Raud Ungdom-leiar Linn-Elise Øhn Mehlen (26) var ein «dropout»

Beate Haugtrø
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Raud Ungdom-leiaren var ein «dropout» – no har ho fullført vgs

– Eg vart veldig veldig glad. Det var skummelt å skulle opne den siste karakteren. Det kjentest veldig bra, seier Raud Ungdom-leiar Linn-Elise Øhn Mehlen (26).

Ho har akkurat fullført vidaregåande i ein alder av 26, og beskriv det som om det fall på plass.

– Eg ville bevise for meg sjølv at eg kunne, og det opnar fleire dører, seier ho.

Sjuk og skolelei

Da ho gjekk i andre klasse på vidaregåande vart ho sjuk over ein lengre periode. Den vinteren klarte ho ikkje å ta alle eksamenane. Hausten etter skulle ho ta opp faga ho hadde mista.

Men ei blanding av keisemd fordi ho hadde hatt faga før, og det at ho var skolelei, gjorde at ho slutta på skolen og byrja å jobbe på privatistavdelinga på Akademiet før skolehausten var omme. Samtidig byrja ho å jobbe som regionssekretær i Raudt.

– Det kjentest  meir meiningsfylt å byrje å jobbe. Eg likte det utruleg godt, og det var fint å sjå at det gjekk an å ha ein god jobb også utan vidaregåande skole, seier Mehlen.

Mange kjenner seg mislykka

Fordi ho sjølv har droppa ut av skolen, er ho opptatt av kva signalar samfunnet gir til dei som ikkje fullfører vidaregåande.

– Eg har snakka med fleire som kjenner seg mislykka fordi samfunnet fortel dei at dei er det. Sjølv om dei i utgangspunktet jobbar og opplever at dei klarer seg godt, seier ho.

Ho har stor forståing for at unge går lei av å prøve seg på eksamen når det mislykkast fleire gonger.

Då Linn-Elise sto på eksamen, kunne ho ikkje lengre bruke sitt favoritt-slagord:

https://www.facebook.com/linnemehlen/posts/10215626167626979?pnref=story

Einsidig negativt fokus

Mehren meiner at media har eit einsidig fokus på at det går dårleg med folk som droppar ut av vidaregåande. Ho presiserer at mange av dei som sluttar på skolen byrjer å jobbe, og at det ikkje er ei sjølvfølge å havne på NAV når ein droppar ut av skolen.

Ho er òg opptatt av at Noreg har ein kortare tidsmargin for å registrere fråfall enn ein del andre land, noko som gjer statistikken høgare. Ho viser til ein kronikk skrive av forskar Kristoffer Chelsom Vogt: Falsk alarm om fråfall.

Krav til formell kompetanse

Men ho ser òg at samfunnet stiller stadig høgare krav til formell kompetanse i arbeidslivet. Sjølv har ho jobba heile vegen, men  har fleire gonger opplevd at det er vanskelegare å få seg jobb dersom ein manglar nokre fag.

– Kjensla av å vere mislykka forsterkast veldig fordi det ofte blir satt krav til høgare utdanning. Det kan vere praktisk for arbeidsgivar når dei skal sortere søknadsbunken, men ein søkar utan ei universitetsgrad kan vere vel så egna i mange tilfelle, seier ho.

Og sjølv har ho kjent på at det er kjipt å vite at ho kunne gjort ein god jobb og er kvalifisert, men at ho ikkje får moglegheita til å prøve fordi utlysinga krev ein bachelor.

– Det er irriterande. Ein veit at ein ikkje eingong får ein sjans, seier Mehlen.

Har møtt mange fordommar

Fram til sist haust har ho vore den einaste ungdomspartileiaren utan vidaregåande. Alle dei andre hadde allereie studert eller gjekk på universitetet. I haust tilsette Grøn Ungdom ein leiar utan vidaregåande. I åra utan studiekompetanse har ho møtt ein del fordommar blant vener og jamnaldringar.

– Eg har opplevd å stå i diskusjonar der den andre seier «eg har studert det, dette kan du ikkje noko om».

Men noko av det ho liker aller best er å argumentere og krangle.

– Så eg tar det ok, og prøver å fortelle at den andre kan ta feil, seier ho.

Snart ferdig i Raud Ungdom

Om tre månader er tida som leiar i Raud Ungdom over. Då står framtida open.

– Kva er planen vidare no?

– Eg veit ikkje kva eg vil enno. Mamma er veldig opptatt av det same, smiler ho.

– Eg har sett ein del på jobbutlysingar. Mykje krev formell kompetanse. Eg er ikkje heilt framand for å studere, men no har eg òg klart meg i mange år utan, så vi får sjå, seier ho.