Thea Marie og Håkon Marius har 17 vassbøflar
På Ørken vannbøffelgård er det 17 vassbøflar, men usemje om dyra kan kategoriserast som storfe skapar problem for eigarane.

Er vassbøkkel storfe?
– Ja, seier Mattilsynet, Statsforvaltaren og Store norske leksikon. – Nei, meiner Landbruksdirektoratet.
– Får me ikkje tilskot, blir det nok ikkje bøflar her meir. Og då blir det korkje heimeslakt, mozzarella-produksjon eller gardsbutikk heller.
Thea Marie Haugerud (26) skjer ei oppgitt grimase medan ho blar seg gjennom dokumenta frå fleire offentlege instansar på telefonen. På jordet bak ho beitar 17 vassbøflar i irrgrønt gras. Men det som skulle bli eit nytt og innovativt bondeliv – slik både faglaga og styresmaktene har etterlyst – har i staden blitt ei utmattande papirmølle der byråkratane peikar på kvarandre, fortel ho.
Storfe, bøffel ..?
Det byrja bra, då Thea Marie og sambuaren Håkon Marius Burum i 2021 importerte vassbøflar frå Sverige for 50.000 kroner per dyr. Etter litt fram og attende med Mattilsynet, som først var skeptiske fordi dei meinte vassbøflar var eksotiske dyr og dermed ulovlege å importere, las tilsynet forskriftene om import av storfe grundigare. Der var ordlyden klokkeklar: «I denne forskrifta menes med Storfe: individer av storfe (Bos spp.), vannbøffel (Bubalus bubalus) og bison (Bison bison)», slik det også står presisert i ei meir utfyllande forskrift.
I 2022 og 2023 fekk dei tilskot for både storfe og ammekyr og trudde alt var greitt. Det var heilt til brevet frå Indre Østfold kommune kom i fjor. Kommunen hadde fått brev frå Landbruksdirektoratet, som påpeikte at vassbøffel ikkje er storfe og ville fjerne tilskotet.
Familie, underfamilie og art
Haugerud klaga, og fekk i februar medhald av Statsforvaltaren i Østfold, Buskerud, Oslo og Akershus. Men tilskotet hadde ikkje før kome inn på konto før det dukka opp eit nytt brev frå Landbruksdirektoratet. No meinte dei Statsforvaltaren hadde brukt feil lovtolking og kjente vedtaket derifrå ugyldig. I brevet la direktoratet også til at det berre er arten Bos taurus som kan få tilskot som ammekyr og anna storfe, utan å grunngje dette nærare.
Direktoratet skreiv i tillegg at dei vurderer å krevja tilskotet på 75.000 kroner betalt tilbake.
Der Thea Marie Haugerud peikar på at vassbøflar og storfe høyrer til same familie (Bovidae) og underfamilie (Bovinae), meiner direktoratet at definisjonane av dyreslag i jordbruksavtalen knyter seg til «art». Dei viser mellom anna til ulike tabellar i avtalen, der alle dei nemnde rasane er av arten bos taurus.
Staten inkonsekvent
– Me har sendt ei lang klage, der me viser til at vassbøffel er definert som storfe i alt frå Store norske leksikon til Mattilsynets forskrifter. Me oppfyller også alle krava til vanleg jordbruksproduksjon for storfe. Då me importerte dyra frå Sverige, vart dei utstyrt med svensk storfepass, og dei er òg registrert i storferegisteret her. Og Landbruksdirektoratet motseier jo ikkje dette, dei kjem berre med ei anna skjønnsmessig vurdering, seier Haugerud.
Ho meiner også at Landbruksdirektoratet er inkonsekvente:
– Me meiner jordbruksavtalen opnar for ei breiare tolking, ettersom det ikkje står spesifisert at det berre er dei tradisjonelle norske storferasane som kan få tilskot. Det blir til dømes gitt tilskot til Jak, som heller ikkje er av arten Bos taurus, men Bos grunniens, så grunngjevinga deira er ganske sjølvmotseiande.
