Rekordmange unge veit ikkje kva dei vil bli

Ei ny undersøking viser at halvparten av 15-åringane i Noreg er usikre på kva dei vil bli i framtida. Det kan få konsekvensar for framtidig arbeidsliv.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Dette er nesten ei dobling samanlikna med for ti år sidan, seier Ingjerd Espolin Gaarder i ei pressemelding.

Ho er leiar for avdelinga for kvalitet i karriererettleiing i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir).

Lågt presterande elevar og elevar frå ressurssterke heimar er mest i tvil om kva dei vil bli.

– Dette utfordrar førestillinga om at det berre er elevar med svake føresetnader som treng støtte i karriereutvikling, seier Espolin Gaarder.

Forsking viser at elevar som ikkje har byrja å tenkje på karriereval i 15-årsalderen, har større risiko for å få lågare inntekt. Dei står også oftare utan jobb i starten av vaksenlivet.

– Det handlar ikkje om at ungdom skal velje éin veg for resten av livet, men at dei utviklar refleksjonar og forståing for samanhengen mellom skule, utdanning og arbeid, seier Espolin Gaarder.