Vil ha meir dialekt i norskopplæringa

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Deltakarar på norskkurs blir frustrerte over at språket dei lærer er annleis enn det dei møter i kvardagen. Norsk er jo ikkje berre ein ting, men mykje forskjellig, seier førsteamanuensis i norsk ved Høgskulen på Vestlandet, Eldar Heide.

I Noreg er det stor språkleg variasjon, og både politikarar og kongelege snakkar dialekt. Dette er ganske unikt. I dei fleste andre land vi likar å samanlikne oss med, er det nemleg vanleg med eitt offisielt standardspråk. I Noreg har vi to skriftspråk, i tillegg til alle dei munnlege variantane.

– Det er ganske openbert at det blir tyngre å lære eit språk dersom det ein lærer i timane i liten grad kan brukast i lokalsamfunnet der ein bur, seier Heide.

LES OGSÅ: Kjem til biblioteka for å læra norsk

Språkleg handikap

Språkforskaren har studert dei mest brukte lærebøkene i norskopplæringa, for å finne ut kva hjelp dei aspirerande norskbrukarane får på vegen når det gjeld dialektar og språkmangfald i Noreg. Svaret på dette spørsmålet kan verke som eit paradoks.

– Dialekter er via svært liten plass i faglitteraturen eg har undersøkt. Dette kan gi deltakarane i norskopplæringa eit handikap i språklæringa, seier han.

Heide meiner det er viktig at innvandrarar blir eksponert for språket slik det faktisk er. Slik situasjonen er i dag, vil ein deltakar i norskopplæringa fort kunne stå på bar bakke i sitt nye lokalsamfunn, fordi han eller ho ikkje får hjelp med det lokale talemålet.

– For å klare seg i dagleglivet i Noreg, er ein avhengig av å forstå ulike dialekter. Då er det avgjerande at deltakarane i norskopplæringa får hjelp med fleire variantar av språket, seier Heide.

LES OGSÅ: Fem integreringstiltak som fungerer

Dialekt er viktig for integrering

Eit viktig mål med norskopplæringa er integrering. Heide meiner det nettopp difor blir bakvendt at dialekt får så liten plass i språkopplæringa.

– Forsking har vist at det vert oppfatta positivt av nordmenn når innvandrarar snakkar dialekt, og dermed kan det lette integreringa, seier han.

I ei undersøking av språkhaldningar i Oppdal svarte dei innfødde informantane at innvandrarar som snakka dialekt, vart oppfatta positivt. Ei anna undersøking frå Vinje viste at dialekt ikkje berre vart oppfatta positivt i lokalmiljøet, men òg andre stader, som til dømes på jobbintervju.

– Det å snakke dialekt vert sett på som truverdig, og at ein markerer avstand til dei som ikkje ønsker å integrere seg, seier Heide.

LES OGSÅ: – Alle nordmenn snakkar eit anna språk enn det vi studerer

Bakvendt opplæring

Ifølgje språkforskaren er det ein utbreidd praksis blant lærarar i norskopplæringa å snakke ein slags bokmålsnær standard. I tillegg er dei fleste lydprøvane som vert brukt i undervisninga snakka inn på standardisert austlandsk.

– Eg kjenner til nokre lærarar som snakkar lokal dialekt i undervisninga, men dei fleste unngår dette til fordel for ein bokmålsnær variant, særleg til å begynne med, seier han.

HVL-forskaren peikar på at det er brei einigheit om at språk bør øvast inn i autentiske situasjonar, men at dette i liten grad vert spegla av i norskopplæringa.

– Det er litt merkeleg at opplæringa legg så stor vekt på standardisert norsk, når det ofte ikkje er det innlærarane møter i dei autentiske situasjonane, seier han.

Store forskjellar

Eldar Heide etterlyser no større breidde i norskopplæringa, og meiner dette kan bidra til at nye norskbrukarar blir raskare i stand til å kommunisere på norsk, og dermed òg blir betre integrerte.

– Det er viktig å ta for seg kva ting heiter på den lokale dialekta frå starten av, og korleis dette skil seg frå det normerte språket, seier han.

Han meiner at kompetansemåla i læreplanane om dialekt og språkleg mangfald treng å gjenspeglast mykje tydelegare i læreverka som blir nytta i norskopplæringa, og ikkje gøymast bort som valfrie delar i undervisningsopplegget.

Saka blei publisert på HVL.no først.