Jobbhuset skal gi ein «kickstart» ut i arbeidslivet
Fokus på kosthald, psykisk helse, oppmøte og arbeidspraksis, skal hjelpe unge jobbsøkarar med meir enn søknadsskriving. – Det er lettare når ein får heile pakka, seier ein av deltakarane.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg er her fordi eg har lyst å ha noko å gjere. Eg er lei av å sitte heime, seier Sofia Gouissem (19) til Framtida.no.
Saman med Christoffer (18) og Tonje (24) sit ho rundt eit bord og skriv ned ønska sine både for dei neste åtte vekene, og for framtida som student og arbeidstakar. «Få fast jobb, bli økonomisk uavhengig, få skoleplass, få lærlingeplass», er nokre av stikkorda dei har skrive ned.
Dei er einige om at det ikkje alltid er så lett å søke jobb på eiga hand.
– Det er så mykje ein må passe på. Du må gi eit bra inntrykk, vere energisk og imøtekommande. Det er ikkje like lett for alle, seier Tonje.
I naboromma sit fleire andre grupper med ungdommar og gjer det same. Dei diskuterer kva dei vil bruke dei neste vekene på og kva dei ønsker å jobbe med og få ut av livet sitt.
Les også: Ingeborg (16) mista motivasjonen på skolen. Så møtte ho nokon som forandra alt
Har falle ut av skole eller jobb
Det er første dag i eit åtte vekers program på «Jobbhuset» på Steinkjer. Felles for ungdommane er at dei har registrert seg som arbeidssøkarar hos Nav, og at dei anten ønskar å komme ut i jobb eller komme vidare med utdanninga si.
Dei fleste deltakarane er rundt tjue år. Nokre har falle ut av skole eller jobb. Nokre har gjennomført to år på vidaregåande og manglar lærlingeplass for å fullføre, nokre manglar fag, mens andre er ferdige med vidaregåande, men har vanskar med å skaffe jobb.
Sjølv om kurset er i regi av Nav, held dei til i eit eige lokale, eit kvitt freda trehus som ein gong har vore oberstbustad. Når det ikkje er jobbkurs, er huset eit galleri for biletkunstutstillingar.
Les også: 86 000 unge står utanfor både arbeid og utdanning
Jobbkurs med arbeidstrening
Kurset har ein litt annan vri enn eit vanleg jobbkurs. I tillegg til å skrive søknadar og CVar, så inneheld kurset også arbeidstrening og føredrag om tema som kosthald, psykisk helse og økonomi.
– Vi tilbyr arbeidstrening iløpet av dei åtte vekene. Først har vi to veker med teori, og etter det er det arbeidstrening, seier Nina Torgersen.
Ho er rettleiar frå Nav, og saman med Trond Hoseth Svendsen og fleire kollegaar, skal ho følge ungdommane dei neste åtte vekene.
– Målet er å få dei vidare i aktivitet, seier Hoseth Svendsen.
Steinkjerhallen er samarbeidspartnar med Jobbhuset, og tilbyr jobb for alle deltakarane dei seks vekene dei skal ha arbeidspraksis.
– Vi byrjar der med å øve på oppmøte, å lære spelereglane i det ordinære arbeidslivet. Mange som er her som slit med oppmøte, forklarer Torgersen.
Les også: Raud Ungdom-leiar Linn-Elise Øhn Mehlen (26) var ein «dropout»
Gode resultat
Jobbhuset på Steinkjer starta opp i 2016. Den gongen var dei inspirert av jobbhuset i Trondheim, som starta eit liknande tilbod i 2013, med gode resultat.
I januar i fjor viste resultata at 26 av 28 deltakarar hadde komme seg ut i jobb eller skole igjen. Det var så imponerande at arbeidsminister Anniken Hauglie kom for å hente inspirasjon.
– Vi er godt nøgde med jobbhuset. Vi får kartlagt ungdommane godt, og blir målretta med vidare plan og tiltak. Det gir ein god overgang til jobb, utdanning og praksis eller lønnstilskot og arbeidssøkarar i aktivitet som skal føre til jobb på sikt, skriv May Beate Haugan, leiar ved NAV Inn-Trøndelag i ein e-post til Framtida.no.
Ho fortel òg at mange av dei som har helseutfordringar òg er i ein aktivitet parallelt med eventuell behandling.
Ein nøkkel å bli godt kjent
– Det viktigaste vi gjer er å kartlegge kva ønsker og mål deltakarane har. Om dei ønsker å starte på vidaregåande eller anna type skole, fortsette utdanninga si eller komme seg ut i jobb, seier Torgersen.
Dei blir godt kjente på dei vekene kurset varer.
– Det vi ser som er fordelen, er at vi er saman med dei i to veker først, og så er vi i lag med dei i hallen òg. Så vi blir godt kjente. Difor treffer vi kanskje betre når dei skal ut i vidare aktivitet, seier Trond Hoseth Svendsen.
Tonje (24) er ferdig med barne- og ungdomsarbeid på vidaregåande, og har jobba fleire stader tidlegare. Men no er ho jobbsøkar, og ser fram mot kurset.
– Her kan vi lære, prøve noko nytt, få eit spark bak. Vere ein plass der ein blir tvinga til å vere sosial og blir kjent med folk, i staden for å sitte og tenke at eg skulle ha kome meg ut. Det er lettare når ein får heile pakka. Det blir ein kickstart, seier ho.
Les også: Fleire fryktar robotar vil ta jobben