– Eg kjenner meg litt motlaus. Eg vil ikkje bruka ordet maktmisbruk, men eg opplever at dei ser på oss som litt mindreverdige i måten dei kommuniserer på.
I avslaget understrekar Landbruksdirektoratet at det er opp til partane i jordbruksavtalen å endre på ordlyden om kva dyr som får tilskot.
Haugerud har difor også kontakta Norges Bondelag, utan at det har gjeve nytt håp:
– I det første brevet Landbruksdirektoratet skreiv til kommunen, oppmoda dei oss til å kontakte Bondelaget og kome med konkrete innspel om vassbøffel til jordbruksavtala. Det gjorde me tidleg, og allereie før me fekk det siste avslaget av Landbruksdirektoratet. Om innspelet vårt vart teke med i år, veit eg ikkje. Kanskje det tek mange år, eg anar ikkje – me har ikkje høyrt noko frå Bondelaget etterpå. Men det er jo ikkje sånn at storforbunda berre kjempar for tilskot til norske dyr ..? undrar ho.
Bondelaget: – Opp til staten
Leiar i Norges Bondelag, Bjørn Gimming, seier til Nynorsk pressekontor at han ikkje kan jussen godt nok til å ta side med korkje direktoratet eller vassbøffeleigarane i saka. Han understrekar likevel at jordbruksavtalen set heilt naudsynte rammer:
– Jordbruksavtalen er der for å nå dei landbrukspolitiske måla me er samde om; anten ved å fremje noko, eller ved å kompensere for marknadssvikt. Det er mykje positiv kreativitet der ute, men det er jo ikkje sikkert at nivået på dagens tilskot er tilpassa ein heilt ny type produksjon. Det er jo skilnad på produksjonen av sau og ku.
– Men det er ikkje like stor skilnad på vassbøffel og ei NRF-kyr?
– Det kan det vera, fordi bøndene opererer i ulike marknader. Og då er det ikkje sikkert at ei ku og ein vassbøffel er samanliknbart. Det er difor ei vurdering staten må ta.
Gimming seier innspelet frå sambuarparet til jordbruksavtalen no ligg hjå forvaltninga.
– Saka blir først behandla av forvaltninga når ho har gått alle rundane hjå Landbruksdirektoratet – og – dersom ein av partane løftar opp saka til arbeidet med neste års jordbruksavtale.
– Kan den parten vera Norges Bondelag?
– Det kan ikkje eg ta stilling til, det vil først skje etter ein prosess i organisasjonen.
– Kjempar Norges Bondelag like mykje for ordningar til bønder som driv med ikkje-tradisjonelle husdyr?
– Ja. Me heiar på kreativitet og mangfald og ei positiv utnytting av marknadsmoglegheitene, anten det er snakk om matproduksjon eller andre tilleggsnæringar.
Ørken gård deler innhald frå gardslivet med vassbøflar på Instagram:
… og staten står på sitt
Robert Rønning, kommunikasjonsdirektør i Landbruksdirektoratet, er gjort kjent med heile saka og skriv følgjande i ein e-post:
– Me har forståing for at resultatet kan opplevast strengt for enkeltprodusentar. I all hovudsak viser me til førehandsvarselet, der me har referert vurderinga vår av kva som er omfatta av jordbruksavtalen, som er grunnlaget for kva dyreslag som kan få tilskot og ikkje.
– Til sitatet om at det blir gjeve tilskot til jak, vil me notera at dette ikkje er i tråd kva me har kommunisert ut tidlegare. Det er ikkje Landbruksdirektoratet som behandlar enkeltsøknader om produksjonstilskot, og me kan derfor ikkje sjå bort frå at det har vorte utbetalt tilskot til jak. Men ved førespurnader, har me kommunisert ut at jak, til liks med vassbøffel, er ein annan art enn «storfe» og dermed ikkje kan få tilskot som mjølkekyr, ammekyr eller anna storfe.