Noregs Mållag stiller krav til regjeringsforhandlingane

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er krava vi vil måle den nye regjeringa på. Mållaget forventar at regjeringa vil styrken nynorsken i skulen og elles i samfunnet, seier nestleiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge.

Nestleiaren har nyleg vore i møte med Tore Storehaug frå KrF om kva krav Mållaget vil stille, om Storehaug sitt parti no går inn i regjering med Høgre, Framstegspartiet og Venstre.

KrF kan gje nynorskløft

Lofnes Hauge meiner Storehaug er ein viktig politikar for nynorsken, og håpar dette også vil skine igjennom når forhandlingane tek til.

– Venstre gjorde ein god jobb for nynorsken på Jeløya, men eg forventar sjølvsagt endå betre nynorskpolitikk når også KrF no skal sitte rundt bordet, seier Lofnes Hauge, som sjølv er venstremann med jobb som politisk rådgjevar for byråd Erlend Horn (V) i Bergen.

KrF har allereie gått inn for å styrke nynorsktilbodet for barn og unge. I sitt alternative forslag til statsbudsjett for 2019 vil dei løyve 1,2 millionar kroner til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).

I eit presseskriv frå Noregs Mållag listar organisasjonen opp fem hovudkrav til den borgarlege fløya i ei komande regjering.

1. Regjeringa må sikre gode vilkår for bokmål og nynorsk

Mållaget håpar ei eventuell regjeringserklæring vert inspirert av den same ordlyden som per no er å finne i KrF sitt partiprogram, og «vil verne og styrkje norsk språk generelt og nynorsk skriftkultur spesielt».

Endå organisasjonen meiner det er behov for ein offensiv språkpolitikk som styrkjer begge skriftspråka, så understreker den at det vil vere viktig at regjeringa anerkjenner at nynorsken treng ekstra trygging og like gode bruks- og opplæringsvilkår som bokmålet.

Les også: – Om vi skrur av språket, kva er att?

2. Sidemålsordninga skal styrkast og innførast tidlegare

Om Noregs Mållag får innfridd krava sine, så vil sidemålsordninga komme styrka ut. Organisasjonen ynskjer at sidemålsopplæringa skal ta til på mellomtrinnet for å sikre at elevane får den kompetansen dei treng og hindre at fordommar veks til dårlege haldningar til sidemål.

Samstundes ynskjer dei at halvårskarakter i både hovud- og sidemål skal halde fram gjennom både ungdomsskule og vidaregåande skule. Dette er i strid med framlegget til ny læreplan i norsk, som vil slå saman halvårskarakteren.

I vidaregåande skule skal sidemålet ha ein eigen standpunktkarakter og ein avsluttande eksamen. 

Les også: Mållaget kritisk til vurderingsordninga i ny læreplan i norsk

3. Språkdelte ungdomsskular

Både Noregs Mållag og Norsk Målungdom var lite fornøgde med at det forslaget til statsbudsjett for 2019 utsette spørsmålet om rett til undervisning på eige skriftspråk også i ungdomsskulen. I dag opphøyrer denne retten når elevane går ut av barneskulen.

Målet er å hindre at nynorskelevar vert pressa til å skifte over til bokmål når klassane ikkje lenger er språkdelte.

Mållaget krev difor at ei eventuell ny borgarleg regjering tek grep og innfører språkdelte ungdomsskular allereie hausten 2019.

Les også: Meiner det hastar å sikre nynorskundervisning i ungdomsskolen

4. Nynorsken må sikrast i digitale klasserom

Endå opplæringslova slår fast at nynorskelevar har rett på å få både trykte og digitale læremiddel på skriftspråket sitt, så heng verken skuleeigarar eller produsentar med i utviklinga. 4 av 5 lærarar slit med å finne digitale læremiddel på nynorsk.

Nok er nok, seier Mållaget, og krev at smetthola i opplæringslova må tettast. Det tyder at læremiddelprodusentar ikkje lenger må få mogelegheita til å argumentere med at læremiddelet ikkje er i regelmessig bruk.

Les også: Vil sikre retten til nynorske digitale læremiddel

5. Nynorsk for nye norske

Endeleg krev Noregs Mållag at læremiddel for vaksne innvandrarar må kome inn under opplæringslova. Desse lyt då kome til same tid og til same pris på både bokmål og nynorsk.

Les også: Vil ha meir dialekt i norskopplæringa