Fleire skular på venteliste for å delta i nynorsk leseaksjon
Leseaksjonen Tid for ti held fram med opplagsauken.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Tid for ti når stadig nye høgder. Opplaget har auka jamt og trutt sidan starten i 2015, seier prosjektleiar for aksjonen i Foreningen !les, Ole Ivar Burås Storø, i ei pressemeding.
– Vi starta med 15 000, var i fjor innom 20 000, og no er vi oppe i 25 000. Det er påmelde skular frå heile Noreg!
Les også: Rekordopplag for nynorsk leseaksjon: – Heilt vilt
Skular står i kø
Tid for ti er ein gratis og nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn. Skulane som melder seg på får tilsendt ein antologi som består av tekstutdrag frå ti gode bøker på nynorsk.
Aksjonen er allereie fullteikna.
– Fleire skular står på venteliste, og vi skulle gjerne også gitt tilbodet til bibliotek. Men tekstutdrag, lydfiler, konkurransar og lærarrettleiing vil også vere tilgjengeleg på nettsida, påpeikar Burås Storø.
Dei ti bøkene som får plass hjå Tid for ti i 2019 er:
- Den tolvte spelaren av Tor Arve Røssland
- Snillionen av Arnfinn Kolerud
- Klure av Atle Hansen
- Jojo av Ida Eva Neverdahl
- 1000 dagar av Inger Johanne Sæterbakk
- Smadra av Brynjulf Jung Tjønn
- Eg er eg er eg er av Ruth Lillegraven
- Den norske slavehandelen av Anders Totland, Gyldendal 2018
- Jag är Supermann av Lars Mæhle
- Galderstjerna av Asbjørn Rydland
Kor mykje kan du eigentleg om den norske slavehandelen? Test kunnskapen din her!