsson.

Han har sjølv opplevd og erfart korleis dagens mannsrolle kan gå på den psykiske helsa laus, men har vore kritisk til det han oppfattar som ein ukritisk openheitskultur, der openheit vert eit image.

– Det er ikkje berre å vere open, så er ein ferdig. Det er så mykje meir nyansert, særleg for gutta. For mange er det ekstremt smertefullt å overvinne skam. Det vert å undervurdere smerten dei opplever.

Les også: Adrian Lorentsson får Tabuprisen 2017

Grin framfor kompisar

Medan Noreg har ein nullvisjon for tal trafikkdrepne i året, har me ikkje ein liknande visjon for å få ned sjølvmordsstatistikken. Kvart år er det mellom 500 og 600 sjølvmord i Noreg. Menn er i klart fleirtal. Difor meiner Lorentsson det er livsviktig at menn i større grad klarar å sette ord på kjenslene sine.

– Det kan vere det betyr å grine meir. Menn må våge å grine framfor andre og særleg framfor kompisar, for å vise at dette er vondt.

– Kva tid grein du sjølv sist?

– Det var … på fredag. Eg har fått meg ny jobb som gjer at eg flytter til Storbritannia i oktober. Det er ein veldig spanande jobb som eg vart headhunta til der eg skal reise rundt i verda og halde foredrag. Det vert veldig gøy, samstundes forlet eg heile mitt nettverk og alle venene mine. Det er ein emosjonell berg og dalbane.

Professor i nevrovitskap Sophie Scott forklarar kvifor me grin:

Oppdatert: måndag 10. september 2018 13.06

Kommentarar

ANNONSE